Den evinnelige kosen


Alle er samde i at året har flest kvardagar. Det er mange kvardagar på eit år. Når ein jobbar med livsstilsendringar er det viktig med gode rutinar og vanar, og dette kan kvardagane hjelpe til med. Det er kvardag måndag til fredag, dvs. 5 dagar i veka.
På eit heilt år vil dette seie 5x52=260 kvardagar. Dette er mange dagar med rutinar, kvardagsmat, faste avtalar og tidsfristar som må overhaldast. Dagar som kan vere både hektiske og kaotiske. Dagar der vi, sjølv om vi er med på å bestemme kva dagane skal innehalde, kjenner oss slitne og trøytte. Derfor er det viktig at vi kosar oss når det skjer noko spesielt, er festdag eller heilagdag. Det er jo viktig å kose seg.
Vi må nytte dei situasjonane som er til å kose oss, for det er jo så mange kvardagar elles i året. Kos er det jo berre når det er noko spesielt. Dette kan vere: jul, påske, bursdagar, semesteravslutning på skulen, laurdagar, vinterferien, 17. mai, fredagar, sommarferien, semesteravslutning på ulike fritidsaktivitetar, søndagar, sommarferien, når vi er på besøk hos besteforeldre, haustferien, semesteravslutning på SFO, pinse, luciadagen, fastelavnens, Halloween, osb.
Kor mange kvardagar sit vi igjen med då? I alle fall ikkje 260. Og kven er det eigentleg som avgjer når vi skal kose oss og kva som er kos?
Kan vi kose oss med ein kjekk aktivitet vi kan gjere saman? Må det alltid vere kake, snop, snacks eller anna usunnmat? Vi er i alle fall ikkje aleine om å avgjere dette. Mange andre er med på å ta avgjerder både for oss og for barna våre. For det er ikkje lett å seie nei når ein blir invitert eller når godsakene først står på bordet.

Det er ikkje lett for dei vaksne, og det er truleg endå vanskelegare for barna.                                        
Kos
Det ER viktig å kose seg! Men det er også viktig å tenke over kor ofte ein kosar seg og kva ein kosar seg med. Korleis kan ein som forelder hjelpe barna sine med å redusere mengda med «kosemat»? Kan vi seie nei til noko? Kan vi snakke med barnehagen, skule eller SFO? Kan vi lage reglar for vår eigen familie? Eller kan vi vere med på gjere endringar på arenaer der vi sjølv er deltakande?
Vi må vere kreative og kanskje tole og gjere oss litt upopulære, men det er ein viktig kamp for vår eiga helse og for folkehelsa. Husk at det skal vere mange fleire kvardagar enn fest- og kosedagar på eit år, og at kvardagar også skal vere kjekke dagar.
Kos

Sentralbord 51 50 70 90

Varsle om feil

Smartbyen Stavanger

Stavanger kommune, Øvre Kleivegate 15, postboks 8001, 4068 Stavanger,
Org.nr: 964 965 226

Tlf: +47 51 50 70 90

Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonssjef Marianne Jørgensen

Nettredaktør: Tone Gaard
Nyhetsredaktør: Thomas Bore Olsen