Nettverk for næring og berekraft
Nettverk for næring og berekraft er møteplassen for deg som til daglig jobbar med berekraftsutfordringar og som ønsker å gjere en forskjell.
Med utspring i Mission Cities prosjektet, og saman med Universitet i Stavanger (UiS) har Stavanger kommune starta Nettverk for næring og berekraft.
Kvifor gjer vi dette?
💬Vi ynskjer å skape ein møteplass for berekraftsarbeidarar, og dette ynskjer vi skal være starten på ein bevegelse. Og vi har plass til fleire. Scroll ned på sida, der finn du kontaktinformasjon til Even, Frida og Anna.
💡Som offentlege institusjonar er vi ikkje-kommersielle aktørar, og er derfor ein ideell fasilitator.
🌱Auke kompetansen og dele erfaringar. Berekraftsarbeidet er komplekst og altomfattande, og ikkje minst i endring på grunn av nye lovkrav og reguleringar. Derfor er dette eit ideelt tema som ein kan ha løypande diskusjon på.
🎯Fokus på her-og-no problematikk og løysingar: nettverket skal fokusere på utfordringar som eksistera i dag og løysingar og verktøy som ein kan nytte seg av i dag. Dette er eit nettverk som har fokus på berekraftsarbeidet som det ser ut her og no.
🤝Samarbeid: berekraftsarbeidet er noko som er felles for alle selskap, og måla er dei same, og her tapar ein ingenting på å samarbeide. Samarbeid er også eit av FN sine berekraftsmål, og dette er noko vi ynskjer å støtte opp om. Stavanger kommune har også som mål i bli klimanøytral innan 2030, og då er samarbeid utslagsgivande.
🙋Deltakarstyrt: det skal være deltakarane som bestemmer tematikken og fokusområda. Vi ser på deltakarane som medarrangørar og som essensielle for å få verdifulle samlingar.
Samlingar i 2024
15. februar: Innspelsmøte dei største barrierane for berekraftsarbeidet og utsleppskutt, og kva deltakarane ynskjer å få ut av eit nettverk?
Vertskap: Stavanger kommune og UiS
15. mars: Energimerking, energieffektivisering av bygg, realistiske og urealistiske krav til bygg og berekraftige val knytt til oppgradering, restaurering og nybygg.
Vertskap: Faber Bygg
31. mai: Intern kommunikasjon og berekraftskultur – kva skal til for at berekraft blir like sentralt i bedriftskulturen som HMS er i dag?
Vertskap: Basegruppen
6. september: Bærekraftig ressurshandtering og forretningsmodeller. Hvordan kan vi utvikle sirkulære verdikjeder? Hva skal til for å øke bedrifters grad av gjenbruk, og hvilke virkemidler er tilgjenglige for å skape en bærekraftig ressurshandtering
Vertskap: IVAR IKS
1. november: Bærekraftige investeringer: Erfaringer fra beslutningsprossesar og gjennomføring. Korleius får ein gjennomslag for berekraftsinvesteringar? Kva avgjer timingen? Kvar ligg risikoen med å være for tidleg eller for sein? Kva skal til for å ha suksess?
Vertskap: Rødne