- Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.
- Skulen skal ha nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
- Veit du, eller har du mistanke om, at barnet ditt ikkje har det trygt og godt på skulen, må du gi beskjed til rektor.
Skulemiljøet til elevane
Kort fortalt
Information in other languages
Her vil de som er elevar og foreldre kunne lese om kva plikter skulen har når det gjeld å passe på at elevane har det trygt og godt på skulen, og korleis de skal gå fram viss de er bekymra for om barna deira ikkje har det trygt og godt på skulen.
Retten elevane har til eit trygt og godt skulemiljø
Alle elevar har etter opplæringslova rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det betyr at viss ein elev opplever å ikkje ha det trygt og godt på skulen, må eleven eller foreldra seie frå til dei vaksne på skulen. Krenkingar som mobbing, vald, utestenging, utfrysing, truslar og trakassering er døme på opplevingar som ikkje er samsvarande med eit trygt og godt skulemiljø. Alle vaksne som jobbar på ein skule er etter opplæringslova forplikta til å ta foreldre og elevar som melder frå alvorleg, og ta tak i situasjonen. Skulane skal informere elevar og foreldre om rettane dei har til eit trygt og godt skulemiljø, skulen si aktivitetsplikt og moglegheita elevar og foreldre har til å melde ei sak til fylkesmannen.
Når bør eg ta kontakt med skulen?
Foreldre bør ha ein låg terskel for å ta kontakt med skulen ved mistanke om at eit barn ikkje har det trygt og godt på skulen. Det treng ikkje vere ei konkret hending som ligg bak. At ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, kan komme til uttrykk på ulike måtar, til dømes gjennom at barnet endrar åtferd. Foreldre treng altså ikkje vise til konkrete hendingar eller ha forslag til konkrete tiltak som dei ønskjer skulen skal setje i verk når dei tek kontakt med skulen og deler ei bekymring.
Kva blir meint med undersøkingar og aktivitetsplan?
Skulen skal undersøkje både mistanke og kjennskap til at elevar ikkje har det trygt og godt. Når skulen gjer dette, vil dei snakke med eleven sjølv og personar rundt eleven. Så lenge det viser seg at eleven ikkje har eit trygt og godt skulemiljø skal skulen setje i verk tiltak som er sett inn i ein aktivitetsplan. Eleven sjølv og foreldra skal ha moglegheit til å komme med innspel til kva tiltak som bør inn i aktivitetsplanen som kan sikre at eleven kan få eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal saman med eleven og foreldra evaluere aktivitetsplanen for å sjå om tiltaka verkar som tenkt.
Kva gjer eg viss eg er misnøgd med oppfølginga frå skulen?
Viss eleven eller foreldra meiner at skulen ikkje har teke tak i saka eller ikkje sett inn riktige tiltak, kan elevane eller foreldra ta kontakt med fylkesmannen. For at fylkesmannen skal behandle saka må saka først vere teken opp med rektor, og det må vere gått ei veke sidan rektor vart kontakta om saka. Det er ikkje slik at det blir forventa at skulen skal ha løyst ei sak i løpet av ei veke, men innan ei veke skal foreldre ha vorte høyrde, og skulen skal vere i gang med arbeidet med å undersøkje saka slik aktivitetsplikta krev av skulen. Kor lang tid undersøkingar vil ta, vil naturleg nok variere ut frå kor komplisert ei sak er, men skulen skal halde dykk oppdatert om kva som blir gjorde i saka.
Korleis kan eg bidra saman med skulen for å hjelpe barnet mitt?
Som elev og foreldre er de i ein sårbar situasjon når skulesituasjonen ikkje opplevast som trygg og god. Det er skulen som er den profesjonelle parten i slike saker, men innspela deira skal takast med i vurderingane rundt korleis skulen vel å handtere saka. Det er viktig at elevar og foreldre veit kva dei kan forvente av skulen sitt arbeid for å skape eit trygt og godt miljø for elevane sine.
For at samarbeidet mellom skule og heim skal fungere så bra som mogleg, er det viktig for foreldre og elevar å vite noko ansvaret skulane har og korleis skulane går fram når dei jobbar med saker som handlar om skulemiljøet til elevane. Eit godt samarbeid mellom skule og heim er ofte ein nøkkel for å få til gode løysingar.
Av erfaring veit vi at arbeidet med skulemiljøsaker fungerer best viss du som forelder:
- Har ein open og ærleg dialog med skulen
- Har tillit til at skulen handterer saka på ein profesjonell måte
- Er ein aktiv medspelar og byggjer opp tilliten til tiltaka rundt barnet ditt
Mobbeombodet i Stavanger
- Mobbeombod i Stavanger er eit eige ombod oppretta av bystyret i Stavanger som eit tilbod til foreldre i Stavangerskolen.
- Mobbeombodet veit kva rettar du har viss barnet ditt ikkje har det bra på skulen og kan hjelpe deg med å be om tiltak.
- Mobbeombodet kan òg vere med deg i møtet med skulen.
Du kan kontakte mobbombodet på e-post, på ein eigen Facebook-side eller på telefon 51 91 27 62 / 92 43 28 23.
Skulehelsetenesta
Les meir om kva skulehelsetenesta gjer.
Treng du meir informasjon?
- Opplæringslova Kapittel 9A - Elevane sitt skulemiljø
- Utdanningsdirektoratets rundskriv om Skolemiljø
- Nullmobbing.no
- Mobbeombodet i Stavanger