- Kulturavdelinga inviterte til ope digitalt dialogmøte om ny tilskotsordning for kulturverksemder torsdag 9. september kl. 12-13.
- Du kan sjå møte i opptak her.
- Les meir om den nye ordninga her.
-
Dialogmøte om nye ordningar for profesjonelle kunst- og kulturtiltak vart gjennomførd fredag 9. april. Her kan du sjå møtet i opptak.
Spørsmål og svar om tilskotsordningar for kunst og kultur
Har du spørsmål om ny tilskotsordning for kulturverksemder?
Information in other languages
Invitasjon og program
Kulturavdelinga inviterer til dialogmøte om ny tilskotsordning for kulturverksemder. Møtet er ope for alle interesserte, men vil vere særleg relevant for deg som planlegg å søkje den nye ordninga.
Med kulturverksemder blir meinte helårsarrangører, festivalar, musikkensemble, frie scenekunstgrupper/kompani, øvingsfellesskap, felles produksjonslokale og organisasjonar for nettverk og bransje innan det frie feltet som ikkje får kommunalt driftstilskot.
Møtet blir teke opp og blir publisert på denne sida slik at du kan sjå det i etterkant viss tidspunktet ikkje passar for deg.
Når: Torsdag 9. september kl. 12-13
Kvar: Teams
Program
- Nye rammar for tilskot til kulturverksemder i Stavanger kommune v/konstituert kultursjef Kristina Ehrenberg-Rasmussen
- Retningslinjer for ordninga og presentasjon av søknadsskjema v/rådgivar Marita Aksnes
- Spørsmål og svar (spørsmål innsendt i forkant og undervegs i møte)
Påmelding
- Meld deg på via dette skjemaet.
- Når du har meldt deg på, vil du i løpet av nokre dagar få ein kalenderinvitasjon til Teams-møte.
- Du må gå inn i møteinvitasjonen du får for å delta i møtet.
- Du kan sende inn spørsmål i forkant når du melder deg på, eller stille spørsmål i møtet munnleg eller via chat.
- Møtet blir teke opp.
- Du vel sjølv om du vil ha på kamera eller ikkje.
- Teams kan lastast ned via denne linken.
Tidlegare dialogmøte
Dialogmøte for ny stipendordning vart gjennomførd fredag 11. juni.
Her kan du sjå møtet i opptak.
Dialogmøte for nye ordningar for profesjonelle kunst- og kulturtiltak vart gjennomførd fredag 9. april.
Her kan du sjå møtet i opptak.
Tilskotsordningane for det frie feltet er fornya og det er lansert to nye ordningar:
- Rask respons - tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak
- Tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak
Kontaktinformasjon
Marita Aksnes
rådgiver
Fagansvar tilskuddsordninger, Nye Rogaland Teater og Stavanger museum, musikk, litteratur
- Mobil:
- 916 01 925
- E-post:
- marita.aksnes@stavanger.kommune.no