- Søknadfrist for 2021 var 1. mars.
Tilskot til kulturbygg
Kort fortalt
Information in other languages
Om ordninga
Tilskot til kulturbygg skal vere med på å etablere eigna lokale, bygningar og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd i Rogaland. Ordninga blir forvalta av Rogaland fylkeskommune. Søkjarar må sende inn søknad via heimstadskommunen sin. I Stavanger kommune blir det gjort ei prioritering mellom anna med utgangspunkt i plan for kulturarenaer i kulturplanen til kommunen 2018-2025.
Kven kan søkje?
Tilskot kan givast til lokale kulturhus, stiftingar, samvirkeføretak, andelslag, museum, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur. Midlane kan brukast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift. Eit viktig kriterium er at søkjar anten må eige bygget eller ha ein langsiktig leigekontrakt (10+10 år). Dokumentasjon på dette må leggjast ved søknaden.
Les meir om ordning og retningslinjer hos Rogaland fylkeskommune.
Søknad om tilskot blir fremja på elektronisk skjema som ligg på nettsida https://www.anleggsregisteret.no/kulturanlegg/soknadsskjema/
Søknadsfrist: 1. mars 2021.
Lurer du på noko? Kontakt rådgivar Maren Skoie, mara.skoie@stavanger.kommune.no i kulturavdelinga til Stavanger kommune for utfyllande informasjon om søknadskriterium og søknadsprosedyre
Kontaktinformasjon
Maren Skoie
rådgiver
Visuell kunst, Stavanger kommunes kunstsamling, kunst i offentlige rom
- Mobil:
- 402 03 354
- Telefon:
- 51 50 71 66
- E-post:
- maren.skoie@stavanger.kommune.no