1. Medvirkning
  2. Nyhetsutlisting
  3. Plan for visuell kunst
Illustrasjonsbilde til Plan for visuell kunst

Plan for visuell kunst

No får Stavanger kommune ein eigen temaplan for det visuelle kunstfeltet. Planen var på høyring til 16. april 2023.
Publisert : 24.03.2023

- Me er stolte av at Stavanger kommune får eigen temaplan for det visuelle kunstfeltet. Dette er unikt i norsk samanheng, og me har tru på at dette både vil betra arbeidsvilkåra for kunstnarane og gi fleire kunstopplevingar til innbyggjarane, seier kultursjef Kristina Ehrenberg-Rasmussen.

Kort fortalt er formålet med Plan for visuell kunst 2023 – 2027 å gi oversikt over utfordringane i det visuelle kunstfeltet og prioritera tiltak for å utvikla kunstbyen Stavanger. Planen har blitt utarbeidd i samarbeid med det visuelle kunstfeltet i Stavanger og visar til utfordringer, mål og tiltak for planperioden.

Vil du vita meir om kva Plan for visuell kunst er for noko? Få innblikk i arbeidet på nettsida til Plan for visuell kunst.

Du kan gi innspel på alt i planen, men me ønskjer særleg innspel på: 

  • Er oppsummeringa av utfordringane for det visuelle feltet i Stavanger dekkande? 
  • Bidreg tiltaka til å løysa utfordringar og styrka kunstbyen Stavanger i perioden 2023 - 2027? 
  • Er gatekunst tilstrekkeleg ivaretatt i planen? Kva tiltak saknar du? 

Alle innspill blir vurdert før planen blir ferdigstilt.

Send innspill til postmottak.ios@​stavanger.kommune.no og merk e-posten med høringsinnspill plan for visuell kunst 2023-2027 sak 23/0801.

Endeleg behandling av planen er forventa i Utvalg for kultur, idrett og samfunnsdialog 7. juni, med endeleg vedtak i kommunestyret 19. juni. 

Kulturavdelinga inviterer også til presentasjon av planen på Rogaland kunstsenter, torsdag 23. mars kl. 09:00 – 10:00. Her vil du få høyra meir om prosessen, og får høve til å stilla spørsmål. Velkommen!

Her står prosessen no:

  • Høyringsforslaget til Plan for visuell kunst 2023 - 2027 i Stavanger kommune vart vedtatt av Utvalg for kultur, idrett og samfunndialog 8. mars 2023 i sak 25/2023. 
  • Høyringsforslaget er no lagt ut til offentleg høyring.
  • Frist for innspill er 19. april 2023.
  • Kulturavdelinga inviterer til presentasjon av planen på Rogaland kunstsenter torsdag 23. mars kl. 09:00 - 10:00.

Kunstbyen Stavanger 2023 – 2027 

I Stavanger blir det skapt kunst av høg kvalitet. Me har kunstnarar, formidlarar, kulturarbeidarar og institusjonar som leverer viktige kunstopplevingar til innbyggjarane. Kunst fremjar empati, refleksjon og kritisk tenking, som er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Kunstfeltet i Stavanger har vore i sterk utvikling dei siste åra, og i kulturplanen vart det identifisert eit behov for å sjå nærare på det visuelle kunstfeltet og utviklinga av dette feltet spesielt.

Tiltaka i planen er innretta for å styrkja strukturane for institusjonane, kunstnarane og andre aktørar i det profesjonelle kunstfeltet. Infrastruktur som legg til rette for produksjon, formidling og fagleg utvikling er avgjerande for nyskaping og høg kvalitet. Kunstnarar og kulturarbeidarar skal velja å etablera seg i Stavanger fordi me har gode arbeidsvilkår og eit mangfaldig kunstliv. Tiltaket til planen skal forsterka det som verkar, testa ut nokre nye forslag, og finna løysingar på utfordringar.

Me ser fram til å høyra dine innspel til Plan for visuell kunst!