- Tilskot til etablering av atelier og produksjonslokale skal bidra til at kunstnarar får gode arbeidsvilkår og utviklingsmoglegheiter, og at fleire profesjonelle kunstnarar kan etablera seg i Stavanger.
- Tilskotsordninga er retta mot det visuelle kunstfeltet.
- Frist for å søka er 16. juni.
- Totalbudsjettet for ordninga i 2023 er kr. 400 000.
Tilskudd til etablering av atelier og produksjonslokale
Kort fortalt
Information in other languages
Om ordninga
Formålet med Tilskudd til etablering av atelier og produksjonslokale er å bidra til at kunstnarar skal ha gode arbeidsvilkår og utviklingsmoglegheiter, og at fleire profesjonelle kunstnarar kan etablera seg i Stavanger.Tilskotsordninga er retta mot det visuelle
kunstfeltet. Både enkeltpersonar og grupper kan søka. Tilskotsordninga gjeld for etablering av atelier og produksjonslokale i Stavanger kommune.
Profesjonalitet blir vurdert på bakgrunn av CVer vedlagt søknaden. Ordninga gjeld ikkje for amatørtiltak eller for studentar og personar under heiltids utdanning.
Ordninga gjeld for skapande og utøvande kunstnarar i det visuelle feltet som:
- står utan arbeidslokale
- er oppsagt og treng nye arbeidslokale
- er nyutdanna og/eller skal etablera ny praksis
- treng meir eigna arbeidslokale
Du kan søka støtte til:
- forprosjekt
- istandsetjing/etablering av atelier
- istandsetjing/etablering av fellesverkstad
- flytteutgifter
- husleige i flytte- og reetableringsfase
- oppgradering eller utviding av eksisterande
- arbeidslokale som aukar
- tilbodet til kunstnarar.
- innkjøp av utstyr og verktøy til fellesverkstad
- andre utgifter til etablering
Du kan ikkje søka støtte til:
- depositum
- løpande utgifter til husleige og anna drift knytt til
- eksisterande atelier og
- verkstader
Søknaden må innehalda:
- prosjektbeskriving
- budsjett i balanse
- CV
- intensjonsavtale med huseigar
Vurderingar og berekning av tilskot
Søknadene blir vurdert etter korleis prosjektet bidreg til det visuelle feltet, og tildelinga av
tilskot blir basert på følgande prioriteringar:
- tilbod om atelier, verkstader, prosjektrom og andre arbeidslokale som er opne for
fleire - prosjekt for nyetablerte kunstnarar
- profesjonalitet og gjennomføringsevne
- langsiktige avtalar
- fysisk tilrettelegging
- budsjett i balanse
- anna finansiering
Storleiken på innvilga tilskotsbeløp vil bli fastsett ut frå tilgjengeleg budsjett og ei
skjønnsmessig vurdering og prioritering av søknadene som har komme inn. Stavanger
kommune kan ikkje fullfinansiera tiltak. Eit eventuelt tilskot kan vera lågare enn omsøkt beløp
.
Korleis søkar eg?
Du må senda søknaden via dette skjemaet i søknadsportalen til kommunen. I søknadsskjemaet vil du bli beden om å legga inn opplysningar om søkar, beskriving av tiltaket og budsjett.
NB! Dersom du skal legga inn web-adresse i feltet "søkars webadresse" og får ei feilmelding, kan du prøva å legga den inn med https:// først, til dømes: https://www.stavanger.kommune.no/kultur-og-fritid/kultur/
Storleiken på innvilga tilskotsbeløp vil bli fastsett ut frå tilgjengeleg budsjett og ei skjønnsmessig vurdering og prioritering av søknadene som har komme inn.
Stavanger kommune kan ikkje fullfinansiera eit prosjekt. Eit eventuelt tilskot kan vera lågare enn omsøkt beløp.
Ufullstendige søknader og søknader som fell utanfor retningslinjene for ordninga, vil bli avvist.
Du kan klaga på vedtaket jf. forvaltningslovas §§ 28-36. Klagefristen er tre veker frå motteke svar. Du må då levera ein skrifltig grunngitt og signert klage og senda han til postmottak.ios@stavanger.kommune.no.
Klagesaker blir behandla av utval for kultur, idrett og samfunnsdialog.
Rapportering
Du må gjennomføra tiltaket i tråd med opplysningar gitt i søknaden. Dersom det oppstår eventuelle vesentlege endringar i prosjektet, under dette budsjett, må du må skriftleg til saksbehandlar for vurdering og godkjenning.
Dersom det oppstår vesentlege endringar i prosjektet, må du gi skriftleg beskjed til saksbehandlar for godkjenning.
Etter gjennomføring må du senda inn rapport via eige skjema. Dette vil bli lagt til grunn for eventuelle seinare løyvingar. Her finn du skjema for rapportering: Skjema for rapport
Retningslinjer for ordninga er vedtekne av utval for kultur, idrett og samfunnsdialog 12.04.2023
Kontaktinformasjon
Nina Osland
rådgiver
Visuell kunst, scenekunst, film
- Mobil:
- 977 14 810
- E-post:
- nina.osland@stavanger.kommune.no