- Byarkivet får og vernar privatarkiv frå heile Stavanger kommune.
-
Vi har arkiv etter organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar.
-
Privatarkiva varierer mykje i både storleik og innhald. Nokon kan bestå av ein enkelt protokoll, andre utgjer fleire hyllemeter med ulikt materiale som møtebøker,brev, teikningar, fotografiar m.m.
Privatarkiv
Kort fortalt
Information in other languages
Stavanger Bicycleklub i Bjergsted i 1889. Fotograf: Georg T. Monsen.
Tilgang til privatarkiv
Innsyn i privatarkiv blir fått ved førespurnad på førehand. Byarkivet kontaktar deg for å avtale besøk på lesesalen når ønskt arkivmateriale er funne fram.
Vêr merksam på at enkelte arkiv er klausulert, og dermed ikkje fritt tilgjengeleg for publikum.
Alle desse arkiva finn du òg ved å søkje i www.arkivportalen.no, der du kan søkje i arkiv frå heile landet.
Oversikt og informasjon om privatarkiva våre finn du her på stavangerbyarkiv.no.
Kva er privatarkiv?
Privatarkiv er arkiv som er skapte i privat sektor. Men privat sektor er så mangt, og arkiva har store innbyrdes forskjellar når det gjeld opphav, omfang og struktur. Vi deler derfor privatarkiva inn i ulike kategoriar. Informasjonen om kva dei ulike arkiva betyr er henta frå boka «Privatarkiv» av Wilhelm Lange, Dag Mangset og Øyvind Ødegaard. Boka er ein del av Riksarkivets skriftserie, og er tilgjengeleg på lesesalen til byarkivet.
Har du arkiv?
Har du liggjande papir etter mormors sybutikk? Farfars konfeksjonsagentur eller kolonialbutikk? Kanskje nokon var eldsjel i nabolaget eller dreiv ei husmorforeining? Dokument som fortel om levd liv, om alle små og store bedrifter, lag og foreiningar i Stavanger, om kultur og fritid, ligg på mange loft og bakrom, kjellarar og garasjar. Det er lett å tru at materialet ikkje er av interesse, men kanskje har vi ikkje hjarte til å kaste det heller. Då kan det vere ein god grunn til å kontakte Stavanger byarkiv! Vi tek vare på historia!
Send ein e-post til byarkivet@stavanger.kommune.no eller ring oss på 51 50 71 58.
Lokale avisar
Her er ei oversikt over avissamlingar hos byarkivet. Vêr merksam på at enkelte eksemplar ikkje er tilgjengeleg på grunn av tilstanden til materialet.
Dei fleste av avisene kan finnast fram ved uanmeldt frammøte. Du må sjølv fotografere dei artiklane du måtte ønskje, med eigen mobil eller teke med kamera.
For dei som ikkje har høve til å komme til lesesalen viser vi til Nasjonalbiblioteket for bestilling av kopiar.
Avis |
Utgivingsår |
Årgangar tilgjengeleg på lesesalen |
Merknad |
Stavanger Adresseavis |
1833-1840 |
|
Heldt fram som Stavanger Amtstidende og Adresseavis |
Stavanger Amtstidende og Adresseavis |
1841-1906 |
1845-1847, 1852, 1859, 1888-1906 |
|
Stavangeren [I] |
1852-1899 |
1852-1855, 1860-1861, 1886-1899 |
Stavangeren vart seld til og slått saman med «Stavanger Avis» i 1899. |
Noreg |
1883-1890 |
|
Særutgave for Stavangeren |
Vestlands-Posten / Vestlandsposten |
1878-1916 |
1879-1881, 1888-1916 |
|
Rogalands Folkeblad |
1888 |
1888 |
Frå 1.1.1889 utkom avisa som dagblad under namnet Stavanger Avis |
Stavanger Avis |
1889-1911 |
1889-1911 |
|
Stavanger Annonce-tidende |
1893-1894 |
|
|
Stavanger Aftenblad |
1893-1942, 1945- |
1893-1970 |
|
1ste Mai |
1899-1940, 1945-1955 |
1899-1940, 1945-1955 |
Vart slått saman med Haugaland Arbeiderblad og endra namn til Rogalands Avis i 1955. |
Rogaland: Blad for Avhold og fred |
1905-1920 |
1918-1920 |
Utkom som fortsetjing av avisa Dag, Haugesund. |
Vestlandet |
1906-1916 |
1906-1916 |
|
Rygja Tidend |
1909-1918 |
1909-1918 |
|
Vestlandske Socialdemokrat |
1909 |
|
|
Stavanger Morgenblad |
1911-1912 |
1911-1912 |
|
Stavangeren [II] |
1916-1942, 1945-1964 |
1916-1942, 1945-1964 |
Endra namn til Stavanger Morgenavis i 1965. |
Vekas Gang |
1918 |
|
|
Stavanger Socialdemokrat |
1921-1927 |
1921-1927 |
|
Rogaland (II) |
1925-1988 |
1925- |
|
Rogalands Arbeiderblad |
1926-1927 |
|
|
Vestlandets Avis |
1934-1936 |
1934-1936 |
|
Stavanger Avis (II) |
1942-1945 |
1942-1945 |
Stavanger Aftenblad og Stavangeren vart slått saman til Stavanger Avis av Pressedirektoratet, for å halde betre kontroll over kva avisene inneheldt. |
Rogalands Avis |
1955- |
1955-1984 |
|
Stavanger Morgenavis |
1965-1967 |
1965-1967 |
Tidlegare Stavangeren |
Vestkysten |
1987 |
|
|
Kontaktinformasjon
Stavanger byarkiv
- Besøksadresse:
-
Arkivenes hus Richard Johnsens gate 12 4021 Stavanger
- Telefon:
- 51 50 71 58
- E-post:
- postmottak@stavanger.kommune.no
«Samfunnsutviklinga skjer i eit samspel mellom offentlege og private aktørar»