Earth Hour 2022. Foto: wwf.no

Me sløkkjer lysa og markerer Earth Hour

Laurdag 25. mars blir Earth Hour markert over heile verda. Stavanger kommune oppmodar innbyggjarane til å sløkkja alle elektriske lys mellom klokka 20.30 og 21.30 og gjera noko positivt for seg sjølv og jorda vår.
Publisert : 27.03.2023

Over heile verda blir Earth Hour markert laurdag 25. mars. I Stavanger blir Vålandstårnet, Valbergstårnet og vasstårnet på Buøy mørklagt.

Heile verda er med

Meir enn 190 land og millionar av menneske verda over deltek og sløkkjer lyset for å visa at me menneske står saman mot klimaendringane. Earth Hour har spreidd seg frå ei enkelt markering i Sydney i 2007 til ei global rørsle for natur og miljø. Målet er å sikra merksemd om vår tids store utfordringar og at det hastar å løysa dei. Earth Hour har vorte markert i Stavanger sidan 2009. I 2023 trapper Verdas naturfond (WWF) opp innsatsen og ønskjer at så mange som mogleg ikkje berre sløkkjer lys, men også koplar av og tek ein pause frå kvardagslege gjeremål og bruker 60 minutt på å gjera noko positivt for naturen og oss sjølv.

– Earth Hour skal minna oss om samanhengen mellom klimautfordringane og vårt eige forbruk. Stavanger kommune arbeider for å redusera vårt eige klimafotavtrykk, og me ser på Earth Hour som ein god måte å visa engasjementet vårt på, seier Torunn Møllerhaug Tysvær i klima- og miljøavdelinga til kommunen.

Den viktigaste timen for jorda

I år er «Den viktigaste timen for jorda» tittelen på årets kampanje. Den offisielle Earth Hour videoen oppmodar oss alle til å bruka ein time for vår felles jord.

WWF skriv på nettsida si: 

«Naturen forsvinn i eit alarmerande tempo verda over, mykje på grunn av måten me bruker han på. Me får i aukande grad kjenna på konsekvensane av desse menneskeskapte handlingane: pandemi, naturkatastrofar og klimakrise, for å nemna noko. Det er tydelegare enn nokon gong at det me gjer mot planeten, gjer me også mot oss sjølv. Dei neste sju åra er kritiske for framtida vår. For å unngå at jordkloden får uopprettelege skadar må me sørgja for at den globale oppvarminga held seg under 1,5 grader. Me må dessutan reversera naturtapet innan 2030, slik at me kan gå inn i eit nytt hundreår med meir, og ikkje mindre, natur enn det me har i dag. For at me skal klara dette må individ, samfunn, næringsliv og regjeringar trappa opp innsatsen for å verna og bevara vårt einaste heim – jordkloden vår.»

Stavanger kommune håpar at mange lèt seg engasjera til ein ekstra innsats på laurdag. Bruk kveldstimen laurdag 25. mars til å kopla av og bruker 60 minutt på å gjera noko positivt for naturen og deg sjølv.

Gå inn på nettsida for Verdas naturfond for å lesa meir om kva som skjer.

Relevante artikler