PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Kultur
  4. Kulturtilskudd
  5. Kulturstipend

Arbeidsstipend og diversestipend for kunstnarar og kulturarbeidarar

Kort fortalt

Information in other languages

Om ordninga

Stavanger kommunes stipendordning består av arbeidsstipend og diversestipend, og gjeld for enkeltpersonar med kunst eller kultur som profesjon eller profesjonell verksemd. Stipendordninga omfattar alle kunst- og kulturfelta (visuell kunst, musikk, litteratur, scenekunst, kulturarv, film, andre tverrestetiske kunstartar og kunst- og kulturkritikk).

Formålet med stipendordninga er å bidra til utvikling av kvart enkelt kunstnarskap og legga til rette for fagleg fordjuping og ny kunstnarisk produksjon. Stipenda skal vera til inspirasjon og gle for kunstnarar og kulturarbeidarar, og ein stimulans for kulturlivet i byen.

Å legga til rette for utvikling av talenta i framtida og vareta kunstnariske talent er ein del av Stavanger kommunes kulturplan. Stavanger skal vera ein attraktiv by for både etablerte kunstnarar og nyutdanna kunstnarar som ønskjer å etablera seg.

Stipendordninga bygger opp under det prioriterte område «Å leva av kunst og kultur» i kulturplanen og er forankra i følgande hovudmål:

Aktørar skal ha føreseielege vilkår som sikrar utvikling, breidde og kvalitet i den kunstnariske og kulturelle produksjonen.

Stipendordninga disponerer kr 1 850 000 for 2023. Ramma blir slik fordelt for 2023:

  • Inntil fem arbeidsstipend á kr 100 000
  • Resterande sum kr 1 350 000 blir tildelte 27 diversestipend á kr 50 000

Når kan eg søka og kor mykje kan eg søka om?

Søknadsfrist for 2023: Fredag 17. mars (fristen er utgått)

Du kan søka om to ulike typar stipend:

  • Arbeidsstipend: kr 100 000
  • Diversestipend: kr 50 000

NB! Det må sendast inn éin søknad for kvar stipendordning.

Kven kan søka?

Målgruppe for arbeidsstipend og diversestipend:

  • Profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar innan alle kunst- og kulturfelt.
  • Stipend blir berre tildelt enkeltpersonar, og søkar må ha kunst eller kultur som profesjon eller profesjonell verksemd.
  • Søkar må ha bustad eller kunstnarisk verka i Stavanger kommune.
  • Studentar og personar under heiltids utdanning kan normalt ikkje få tilskot frå denne ordninga. Du kan søka om stipend dersom du avsluttar heiltids utdanning den våren søknadsfristen er.
  • Kunstnarar som har fått nasjonale stipend frå kr 200 000 for gjeldande år, kvalifiserer ikkje for å søka arbeidsstipend.
  • Kunstnarar som har fått nasjonale stipend frå kr 200 000 for gjeldande år, kan søka diversestipend.

Generelle retningslinjer:

  • Stipendet kan ikkje dekka tapa inntekter eller tidlegare komne kostnadar.
  • Det kan ikkje søkast om stipend til same tiltak/arbeid/prosjekt som er tildelt støtte gjennom tilskotsordningane Tilskudd til profesjonelle kunst- og kulturtiltak/Rask respons i Stavanger kommune.
  • Det er mogleg å søka på begge stipendordningane, men det kan berre tildelast éin type stipend per år. Det må sendast inn éin søknad for kvar stipendordning.
  • Nye søkarar og søkarar som ikkje har fått stipend tidlegare, kan bli prioritert.
  • Stipend tildelt via Stavanger kommunes stipendordning er skattepliktig, og mottakar har plikt til å rapportera inn tilskot på rett måte til skattestyresmaktene. Les meir på nettsidene til skatteetaten.
  • Dersom du fekk arbeidsstipend i 2022, kan du ikkje søka arbeidsstipend for 2023. Same søkar kan ikkje få arbeidsstipend to år på rad. Du kan søka diversestipend.
  • Dersom du fekk diversestipend i 2022, kan du søka om diversestipend og arbeidsstipend i 2023.
  • Du kan søka stipend til å vidareutvikla arbeid som du tidlegare har fått stipend til, men det må komma tydeleg fram at det no gjeld ein ny fase av arbeidet/prosjektet.

Søknad om arbeidsstipend

Arbeidsstipend har ein storleik på kr 100 000.

Søknadsfrist: 17. mars 2023

Arbeidsstipendet skal gå til kunstnarar og kulturarbeidarar som kan visa til særleg høge faglege og kunstnariske kvalifikasjonar. Stipendet skal gi høve til fagleg fordjuping, kunstnarisk produksjon og kunstnarisk forsking/utviklingsarbeid/research.

Søknaden må gi eit godt og dekkande innblikk i korleis søkaren planlegg å bruka stipendet, kva det skal arbeidast med og tidsperioden det er planlagt brukt. Formålet med stipendet er å gi honorar til eige arbeid, og det er ikkje nødvendig å legga ved budsjett.

Korleis søkar du om arbeidsstipend?

Sjå gjerne opptak frå møte i 2021 med gjennomgang av ordningane før du søker.

1. Søknad skal sendast inn via elektronisk skjema (søknadsskjema blir gjort tilgjengeleg i februar).

2. Før du sender inn søknaden, er det lurt å gjera klart følgande vedlegg:

  • Prosjektskildring: Denne må gi eit godt og dekkande innblikk i korleis du planlegg å bruka stipendet, kva du skal arbeida med og tidsperioden det er planlagt brukt. 
  • CV som dokumenterer utdanning, kurs, kunstnarisk verksemd og produksjon og annan relevant informasjon.
  • Ev. andre vedlegg ved behov: Annan dokumentasjon av kunstnariske prosjekt, publikasjonar eller anna som du meiner er relevant ved vurdering av søknaden din (maks 5 filvedlegg).

3. Fyll ut søknadsskjema og legg ved alle vedlegg. I søknadsskjema må du gi eit kort samandrag av søknaden.

Søknad om diversestipend

Diversestipend har ein storleik på kr 50 000.

Søknadsfrist: 17. mars 2023

Diversestipend skal vera eit bidrag til den kunstnariske verksemda til den enkelte søkaren. Det kan søkast om diversestipend til følgande formål:

  • frikjøp av arbeidstid/honorar for arbeid med kunstnarisk arbeid/fordjuping (under dette kurs, reiser, marknadsføring, konsulentbistand)
  • frikjøp av arbeidstid/honorar for arbeid med utvikling av forprosjekt/prosjekt (under dette kurs, reiser, marknadsføring, konsulentbistand)
  • leie av produksjonslokale/atelier/studio
  • kompetanseutviklande formål (gjeld ikkje utdanning som er støttegodkjend gjennom Statens lånekasse)
  • innkjøp av utstyr/materiell som er relevant for det kunstnariske arbeidet
  • utgifter knytt til etablering og investering for kunstnarar eller kulturarbeidarar som skal etablera seg i Stavanger

Korleis søkar du om diversestipend?

Sjå gjerne opptak frå dialogmøte i 2021 med gjennomgang av ordningane før du søker.

1. Søknad skal sendast inn via elektronisk skjema (søknadsskjema blir gjort tilgjengeleg i februar).

2. I søknadsskjemaet vil du bli beden om å setja inn eit budsjett. Det er ikkje nødvendig å oppgi andre inntekter enn stipendet dersom det ikkje er relevant for søknaden. Pass på at det er samsvar mellom kva du søker stipend til, og kva du set opp i budsjettet.

3. Før du sender inn søknaden, er det lurt å gjera klart følgande vedlegg:

  • Prosjektskildring: Denne må gi eit godt og dekkande innblikk i korleis du planlegg å bruka stipendet, kva du skal arbeida med og tidsperioden det er planlagt brukt. 
  • CV som dokumenterer utdanning, kurs, kunstnarisk verksemd og produksjon og annan relevant informasjon.
  • Ev. andre vedlegg ved behov: Annan dokumentasjon av kunstnariske prosjekt, publikasjonar eller anna som du meiner er relevant ved vurdering av søknaden din (maks 5 filvedlegg).

4. Fyll ut søknadsskjema og legg ved alle vedlegg. I søknadsskjema må du gi eit kort samandrag av søknaden.

Korleis blir søknaden behandla?

Tilskot blir gitt ut frå ei samla skjønnsmessig vurdering der følgande blir vektlagt:

  • Faglege kvalifikasjonar og kompetanse
  • Kunstnarisk nivå, målsetjing, potensiale og gjennomføringsevne
  • Nyskaping, utvikling og fordjuping i eigen kunstnarisk praksis
  • Fullstendig søknad
  • Mangfald og breidde innan område/felt

Stipendtildelingane skal representera ei fordeling mellom felt ut frå talet på søknadar innanfor det enkelte felt, og skal representera breidde og mangfald.

Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog gjer vedtak med utgangspunkt i ei foreslått tildeling av kulturavdelinga. Tildelingsliste blir behandla i møte 07.06.2023.

Søkar har rett til å klaga på vedtaket, jf. forvaltningsloven §§ 28 – 36. Fristen for å klaga er tre veker frå du får svarbrev via Altinn.
Stavanger kommunes klagenemnd er klageinstans. 

Rapportering

Det er ein føresetnad at stipendet blir brukt til formålet det er søkt om og dei opplysningane som er gitt i søknaden. Eventuelle vesentlege endringar må meldast skriftleg til saksbehandlar for vurdering og godkjenning.

Fekk du stipend i 2022? Då må du senda inn rapport innan 1. april 2023. Rapport blir send via elektronisk skjema.

I rapporten skal stipendmottakaren gjera greie for bruken av stipendet og det kunstnariske utbyttet. Ved ev. endringar i bruken av stipendet skal dette kommenterast i rapporten.

Rapporten vil bli lagt til grunn for eventuelle seinare løyvingar. Ny søknad om stipend vil ikkje bli behandla før rapport for tidlegare tildelt stipend er sendt inn.

Bortfall av stipend og krav om tilbakebetaling

Dersom tildeling av stipend bygger på feilaktige opplysningar frå søkar, kan utbetala stipend krevjast tilbake. Det same gjeld dersom stipendmottakar ikkje har levert rapport innan fastsett frist.

Utbetaling og kontroll med bruk av midlar

Stavanger kommune utbetalar tilskotet etter at tildeling er gjord. Kommunen har høve til å be om innsyn og kontroll av løyvde kommunale midlar, jf. reglar for offentleg tilskotsforvaltning. Mottakar av tilskot pliktar å medverka, under dette skaffa etterspurd og relevant dokumentasjon, m.m.

I samsvar med offentleglova § 3 er søknadar om tilskot, inkludert eventuelle vedlegg, offentleg tilgjengelege dokument. Eventuelle sensitive opplysningar kan bedast halde unna offentleg innsyn (jf. Forvaltningsloven § 13). Dette må grunngivast særskilt av søkar.

Ny stipendordning blei vedtatt av for kultur, idrett og samfunnsdialog 5. mai 2021. Les saka her.

Kontaktinformasjon

Nina Osland

rådgiver

Visuell kunst, scenekunst, film 

Mobil:
977 14 810
E-post:
nina.osland@stavanger.kommune.no

Marita Aksnes

rådgiver 

Fagansvar tilskuddsordninger, Nye Rogaland Teater og Stavanger museum, musikk, litteratur 

Mobil:
916 01 925
E-post:
marita.aksnes@stavanger.kommune.no
Rådgiver for Stavanger 2025 og kultur, Stian

Stian Kristensen

rådgiver kultur og Stavanger 2025.

Litteratur, scenekunst, film

Telefon:
458 59 286
E-post:
stian.kristensen@stavanger.kommune.no

Jeanette Flåte Vikse

rådgiver

Økonomi, kulturarv, priser og legat 

Mobil:
51 50 86 37
E-post:
jeanette.flate.vikse@stavanger.kommune.no