- Kulturplanen skal gjelda fram til 900-årsjubileet i byen i 2025 og kulturplanen kan du lesa her: kulturplanen.stavanger.kommune.no
- Kulturplanen blei vedtatt i Stavanger bystyre måndag 27. mai 2019.
- Protokoll med vedtatt endringsforslag finst i saka som følger kulturplanen.
Kulturplanen 2018-2025
Kort fortalt
Information in other languages
Kulturbyen Stavanger 2018-2025
Saman skapar vi ein levande kulturby er visjonen for kulturbyen Stavanger fram mot 2025. I ein levande kulturby har alle innbyggarar tilgang til gode kulturelle opplevingar, og kunst- og kulturlivet har gode vilkår for å kunna bidra til dette.
Kunst- og kulturaktivitet er mangfaldig og treng eit spekter av arenaar og arrangørar som kan vareta dette. Kulturplanen viser breidda i kulturbyen Stavanger og dei mange institusjonane og aktørane som bidrar til å skapa den levande kulturbyen.
Kulturplanen peikar ut felles satsingar for heile kulturbyen gjennom seks perspektiv. Dei tar opp i seg viktige tema som ytringsfridom, kultur gjennom livsløpet, talentutvikling, bransjeutvikling, ny teknologi og attraktivitet.
Spel inn frå høyring hausten 2018
Kommunalutvalet behandla høyringsutkastet 12.06.2018 og vedtok å legga planen ut på høyring med enkelte endringar.
Alle høyringsfråsegner og vurderinga til rådmannen av høyringsinnspel kan du lesa i saka som følger annan gongs behandling av kulturplanen.
Bakgrunnsdokument og planar
Her finn du bakgrunnsdokument for arbeidet med kulturplanen:
Kontaktinformasjon
Marita Aksnes
rådgiver
Fagansvar tilskuddsordninger, Nye Rogaland Teater og Stavanger museum, musikk, litteratur
- Mobil:
- 916 01 925
- E-post:
- marita.aksnes@stavanger.kommune.no
Anne Torill Stensberg
Konstituert kultursjef
- Mobil:
- 992 54 939
- Telefon:
- 51 91 24 50
- E-post:
- anne.torill.stensberg@solvberget.no