Feiing og tilsyn med eldstadar
Information in other languages
Feiing og kontroll
Rogaland brann og redning IKS driv feiarteneste for Stavanger kommune.
Dei jobbar med risikobasert bustadtilsyn og feiing. Det betyr at du ikkje lenger treng å bestilla feiar sjølv. Rogaland brann og redning tar kontakt med deg når det er på tide med tilsyn. Dette blir vurdert ut frå kriterium som type skorstein, eldstad, alder på bustad, alder på bebuarar og type byggverk.
Meir om feiing og korleis bustadar blir prioritert og sjekka, finn du på Rogaland brann og redning nettsidene sine om bustadtilsyn og feiing. Her finn du òg kontaktinformasjon til feiaren.
Les Forskrift om brannførebygging, § 17 om plikta kommunen har til å gjennomføra feiiing og tilsyn.
Feiegebyret
Avgifta for feiing og tilsyn inngår i dei kommunale avgiftene som husstandane betalar til kommunane to gongar i året.
Slik fyrer du rett
Rett fyring gir mindre svevestøv, betre luftkvalitet og reduserer risiko for pipebrann.
Har du spørsmål om feiiing?
Vil du spørja om noko som gjeld branntilsyn av bustadar, feiing og eldstadar?
Kontakt tenestetorget til Rogaland brann og redning. Tlf. 51 50 22 60. Send e-post.
Du finn meir informasjon på kontaktsida til Rogaland brann og redning.