Informasjon om koronaviruset for kulturlivet
Regjeringa har fjerna alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19.
Information in other languages
Alle tiltak er fjerna
Regjeringa har fjerna alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19. Endringane blei sett i verk laurdag 12. februar kl. 10.00.
Arrangement og samankomstar
- Forskriftsfesta krav om smittevernfagleg forsvarleg drift i covid-19-forskrifta blir oppheva. Det inneber at det ikkje lenger er nokon særlege krav til arrangørar knytt til storleik på arrangement/samankomstar eller krav til å legga til rette for avstand.
- Det gjeld likevel framleis krav til smittevern etter forskrift om miljøretta helsevern, som gjeld for alle verksemder, og som peikar på at verksemda skal planleggast blir driven og blir avvikla slik at smittsame sjukdommar blir førebygde.
- Det blir tilrådd normal drift i samsvar med smitteverntilrådingar til befolkninga.
Nasjonale støtteordningar
Kulturdepartementet har meldt at koronastøtteordningane blir vidareførte fram til sommaren 2022.
Kulturdepartementet har vidare bestemt at stimuleringsordninga for kultursektoren blir gjeninnført med tilbakeverkande kraft frå 8. desember.
Det er tidlegare vedtatt at kompensasjonsordninga skal førast vidare ut 2021, men innretninga for perioden november-desember er enno ikkje klar. Ordninga vil bli lyst ut i 2022. Kulturrådet vil informera nærare om tidspunktet når forskrifta for ordninga er klar.
Les meir på Kulturrådets nettsider.
For oversikt over alle økonomiske tiltak som regjeringa har foreslått sidan 2. desember sjå regjeringa sine nettsider.
Dette har kommunen gjort for kulturlivet gjennom pandemien:
- Jamlege saker til alle utvalsmøte for utval for kultur, idrett og samfunnsdialog om status for kulturlivet.
- Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog vedtok i sak 57/20 - Tiltak for kunstnarar og arrangørar som konsekvens av koronapandemien å prioritera at ordningane kulturstipend og tilskot til kunst- og kulturtiltak skal styrkast.
- Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog behandla den 30.04.2020 sak 34/20 Orientering om status og tiltak retta mot kulturlivet i samband med konsekvensar av koronaviruset.
- Stavanger formannskap behandla den 02.04.2020 sak 50/20 Koronaviruset - konsekvensar for kulturlivet og tiltaket til kulturavdelinga.
- Stavanger kommune og Filmkraft lyste ut prosjektmidlar til nye samarbeid mellom profesjonelle aktørar frå ulike bransjar for digital formidling av kunst og kultur. Les meir om utlysinga og sjå kven som blei tildelt midlar. Søknadsfrist var 5. mai
- Stavanger kommune vil i 2020 ikkje krevja tilbake allereie tildelte tilskot og honorar til ulike kunst- og kulturtiltak, prosjekt, arrangement, festivalar og liknande som no blir avlyste som følge av tilrådingane til styresmaktene for handtering av situasjonen rundt koronaviruset. Meir informasjon finn du her.
- Kulturavdelinga behandlar søknadar og utbetalingar som normalt, sjå tilskotsordningar. Det kan søkast om tiltak som er spesielt tilpassa situasjonen under koronapandemien. Les meir om rettleiing for tildeling av tilskot i 2021.
- Kulturavdelinga følger situasjonen, kartlegg konsekvensar av statlege kompensasjonsordningar, og vurderer tiltak fortløpande.
- Kulturavdelinga set i verk meir fleksible løysingar for innsending av rekneskap og rapportar for å kunna gjennomføra raskare utbetalingar til festivalar og arrangørar.
- Kulturavdelinga sender ut jamleg informasjon til alle som er ramma av nedstenging.
- Kulturavdelinga vil følga opp tiltak for næringslivet som også omhandlar kulturlivet direkte.
- Vi oppmodar til å ta kontakt med ein av rådgivarane våre dersom du lurar på noko. Det kan gjelda alt frå kommunale tilskotsordningar, statlege ordningar, eller andre ting du lurar på.
Nye mellombelse kompensasjonsordningar og tilskotsordningar
Følg med på Kulturrådets nettsider for informasjon om søknadsfristar for stimuleringsordning og kompensasjonsordning.
Kulturrådet forvaltar dei statlege ordningane.
Kulturrådet: Mellombels stipendordning Covid-19
Fritt Ord: 40 millionar til ekstra prosjekt
Filmkraft: Utlysning Kraftstipend
Kulturrom (tidl. Musikkutstyrsordninga): Sju millionar til prøveordningar og mellombelse ordningar - mellombels kompensasjonsordning for øvingsanlegg med tapa leigeinntekter
Kontaktinformasjon
Kristina Ehrenberg-Rasmussen
kultursjef
- Mobil:
- 926 32 538
- E-post:
- kristina.ehrenberg-rasmussen@stavanger.kommune.no
Marita Aksnes
rådgiver
Fagansvar tilskuddsordninger, Nye Rogaland Teater og Stavanger museum, musikk, litteratur
- Mobil:
- 916 01 925
- E-post:
- marita.aksnes@stavanger.kommune.no
Stein Andreassen
rådgiver
Musikk, kulturarv, arrangementer, Berlin-leiligheten og Den kulturelle spaserstokken
- Telefon:
- 51 50 79 60
- E-post:
- stein.andreassen@stavanger.kommune.no
Inger S. Bjerga
rådgiver, kulturavdelingen
- Mobil:
- 416 99 734
- Telefon:
- 51 50 72 72
- E-post:
- ibjerga@stavanger.kommune.no
Maren Skoie
rådgiver
Visuell kunst, Stavanger kommunes kunstsamling, kunst i offentlige rom
- Mobil:
- 402 03 354
- Telefon:
- 51 50 71 66
- E-post:
- maren.skoie@stavanger.kommune.no
Jeanette Flåte Vikse
rådgiver
Økonomi, kulturarv, priser og legat
- Mobil:
- 51 50 86 37
- E-post:
- jeanette.flate.vikse@stavanger.kommune.no