- Følg reglane for når og kvar du kan brenne bål!
- Du skal berre bruke reint og tørt trevirke.
- Det er eigne reglar for jonsokbål på kommunal grunn.
- Du har ikkje lov å brenne søppel nokon stad.
- I Stavanger er det forbode å brenne hageavfall heile året.
Bål, grilling og brenning av hageavfall
Kort fortalt:
Information in other languages
Når kan du brenne bål?
Det generelle forbodet mot å gjere opp eld i skog og mark er mellom 15. april og 15. september. I nokre tilfelle og på nokre stader er det likevel tillate å brenne bål i denne perioden. Også elles om året må du vurdere brannfaren og vareta tryggleiken før du tenner bål.
Sjå informasjonen til brannvesenet om dei generelle reglane for utandørs brenning.
Kvar kan du brenne bål?
I offentlege friområde i Stavanger er det lov å brenne små bål med tørt og reint trevirke der det er tilrettelagde bål- og grillplassar. Det er fleire gapahukar med gruer i friområda til kommunen, og enkelte opparbeidde bålplassar ved vatn.
For Finnøy og Rennesøy gjeld dei generelle reglane for bålbrenning.
Plast, folie og anna avfall skal ikkje brennast på bålet.
Grillar alle kan bruke
Felles grillar finst på dei største badestrendene i Stavanger. Du tek sjølv med grillkol og tennvæske, og ryddar opp etter deg på grillplassen.
Vi oppmodar til å ikkje bruke eingongsgrillar, som bidreg til mykje unødig avfall, utgjer brannfare og set merke i naturen. På dei største badestrendene i Stavanger er det likevel eigne brannsikre konteinarar for brukte eingongsgrillar.
Jonsokbål på kommunale område
Vil du brenne jonsokbål på grunnen til kommunen, må du søkje om løyve.
Les: Søk om jonsokbål
Varsl brannvesenet om bålet ditt
Du skal alltid melde frå om utandørs brenning til brannvesenet før du tenner opp. Fyll ut skjema for melding om utandørs brenning.
Reglar om brenning av hageavfall
I Stavanger er det ikkje tillate å brenne hageavfall eller anna avfall. Slik brenning føre til dårleg luft og helseproblem for folk med luftvegsplager, barn, eldre gravide og andre.
Les meir: Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar i Stavanger
I Finnøy og Rennesøy kan du brenne hageavfall, men ikkje anna avfall. Her gjeld dei generelle reglane for utandørs brenning.