- Stavanger kommune og Filmkraft lyser ut prosjektmidlar til nye samarbeid mellom profesjonelle aktørar frå ulike bransjar for digital formidling av kunst og kultur.
- Utlysinga er eitt av fleire tiltak for å handtere unntakstilstanden kunst- og kulturlivet opplever på grunn av koronaepidemien.
- Totalt budsjett er kr 300 000 for inntil to søkjarar.
- Søknadsfrist var 5. mai 2020
Utlysing av prosjektmidlar til nye digitale og tverrfaglege samarbeid 2020
Kort fortalt
Information in other languages
Foto: Tord F Paulsen
Desse har søkt
Søkjarlista blir fortløpande etter kvart oppdatert som søknader blir registrert. Lista er derfor ikkje fullstendig.
- Destino AS: Rastlaus
- Lise Behne Eie: Konseptalbum Humans
- Ananda Serné: Flowers for the Sleepless
- John Erik Kaada: Wrongtools
- Kristoffer Berre Alberts: Pandemic Kitchen
- Anna Ihle: Doggie Day Care for Leo Beagle Boy
- Liv Catrine Runesdatter: Fuglar
- Serrano Creative Solutions Gonzalez: Urban Hands - Telegenic
- Filmavdelinga AS: Feit, fit og alkoholisert – tilstand Noreg
- Stavanger kunstmuseum: Skyer i 360`
- Gladmat AS: Digitalt tilbod under årets alternative Gladmatfestival
- Kristoffer Berre Alberts: Access All Areas
- Simen Kiil Halvorsen: Isolasjonssonettar
- Filmstasjonen AS: Paal Nilsen Love - Stavanger live
- Spindelvevriff AS: Kamelonen & Det Sorte Karneval
- TV Vest AS: Scene Vest
- ARTPEAS AS: Kontekstuell interaksjon i bybiletet
- Piraya Film AS: Piraya Retrospektiv
- Signe Christine Urdal: Stemmer frå Nablus
Om utlysinga
Stavanger kommune og Filmkraft lyser ut prosjektmidlar som skal bidra til å understøtte nye samarbeid mellom aktørar frå ulike bransjar for digital formidling av kunst og kultur.
Vi ønskjer å byggje opp under ein kompetanse som allereie er til stades. Det er viktig å kunne nytte fagpersonell med allereie tileigna kunnskap på eitt felt, og setje dei saman med aktørar i ein annan bransje, med mål om at dei både vil byggje opp sin eigen fagkompetanse og skape noko felles. Dette vil samtidig opne opp for vidare nettverk og vidare kompetansebygging.
Dette er ei enkeltståande utlysing med eit totalt budsjett på kr 300.000, der opptil to ulike søkjarar kan få støtte.
Prosjektet må realiserast i inneverande år.
Søknadsfrist: 5. mai 2020
Kven kan søkje?
- Profesjonelle kulturaktørar og verksemder innanfor kunst- og kulturfeltet kan søkje om tilskot.
- Det blir føresett eit samarbeid som inkluderer minst tre aktørar, og éin må representere den audiovisuelle bransjen.
- Minst éin av aktørane må ha bustad eller arbeidsstad i Stavanger kommune. Filmrepresentanten må verke i Rogaland fylke.
Meir om utlysinga
Utlysinga representerer eitt av fleire tiltak for å handtere unntakstilstanden kunst- og kulturlivet opplever på grunn av koronaepidemien. Vi ønskjer å støtte nye tiltak som bidreg til bransjeutvikling gjennom gjensidig kompetansedeling og utforsking av nye modellar for digital formidling av kunst og kultur.
Utlysinga er forankra i Kommunedelplanen for kunst og kultur 2018-2025, med særleg referanse til delmålet om at «Stavanger kommune skal leggje til rette for utvikling av sterkare bransjar som kan bidra til næringsutvikling i regionen».
Følgjande punkt i kulturplanens handlingsdel er relevante:
- utvikl digitale løysingar for formidling av kulturtilbodet i kommunen i samarbeid med smartbyen Stavanger.
- utvikl arbeidet med smart kunst for å utforske korleis teknologi og innbyggjarinvolvering kan gi meir kunst og kultur til innbyggjarane.
- leggje til rette for kunnskapsdeling og erfaringsutveksling om smart kunst og moglegheitene til teknologien i samarbeid med aktørar, institusjonar, akademia og andre næringar.
Stavanger kommune og Filmkraft har voner om at utlysinga vil bidra til at kunstnarane og kulturarbeidarane våre finn saman på tvers av uttrykk og bransjar. Med dette ønskjer vi å stimulere aktørar til å skape gode produkt, som både på kort og lang sikt kan byggje publikum og nye spennande tverrfaglege samarbeidsløysingar.
Vi vil anerkjenne og støtte opp om at ulike fagpersonar finn saman og utforskar nye plattformer. Aktørane skal kompenserast for den innsatsen som no blir lagd inn slik at innbyggjarane våre kan få tilgang på gode, profesjonelle kunst- og kulturopplevingar, sjølv om dei sit heime.
Kva må søknaden innehalde?
- Prosjektskildring: Skal gi utfyllande informasjon om formål, kven de er, kvifor de skal gjere kva og når de planlegg å gjere det.
- Budsjett: Det må det leggjast ved eit fullstendig budsjett, som spesifiserer kostnader og forventa inntekter/anna finansiering som er forbunden med prosjektet.
- Finansieringsplan: Viss det blir søkt om andre offentlege midlar, blir bedne søkjar vise til aktuell ordning og søknadsfrist for denne.
Korleis søkjar du?
- Send e-post med søknad og alle vedlegg til postmottak@stavanger.kommune.no.
- Merk søknaden med sak 20/15850.
Både Stavanger kommune og Filmkraft logoen sin skal vere synleg på det endelege produktet og visast til i all marknadsføring av tiltaket.
Kontaktinformasjon
Helene Ødegaard
rådgiver for smartbyavdelingen
scenekunst, film, internasjonale kulturprosjekt og kulturorganisasjoner
- Mobil:
- 450 28 785
- E-post:
- helene.odegaard@stavanger.kommune.no