PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Barnehage og skule
  3. Skole
  4. Informasjon til nye elevar i stavangerskulen

Elev i Stavanger

Kort fortalt

  • Elevar som skal starta på 1. og 8. trinn får i starten på året brev om kva skule dei høyrer til.
  • Elevar som ønskjer å byta til ein annan skule kan søka om dette.

Information in other languages

Skal barnet ditt byrja i 1. eller 8. klasse?

I starten på året vil du få brev om kva skule barnet ditt har fått plass på. Dersom du ønskjer plass på ein annan skule, kan du søka om skulebyte. Søknadsskjema skulebyte

Før skulestart blir elevar og foreldre inviterte på besøk for å bli kjend med skulen og lærarane.

Rettleiande skulekrinsar

I Stavanger er det utarbeidd rettleiande skulekrinsar som viser kva barneskule og ungdomsskule adressa di høyrer til. Stavanger kommune oppdaterer no skulekrinsane, og oppdatert kart vil bli tilgjengeleg på nettsidene ved årsskiftet.

Tidleg eller utsett skulestart

I nokre tilfelle kan det vera aktuelt for foreldre å søka om tidleg eller utsett skulestart for barnet sitt. Her kan du lesa om vilkår og korleis du søker om tidleg eller utsett skulestart.

Samarbeid skule og heim

Eit godt samarbeid mellom heim og skule bygger på ein god dialog mellom lærarar og foreldre om læringa og utviklinga til eleven. Det er viktig at heim og skule avklarar kva forventningar dei har til kvarandre, slik at kvar enkelt elev får eit best mogleg opplæringstilbod.

Elevvurderingar og utviklingssamtalar

Minst to gongar i året blir gjennomførte ein planlagd og strukturert samtale mellom eleven, føresette og kontaktlærar. Utviklingssamtalen skal dreia seg om den faglege og sosiale utviklinga til eleven og læring. Den skal avsluttast med ei oppsummering av korleis heim og skule saman skal støtte opp om det vidare læringsarbeidet til eleven. For at ein utviklingssamtale skal fremma læring og meistring, er det av særleg betydning at foreldre og lærarar saman støttar opp om læringsmiljøet til elevane.

Foreldremøte

I foreldremøte gir lærarane informasjon av meir generell karakter, som gjeld heile elevgruppa. Det kan vera saker/tema knytt til klassemiljø, fagplanar, spesielle satsingsområde, haldningsspørsmål rundt rus, vald, kriminalitet osb. Det første foreldremøtet om hausten blir halden til vanleg i september månad.

Foreldreskulen

Barneskulane i Stavanger arrangerer ved skuleoppstart kurs/møte for førstegongsforeldre i skulen.  Målsetjinga til kurset er å gi informasjon om opplæringstilbodet til skulen og rolla til foreldra i opplæringa til barna og om korleis foreldre og skule saman kan bidra til best mogleg læring for eleven.

 Innhald i foreldreskulen er:

  • Læreplanen «Kunnskapsløftet», og krav til grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål i læreplanen
  • Gjennomgang av hovudtrekk og målsetjingar i kvalitetsplanane for skule og SFO
  • Resultata frå skulen
  • Samarbeid heimar- skule og foreldre som ressurs i læringsarbeidet til eleven
  • Leksehjelp

Foreldrekontakt / klassekontakt

Blant dei føresette i kvar klasse blir det valt foreldrekontaktar. Desse har blant anna som oppgåve å samarbeida med lærarane til klassen og vera kontaktledd mellom føresette og arbeidsutvalet til foreldrerådet (FAU). Aktuelle oppgåver for foreldrekontaktane kan vera:

  • delta på FAU-møte
  • saman med kontaktlærar arbeid for eit godt læringsmiljø blant elevane
  • vera talsperson til foreldra overfor lærarar og rektor
  • vera tillitsvalde til foreldra
  • planlegga og gjennomføra foreldremøte i samarbeid med kontaktlærar
  • drøfta saker som gjeld ute- og innemiljøet til skulen
  •  danna eventuelle nettverk for elevar og føresett
  • legga til rette sosiale arrangement utanom skuletid

Foreldreråd / FAU

Alle føresette som har barn på skulen, er medlemmar av foreldrerådet. Foreldrerådet skal vareta fellesinteressene til dei føresette og bidra til at dei føresette medverkar aktivt for å skapa eit godt skulemiljø. Kvar enkelt skules foreldreråd har eit arbeidsutval (FAU) beståande av foreldrekontaktar. Dette arbeidsutvalet representerer alle føresette ved skulen og behandlar saker på vegner av foreldrerådet. Ved dei fleste skulane legg FAU ut informasjon om arbeidet sitt på nettsidene til skulen.

I Stavanger kommune er det også oppretta eit kommunalt foreldreutval (KFU). 

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

Foreldreutvalet for grunnopplæringa, tidlegare Foreldreutvalget for grunnskulen er eit offentleg utnemnt utval som på nasjonalt nivå skal representera foreldra i norsk grunnopplæring.

Samarbeidsutval 

Alle skular skal ha eit samarbeidsutval (SU) som er det øvste samarbeidsorganet til skulen. Samarbeidsutvalet består av to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vera rektor ved skulen.

SU har rett til å uttala seg om alle saker som gjeld skulen. Samarbeidsutvalet skal gi råd om skuleverksemda, om bruk av økonomiske rammer, om innhald og om drifta av skulen. Samarbeidsutvalet skal ikkje behandla konkrete personalsaker og elevsaker.

Skulemiljøutvalet

Ved kvar grunnskule skal det vera eit skulemiljøutval som består av representantar for elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og skuleeigar. Skulemiljøutvalet skal vera samansett slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Skulemiljøutvalet skal medverka til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tar aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulemiljøet.

Nettsidene til skulen

Alle skulane i Stavanger har eigne nettsider på Internett. Hovudformålet med sidene er å gje ein presentasjon av skulen for dei som er interesserte i det. På skulane sine sider finn du blant anna generell informasjon om skulen og opplysningar om kva oppgåver FAU og driftsstyret arbeider med. Du finn og kontaktinformasjon til skulen, og skulen sine planar.

Foreldre kan på ein enkel måte abonnera på nyheiter frå skulen. 

Adressa til kvar enkelt skule si nettside er: www.minskole.no/skolens namn

Døme: For Storhaug skule er adressa: www.minskole.no/storhaug

Elevpermisjon

Undervisningstida er arbeidstida til elevane, og ho skal respekterast. Likevel kan det henda at føresette ønskjer eller har behov for å søka om permisjon for barnet sitt. Loven gir høve til å innvilga elevpermisjon. Rektor kan etter vurdering innvilga permisjon med varigheit inntil 2 veker (10 skuledagar). Ved søknad om permisjon blir eige skjema nytta. Søknaden blir send til skulen seinast ein månad før permisjonen skal starta. Meir informasjon og søknadsskjema om elevpermisjon finn du her. 

Sjukefråvær

Når eit barn har hatt sjukefråvær, skal dei føresette gi skulen skriftleg melding om dette. Mange skular ønskjer også at føresette gir skriftleg eller munnleg beskjed til skulen i forkant dersom barnet ikkje kjem på skulen på grunn av sjukdom. Dette er gjeld spesielt dei yngste elevane i barneskule alder, sjekk med skulen din kva praksis er. Er det sannsynleg at barnet får eit sjukefråvær på meir enn to veker, kan det vurderast om opplæring i heimen er aktuelt. Ved eit eventuelt sjukehusopphald vil barnet få eit tilpassa opplæringstilbod av lærar som arbeider ved sjukehuset.

Bokmål eller nynorsk?

Hovudmålform i Stavanger kommune er bokmål. Foreldre har likevel rett til å velja skriftleg opplæring på anna målform. I opplæringslovens §2-5 heiter det blant anna:

«Når minst ti elevar på eit av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøyre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skule tilbodet skal givast ved»

Denne retten gjeld så lenge eleven får opplæringa si på barnetrinnet. Foreldre som ønskjer nynorsk som hovudmålform i opplæringa, må gi skriftleg beskjed om dette til skulen i god tid før skulestart.

Samisk

Dersom minst ein av foreldra til ein elev står i samemanntalet, har eleven rett til opplæring i samisk. Stavanger kommune har ikkje organisert opplæring i samisk for grupper av elevar. Enkelte elevar i Stavanger har tilbod om fjernundervisning i samisk frå ein samarbeidsskule i Nordland/Finnmark/Troms.

Foreldre som ønskjer at barnet sitt skal få opplæring i samisk, bør informera nærskulen om det på registreringsskjemaet. Skulen skal gi tilbakemelding til Oppvekst og utdanning innan 1.mars. Foreldra kan komma med forslag til kva skule som skal gjennomføra fjernundervisninga.

Meir informasjon om samiskundervisning og søknadsskjema for samisk fjernundervisning finst på Statsforvaltaren i Troms og Finnmark nettside.

Kristendom, religion, livssyn og etikk

Kristendom, religion, livssyn og etikk er eit ordinært skulefag som normalt skal samla alle elevane. Undervisninga i faget skal ikkje vera forkynnande. Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen betyr som kulturarv og til etiske og filosofiske emne. Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evna til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trus- og livssynsspørsmål. Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal presentera ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte.

Fritak frå aktivitetar i opplæringa

Skulen skal visa respekt for livssynet til elevane og foreldra og sikra retten til likeverdig opplæring. Dersom foreldre opplever aktivitetar i skulen som utøving av ein annan religion eller livssyn, kan dei gi skriftleg melding om at dei ønskjer at eleven skal fritakast frå desse.

Skuleskyss 

Det første skuleåret vil elevar som bur meir enn to kilometer frå skulen, ha krav på gratis skuleskyss. For elevar på 2. - 10. trinn er kravet at eleven bur meir enn fire kilometer frå skulen. Elevar som er varig eller mellombels funksjonshemma, og som etter legeerklæring har behov for transport til skulen, har også krav på fri skuleskyss. Foreldre som vel annan skule enn nærskulen for barnet sitt, har ikkje rett til fri skyss. Elevar på innføringsskulane får gratis skuleskyss når dei har lang skuleveg. Eit barn med delt bustad kan ha rett til skyss frå den eine eller bustaden til begge føresette. Ta kontakt med skulen for meir informasjon.

Gratis leksehjelp

Alle skulane har eit tilbod om gratis leksehjelp. Skulane organiserer tilbodet ulikt og vil tilby leksehjelp på dei trinna dei meiner vil ha best utbytte av tilbodet. Har du spørsmål om leksehjelpetilbodet på ditt barns skule, kan du venda deg til skulen.

Skulefritidsordning (SFO)

Dei kommunale skolefritids- ordningane (SFO) i Stavanger gir eit omsorgs- og aktivitetstilbod til elevar på 1.-4.trinn og til barn og unge med funksjonshemmingar på 1.–10. trinn.

Informasjon om påmelding, påmeldingsfristar, opningstider, prisar med meir finnar du på nettsidene til kommunen. 

Forsikringar

Alle barn i offentleg skule er forsikra gjennom folketrygda. Eigedelane til barna er derimot ikkje forsikra av kommunen. Foreldra må sjølv sikra desse gjennom eigne forsikringar. Foreldra kan gjerast ansvarleg for det eventuelle skadeverket til barna på annens eigedom i skuletida, dersom det dreiar seg om ei medviten handling som barnet er modent nok til å forstå konsekvensen av.

Teieplikt

Alle som arbeider i skulen har teieplikt. Det vil seia at dei har plikt til å hindra at andre får tilgang eller kjennskap til det dei gjennom arbeidet sitt får vita om elevars eller føresettes personlege forhold.

Teieplikta gjeld også for foreldrerepresentantar i rådsorgana til skulen, foreldrekontaktar og føresette som på ein eller annan måte er involvert i skuleverksemda (på leirskule, ekskursjonar, og så vidare).

Teieplikta gjeld også etter at ein har slutta i tenesta eller vervet. Det er lette avgrensingar i teieplikta, m.a. når det gjeld melding til barnevernet om omsorgssvikt, mishandling av og overgrep mot barn og unge.

Alt som er arkivverdig og må dokumenterast blir arkivert i digitale elevmapper. Til dømes søknadar og svar på permisjonar, resultat av kartleggingar og vedtak om spesialundervisning. Kommunikasjon med foreldre går via digital post. Eleven sjølv og føresette har innsynsrett.

Tilpassa opplæring i stavangerskulen

Skulen har som målsetjing å tilpassa opplæringa ut frå kvar enkelt elevs føresetnadar.

Dei føresette bør gi melding til skulen viss barnet har spesielle vanskar, eller dersom dei trur barnet kan trenga ekstra hjelp eller tilrettelegging. Foreldre kan også ta direkte kontakt med pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Det er viktig å setja inn hjelpetiltak så tidleg som mogleg. Læraren har plikt til å melda frå til rektor når det er bekymring for ein elevs faglege og sosiale utvikling.

Skulen si plikt til intensivopplæring

Intensivopplæringen vil vera ein del av den ordinære opplæringa som skulen har plikt til å gi alle elevar. Ein ekstrainnsats skal hjelpa elevane opp til det forventa faglege nivået, slik at eleven ikkje blir hengande etter over tid. Elevar som ikkje oppnår dei forventa resultata med den ekstra innsatsen, vil ha rett til spesialundervisning.

Det er mange ulike årsaker til at eit barn kan trenga hjelp. Barnet kan til dømes ha vanskar i kontakten sin med jamaldra, språkvanskar, konsentrasjonsproblem eller streva med å læra å lesa og skriva.

Enkelte barn har ulike typar allergiar og er avhengige av spesielle diettar osb. I slike tilfelle er det fint om dei føresette informerer skulen så tidleg som mogleg, slik at dette kan bli tatt omsyn til allereie frå skulestart av.

Elevar som har eit anna morsmål enn norsk og som ikkje kan tilstrekkeleg norsk til å følga den vanlege opplæringa, har rett til særskild norskopplæring. Om nødvendig kan eleven også få tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring. Skulen har ansvar for å kartlegga språkferdigheitene til elevane og gjera vedtak om særskild språkopplæring dersom det er behov for det. Foreldra har rett til å klaga på vedtaket.

Pedagogisk-psykologisk Tjeneste (PPT)

Skular og barnehagar kan i samråd med føresette venda seg til PP-tenesta dersom dei ønskjer råd og rettleiing. PP-tenesta greier ut elevar og gir sakkunnig vurdering til skule og foreldre om tilrettelagt opplæringstilbod for dei barna som blir viste. Foreldre kan også ta direkte kontakt med PPT.

Meir om PPT og kontaktinformasjon finn du på nettsida til kommunen.

Helse i stavangerskulen

Tannhelsetenesta

Barn og unge opp til 18 år har tilbod om gratis tannhelseteneste. I Stavanger er tenesta organisert i soner, og eleven blir innkalla til tannklinikk for undersøking og behandling ved det sonekontoret skulen høyrer til. Tidsrommet mellom kvar innkalling er ca. 18 månadar. Elevar som treng akutthjelp, kan venda seg direkte til den tannklinikken skulen nyttar.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta har som oppgåve å driva helsefremjande og førebyggande arbeid i skulen. Helsesøster har fast trefftid på kvar enkelt skule 1 til 2 dagar i veka. Då kan elevar og foreldre ta kontakt for å snakka om problemstillingar rundt den helsemessige utviklinga, læringaog trivselen til barnet på skulen. I tillegg tilbyr skulehelsetenesta eit fast program som blant anna omfattar vaksinasjonar. 

På nettsidene til skulen finn dokker nærare informasjon om tilbodet for kvart alderstrinn og når helsesøster og lege er å treffa på skulen din.

Saman med skulepersonalet har skulehelsetenesta ansvar for å følga opp elevar med spesielle behov og legga til rette forholda best mogleg for elevar med funksjonshemmingar. Helsesøster deltar fast på dei tverretatlege møta til skulen. Dei som arbeider i skulehelsetenesta har teieplikt.

Skulehelsetenesta pliktar å føra journal med helseopplysningar for kvar enkelt elev. Denne journalen følger barnet til det er ferdig med grunnskulen. Ved flytting er hovudregelen at journalen blir overført til skulehelsetenesta ved den nye skulen. Dette for å sikra fagleg forsvarleg oppfølging. Foreldre/føresette har som hovudregel innsyn i journalen til barnet.

Ord og uttrykk i stavangerskulen

Opplæringslova

Loven regulerer rettene til elevane og pliktar i forhold til opplæring.Opplæringslova finst tilgjengeleg på internettet.

Tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring er eit overordna prinsipp i grunnskulen, som betyr at alle elevar har rett til å få opplæringa si tilrettelagt ut frå sine evner og føresetnadar.

Retten til tilpassa opplæring kan varetakast innanfor dei ordinære rammene til opplæringa, eller i form av spesialundervisning.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har, eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Det er pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i kommunen som vurderer dette.

Spesialundervisning kan til dømes vera at eleven arbeider mot andre læringsmål enn andre elevar, at ein lærar eller assistent følger opp eleven i klassen eller at eleven får særskilt tilpassa utstyr.

Særskild språkopplæring

Elevar som ikkje kan godt nok norsk til å følga den vanlege opplæringa, kan få ekstra norskopplæring. Om nødvendig har eleven også rett til tospråkleg fagopplæring og morsmålsopplæring.

Kvalitetsutvikling

Stavanger kommune har eigne planar for utvikling av kvalitet i skule og SFO. Planane angir viktige satsingsområde som skulane er forplikta til å følga opp. I tillegg har skulane eigne planar som beskriv område kvar enkelt skule har valt å satsa på. Dei fleste skular har lagt ut planane sine på nettsidene sine.  Planar for kvalitet i stavangerskulen finn du på internettsidene til kommunen.

Gratisprinsippet

Den offentlege grunnskuleopplæringa skal vera gratis for elevane. Det betyr at skulen eller kommunen ikkje kan krevja at elevane eller foreldra dekker utgifter i samband med opplæringa. Dette gjeld både undervisningsmateriell og faglege og sosiale aktivitetar som skulen arrangerer som ein del av opplæringa. Skulen og kommunen kan heller ikkje krevja eigenbetaling for aktivitetar som er ein del av opplæringa, men som går føre seg utanfor skuletida.

Mobbeombod i Stavanger

Det er dessverre nokre barn som gruar seg for å gå på skulen av ulike grunnar. Ei av årsakene kan vera at barnet blir mobba. Viss du har eit barn som viser teikn til å ikkje trivast på skulen, er det viktig at du tar kontakt med skulen med ein gong. Her vil dokker som er elevar og foreldre kunne lesa om kva plikter skulen har når det gjeld å passa på at elevane har det trygt og godt på skulen. Dokker kan også lesa om korleis dokker skal gå fram viss dokker er bekymra for om barna deira ikkje har det trygt og godt på skulen

I Stavanger er det oppretta ei stilling som mobbeombod. Mobbeombodet i Stavanger er eit tilbod til foreldre i Stavanger-skulen. Du finn kontaktinformasjon til mobbeombodet på kommunen sine nettsider. Vi kan hjelpa med kva rettar du har viss barnet ditt ikkje har det bra på skulen og hjelpa deg med å be om tiltak. Vi kan også vera med deg i møtet med skulen.

Kontaktinformasjon

Stab for oppvekst og utdanning

Besøksadresse:

Herbarium Olav Kyrres gate 21 4005 Stavanger

Telefon:
51 50 70 90
E-post:
innbyggerservice@​stavanger.kommune.no