Kva skjer i 2022

Det vil i løpet av året vere mange arrangement, både små og store. Frivillige lag og organisasjonar blir oppmoda til å markere året, og til å gjere litt ekstra ut av dei vanlege aktivitetane dei har. Det vil i tillegg vere nokre store signalarrangement i løpet av året.
Publisert : 01.10.2021

Åpning av Frivillighetens år 2022 

5. desember 2021 er det kick-off for det kommande året. Markering av frivillighetens dag og utdeling av prisen "årets frivillig". 

Alle som driv med frivillig arbeid i Stavanger kommune vart invitert til ei gratis festframsyning med Gilberdal.
Varaordførar delte ut prisen Årets frivillig 2021 som gjekk til ekteparet Jorunn og Svein Nordbøe  for sin innsats med å skapa gode og sosiale fellesskap på Skipper Worse.

 

Sykkelturen - "Leve heile livet"

Turen vert arrangert av frivilligheit, og strekkjer seg frå Nordkapp til Arendal i perioden 21.mai 2022 til 15. august 2022. Rogaland si veka er frå 30. juni til 6. juli, og Stavanger har fått tildelt 2. og 3. juli. 3. juli deler me med Randaberg, så den dagen vert det ein etappe gjennom to kommunar.
 
Les meir
 
 

Frivilligbørs

Dette er eit internasjonalt konsept som legg til rette for meir og betre samarbeid på tvers. Hensikta er å skape ein møteplass for lokale bedrifter, frivillige organisasjonar og offentlege verksemder for å utveksle ønske og idear til samarbeid. I løpet av eit par timar blir det skapt nye moglegheiter, lokale nettverk og konkrete samarbeidsavtalar.  
 
Det er ikkje kjøp og sal av tenester på ein frivilligbørs, men deltakarane deler på ressursar som kloke hovud, nyttige never, varme hjarte, gode samband, materiell, husrom og mykje meir.  
 
Les meir 
 

Avslutning av Frivillighetens år 2022

5. desember 2022 rundar me av Frivillighetens år 2022, og har ei markering av frivillighetens dag med utdeling av prisen ‘årets frivillig'. Eit blikk tilbake på året som er gått.
 
Meir informasjon kjem.

Relevante artikler