- Stavanger kommune legg til rette for det frivillige arbeidet i byen.
- Kommunen har frivilligsentralar i alle ni kommunedelane. Vi tilbyr gratis lokale til frivillige organisasjonar, hjelper til når du søker om midlar og vi arrangerer kurs og andre samlingar.
Frivillighet i Stavanger
Kort fortalt
Information in other languages
Frivilligsentralar i Stavanger
Ta kontakt med frivilligsentralen nærast deg viss du ønsker å bli frivillig eller når du treng noko som frivillige kan hjelpa med. Du kan ta kontakt både som enkeltperson og som organisasjon. Vi kan også hjelpa viss du ønsker å starta med ein heilt ny aktivitet.
Frivilligsentralane skal vera ein møteplass for folk i kommunedelane. Det er alltid rom for ein kopp kaffi, ein prat og gode idéer for korleis kommunedelane våre kan bli ein betre plass å bu.
Retningslinjer for frivilligsentralane i Stavanger kommune.
Meir informasjon: nettside og Facebook.
Frivillig?
Det er fleire vegar du kan gå viss du ønsker å bli frivillig. Du kan kontakta frivilligsentralane eller organisasjonar direkte. Du kan også søka i databasen til frivillig.no etter aktivitetar du kan engasjera deg i.
Tilskotsportalen
Stavanger kommunen bruker Tilskuddsportalen til å senda ut nyttig og viktig informasjon til organisasjonar. Du kan også halda deg oppdatert på tilskot, legat og andre søknadsmoglegheiter.
Gratis lokale - Aktiv kommune
Frivillige organisasjonar får låna gratis lokale i alle bydelshusa og fleire andre stader i kommunen. Finn lokale her - Aktiv kommune
Kontaktinformasjon
Atle Melangen
seksjonssjef frivilligheit
- Mobil:
- 909 87 547
- Telefon:
- 51 91 38 48
- E-post:
- atle.melangen@stavanger.kommune.no
Randi-Merete Lode
rådgjevar
- Mobil:
- 993 68 692
- Telefon:
- 51 50 89 38
- E-post:
- randi-merete.lode@stavanger.kommune.no