PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Næring og arbeidsliv
  3. Landbruk og havbruk i Stavanger kommune
  4. Forvaltningsplan for utvald kulturlandskap

Forvaltningsplan for utvald kulturlandskap

Oppdatert: 01.11.2024 12:12:15
Oversiktsbilde over hvor kulturlandskapene på Rennesøy ligger

Denne forvaltningsplanen er utarbeidd for Rogaland sitt utvalde kulturlandskap i jordbruket på Rennesøy i Stavanger kommune.

Dette er ei administrativ rullering av forvaltningsplanen gjennomført av landbrukskontoret i Stavanger kommune for å oppfylle krav frå landbruksdirektoratet om gyldig forvaltningsplan. I deler av UKL-området blei det gjennomført NiN (natur i Norge) kartlegging i 2022, resultata frå denne kartlegginga skal offentleggjerast snart. Det skal gjennomførast ei evaluering av UKL Rennesøy i år som skal også bruke resultat frå NiN-kartlegginga. På grunnlag av bl.a. evalueringa og NiN-kartlegginga skal det gjennomførast full rullering med involvering av alle relevante parter seinare i 2023. Den nye forvaltningsplanen skal da godkjennast politisk i UMU (utval for miljø og utbygging) i slutten av året (2023).

Følgjande blei oppdatert under den administrative rulleringa:

Kostnadar, finansiering og budsjett; endra forvaltaransvar frå Fylkesmannen til kommunen; endra kommune frå Rennesøy kommune til Stavanger kommune; tatt inn nye relevante planar og fjernet utdaterte; oppdatert gnr/bnr etter kommunesamanslåing; oppdatert arealtal; oppdatert grunneigarane og dei som driver etter generasjonsskifte og endra jordleigeforhold; lagt til årstal på nyaste skjøtselsplanar for dei enkelte eigedomane

Arbeidet med den føregåande forvaltningsplanen var koordinert av Fylkesmannens landbruksavdeling i samarbeid med Fylkesmannens miljøvernavdeling, kulturminneforvaltninga i Rogaland fylkeskommune, Rennesøy kommune og grunneigarar.

Judaberg, 25.01.2023

Silke Ullrich

Rådgjevar landbruk, Stavanger kommune

Her kan du lese planen i PDF-format

1. Vedtatt

Innleiing og samandrag

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er eit felles prosjekt mellom Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet. Prosjektet skal bidra til at særlege verdifulle kulturlandskap får ei særskild forvaltning frå 2010 og framover. Dei 22 nasjonalt utvalde områda omfattar kulturlandskap i jordbruket med heilskaplege verdiar på biologisk mangfald, eldre- og nyare tid si kulturhistorie, og som det også er realistisk å halde ved like på lang sikt. Aktive bønder med vilje og interesse til å ivareta verdiane i kulturlandskapet er grunnlaget i satsinga på Utvalde kulturlandskap.

I 2008 sende sekretariatet for ”Utvalde kulturlandskap,” samansett av Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren og Statens landbruksforvaltning ein førespurnad til Fylkesmennene om område i landet som hadde spesielle og viktige kulturlandskapsverdiar. Etter ein heilskapleg vurdering vart 3 område på Rennesøy, Hodne-Dale-Sel, Førsvoll-Austbøheia og Helland-Bø, utpekt til Rogaland sitt bidrag til Utvalde kulturlandskap. Desse områda innfridde til saman, krava som vart stilt til satsinga. Rennesøy kommune hadde allereie i 1996 kartlagt og utarbeidd ein områdeplan for framtidig forvaltning av kulturlandskapsverdiane i desse områda. Grunneigarar, Rennesøy kommune, Fylkesmannen og Fylkeskommunen hadde da eit allereie godt samarbeid.

Dei tre områda på Rennesøy er totalt på om lag 9 500 daa. Her er eit innhaldsrikt kulturlandskap med stor spennvidde i naturfaglege, historiske og landskapsestetiske verdiar. Store delar av landskapet er karakteristisk for den eldste attståande kulturmarkstypane på Vestlandet, kystlyngheiane. Områda hadde i tillegg få inngrep av teknisk art. Dette bidrog til å forsterke samfunnsmessige og produksjonsmessigeverdiane i områda.

Landbrukskontoret i Stavanger kommune har rullert den føregåande forvaltningsplanen administrativ. Det skal snart gjerast ein meir omfattande rullering der alle parter og aktuelle fagpersonar vert involvert. Den føregåande planen var utarbeidd av Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland. I denne tidlegare prosessen har fagpersonar hjå Statsforvaltaren sin miljøvernavdeling og fylkeskommunen si kulturminneavdeling bidrege med innspel til planen. Den kommunale forvaltninga, grunneigarar med skjøtselsavtale og to lokale reiselivsaktørar med direkte avtale om samarbeid innanfor satsinga på Utvalde kulturlandskap har bidrege med viktige innspel gjennom ein god dialog i felles arbeidsmøte og kontakt gjennom telefon og -post.

Forvaltningsplanen legg til rette for ein langsiktig forvaltning av kulturlandskapsverdiane i dei utvalde områda på Rennesøy. Den skildrar områda med fokus på biologiske og kulturhistoriske verdiar, aktuelle restaurerings- og skjøtselstiltak, juridiske og økonomiske rammer, målsetjingar og utfordringar i høve til ei langsiktig forvaltning. Den skal vere ein felles plattform for grunneigarar og kommune/stat for målretta forvaltning og heilskapleg skjøtsel av dette verdifulle kulturlandskapet. Vidareføring av gjeldande skjøtsels-avtalar og skjøtselsplanar mellom grunneigarar og Stat vil bygge på denne forvaltningsplanen.

Mål, visjonar og tiltak er basert på frivillig deltaking frå grunneigarar/brukarar og der allereie inngåtte avtalar er den forpliktande delen. Hovudmålet er å ta vare på kvalitetane i dette særprega og verdifulle kulturlandskapet, og samstundes oppretthalde og vidareutvikle bruken av områda for vidare god drift for den einskilde grunneigar. Grunneigarane vil jobba for eit aktivt landbruk som leverer etterspurde produkt av høg kvalitet, ha beitedyr i kulturlandskapet og at kulturlandskapet skal vere i enda betre stand enn målt opp mot dagens tilstand. Målretta skjøtsel, kontinuerleg drift med beitedyr og rett type vedlikehald er sentrale tiltak for å oppretthalde verdiane. Deltaking frå andre grunneigarar, einskildpersonar, ulike lag og foreiningar er verdifull for den vidare satsinga. Arbeidet og framdrifta må ha ein lokal forankring på Rennesøy i Stavanger kommune.

Dersom verdiane som er beskrivne i denne forvaltningsplanen går tapt eller blir stegvis/direkte redusert, kan dette føre til at avtalane bli sagt opp og at området kan miste sin status som ”Utvald kulturlandskap”.

Både forvaltnings- og skjøtselsplanar kan oppdaterast og supplerast med nye opplysningar.

Dei tre utvalde områda på Rennesøy i Stavanger kommune, Rogaland

a)    Geografisk plassering

Rennesøy ligg i Boknafjorden med kommunane Finnøy i aust, Bokn mot nord og Randaberg i sør. Rennesøy ligg i Stavanger kommune og kommunedelen Rernnesøy er på ca. 65 km2. Vikevåg er den største tettstaden på øya Rennesøy.

b)    Tilkomst

Kyststamvegen E39 for Vestlandet går gjennom Rennesøy via undersjøiske veg-tunellar (Rennfast) frå Randaberg kommune i sør og er bunde saman med ferjesambandet Mortavika - Arsvågen mot nord. Dette ferjesambandet er mellom dei mest trafikkerte i landet. Med unntak av øya Brimse, har dei åtte øyane med fast busetjing vegsamband med bruer.

c)     Næringsvegar i kommunedelen Rennesøy

Hovudnæringa i kommunedelen Rennesøy er landbruk. Over 90% av areala i kommunedelen er LNF-område. Kommunedelen si store utfordring er å ta vare på eit aktivt landbruk i arealdisponeringa då den er ei attraktiv busettingsområde for folk som pendlar til Nord-Jæren. Kommunedelen Rennesøy har ikkje noko stor og tung nærings-industri. Industriområdet på Hanasand opnar likevel for industriverksemd av stort omfang framover.

d)    Landskapsformar og topografi

Rennesøy har stor variasjon i landskaps-former og topografi. Kyststripa i vest, frå Bø i nord til Hodne i sør, består av to åtskilte platå med til dels stupbratte skrentar. Vikevåg ligg i «dalen» mellom dei to platåa. Skrentane endar anten i ur med steinblokker, i ein smal landtunge før kystlina eller går rett ned i fjorden. Gardane ligg på den smale landtunga mellom skråningane og sjøen, på slake parti i skråningane eller på platået.

Platået består av mindre dalar og søkk med vegetasjon, bart berg eller vatn. Dei mest markerte toppane på platået er Nibben og Knott i nord, og Vikefjellet og Rennesøy-hodnet i sør. Rennesøyhodnet på 234 moh. er det høgaste punktet i kommunen.  

e)    Berggrunn

I havet som dekte det gamle nedslitne grunnfjellet for ca. 500 mill. år sidan vart eit lag med leire avsett på havbotnen. Kollisjon av jordskorpe-platene mellom Noreg og Grønland for 280-500 millionar år sidan starta den kaledonske fjellkjedefoldinga. Den sedimenterte leira vart omdanna til fyllitt. Havbotnsplater med enno eldre bergartar (>600 mill. år) vart i etterkant stegvis skyvd over laget med fyllitt. Overflatebergartane på Rennesøy består difor av amfibolitt og gneis.

Strandsona på Rennesøy er dominert av gneis med gangar i amfibolitt, glimmergneis, - og fin kvarts-feltspatgneis. Bergarten på platået består i hovudsak av amfibolitt med innslag av kvartsitt og kvartsfeltspatgneis. Amfibolitt forvitrar lett, medan gneis forvitrar noko seinare.

f)    Lausmasser, jord og jordsmonn

Lausmassane på Rennesøy er danna av fysisk og kjemisk forvitring av berg-grunnen. Lausmassane på platået ligg i eit kupert og grunnlendt terreng med mykje berg i dagen. Jordsmonnet er i hovudsak av forvitringsmateriale med eit tynt lag organisk jord med lite mineralmateriale over bart fjell.

Der er bart fjell med ev. innslag av eit tynt jordsmonn av organisk opphav i de bratte skrentane, - og ur med stein-blokker ved foten. Vatn frå platået har ført med seg næring og jordpartiklar og som har gjeve fruktbart jordsmonn til den smale landtunga nedanfor platået.

Rennesøy har jamt over samanlikna med t.d. Jæren, eit relativt tynt jordlag over berggrunn. Jordsmonnet på Rennesøy gir likevel særs gode vilkår for plantevekst. Dette skuldast i hovudsak klimatiske forhold og jordartar med opphav frå dei næringsrike bergartane fyllitt og amfibolitt. Desse bergartane har mellom anna frigjort næringsstoffa magnesium, kalium og kalsium. God plantevekst og god biologisk aktivitet har over tid auka moldinnhaldet i den allereie næringsrike jorda. Dette har gjeve ei svært god matjord som igjen har gjeve grunnlag for enda betre plantevekst.

g)    Klima

Klimaet på Rennesøy er typisk oseanisk. Sterk innverknad av Golfstraumen har gitt øyane eit klima med relativt små svingingar i temperaturen gjennom året. Vintrane er milde og fuktige medan sumrane er relativt kjølige. Dette klimaet gjer øyane i kommunen til eit av stadene i landet med lengst vekstsesong.

Dei sør- og vestvendte skråningane mot Mastrafjorden langs Helland-Bø og Dale-Hodne får særs mykje solinnstråling og god tilgang på nedbør jamt gjennom heile året. Platåa i desse områda, i tillegg til Bø i nord og Førsvoll-Austbø er meir utsett for kjølige vindar frå nord. Den kuperte topografien på platåa medfører likevel at det i delar av områda er lokalt, - høg temperatur, mykje solinnstråling med eit gunstig lokalt mikroklima. Sett under eitt, er lokalklimaet innanfor dei utvalde områda svært gunstig for plantevekst då områda har milde vintrar og høg gjennomsnittstemperatur om sumaren.

h)    Kulturminne og historie

Nærleik til sjøen, godt klima og gode naturforhold gjorde Rennesøy til ein attraktiv stad for busetnad allereie for 12 000 år sidan. Kommunen har difor ein særs høge tettleik av fornminna etter aktivitet over eit langt tidsspenn (stein-, bronse-, jern- og mellomalder). Døme på fornminne er bygdeborger, gravhaugar, steinkross, helleristingar, klebersteinbrot, og bautasteinar.

Kommunen er òg uvanleg rik på nyare tids kulturminne. Alle gardane hadde frå gamalt av, rettar til torvskjering på platået og hadde naustplass ved sjøen. Dette ligg til grunn for at dei fleste gardane låg i striper som gjekk frå kystlinja og opp til platået. Når land blei rydda til jordbruksdrift vart dei karakteristiske flate steinane nytta til tørrmurar på bygningar, kvernhus, demningar, brygger, kve, jordkjellarar, - og til piggsteingardar og steingardar som fungerte både som eigedomsgrenser og til inndeling av teigar.

Fiske var ein viktig attåtnæring for gardbrukarane på Rennesøy. Det er fleire godt bevarte naustmiljø og kaianlegg på øyane. Grendene og tettstadene på øyane var naturlege knutepunkt for kysttrafikken i Boknafjorden for 100 år sida.

2. Områdeskildring

Tre åtskilte område på Rennesøy er Rogaland sitt 1. bidrag til det nasjonale Utvalde kulturlandskap. Dette skuldast kombinasjonen av få tekniske inngrep i utmarka på desse områda, stor variasjon i markslag, stort og variert biologisk mangfald, eit godt tilrettelagt tilbod til friluftsinteresserte og framfor alt, aktive bønder med vilje til å gjere ein ekstra innsats for å ta vare på miljøverdiane på gardane dei driv.

2.1 Helland-Bø

Helland-Bø-området er på 2 400 daa. Området har eit kupert platå med samanhengande kystlynghei frå Asmarvik i nord til Helland i sør. Kystlyngheia har i generasjonar vore naturbeite for kystgardane i det same området. Stupbratte skrentar går frå platået og ned til lågare parti med innmark ved kyststripa eller rett ned i Mastrafjorden. På platået driv bøndene aktiv skjøtsel og vedlikehald ved beiting for å fornya kystlyngheia og å stagge attgroing av einer og kratt.

Platået og dei bratte skråningane mot Mastrafjorden er viktig leveområde for fleire fugleartar, deriblant raudlista fugleartar, som vandrefalk og hubro. Fleire av dei stadbundne fugleartane i dette området treng trygge hekke-plassar og relativt opne areal for å kunne jakte. Skjøtsel og restaurering av kystlyngheiane på platået har difor ein positiv påverknad på fuglebestanden.

I dette området er det mange steingardar og karakteristiske pigg-steingardar som stegvis er oppført når bøndene rydda land til innmark og intensiverte beitedrifta. Eigedoms-grensene mellom gardane består i hovudsak av massive steingardar. Det er spesielt mange piggsteingardar på Rennesøy samanlikna med dei andre Ryfylkeøyane.

a) Bø

Gardane på Bø nordvest på Rennesøy har vore aktivt drivne i generasjonar og har spor etter ei lang kulturhistorie. Denne historia ser vi att i mange eldre og nyare tids kulturminne, t.d. nausttufter, restar etter vikingnaust og gardsanlegg, gravhaugar, rydnings-røyser og steingardar.

Området har eit stort botanisk artsmangfald, spesielt i dei bratte skråningane nedanfor platået. Utanom skråningane på Dale har den nasjonale truga og sjeldne dvergmarikåpa sin einaste veksestad i Noreg på eit beite på ein av Bø-gardane.

Ein tursti går frå den tilrettelagte parkeringa på Bø og til utsiktspunkta Nibben og Knott i sør. Turstien deler seg i ein trasé som går opp på platået medan den andre traseen går i strand-sonen med forbindelse til traséen på platået opp etter skrenten.

b) Asmarvik

Garden Asmarvik ligg mellom gardane Bø i nord, - og Litladal i sør. Innmarka på garden som kan haustast maskinelt ligg langstrakt og lågt mellom høgdedrag på platået. Asmarvik-stemmen er ein kunstig dam som dekkjer det store nedslagsfeltet på platået. Den har sitt utløp i Asmarvika.

Dei sørvendte og svært solrike gardane frå Helland til Bø hadde frå gamalt av, tidlegare hausteklare grønsaker og poteter samanlikna med andre gardar på Rennesøy. Historia seier at gardane på Litladal, Asmarvik og Dale var blant dei første gardane i landet som leverte tidlegpotet til Slottet. Denne produksjonen heldt fram til 1970-talet.

Det er fleire automatisk freda kultur-minne på Asmarvik: eit gravfelt og fleire einskilde gravminne. Den gamle ferdselsvegen frå Asmarvik til myr-områda ved grensa til Litladal vart truleg nytta til uttak av torv. Det er fem torvhus i dette området.

Asmarvik kai som nyleg vart restaurert, var tidlegare ein av stoppestadene for båtar som frakta folk og fe mellom øyane i Ryfylke.

c) Litladal

Litladalgarden ligg mellom garden Asmarvik i nord og garden Helland i sør. Massive steingardar er skillet mot nabogardane. Våningshus, stabbur og naust er bygningar som står att etter busettinga på 1800-tallet. Eit gamalt vegfar går i krappe svingar frå det gamle våningshuset, gjennom alt av innmark og opp på platået der kystlynghei er dominerande naturtype.

Gardane på Helland ligg vest for Vikevåg i Rennesøy kommune og har god utsikt mot Dale, Mastrafjorden og Mosterøy. Det er to automatisk freda fornminne innanfor UKL-området, ein rundhaug og ein langhaug. Fleire bygningar som t.d. våningshus, driftsbygning, stabbur og naustmiljø, - står at etter busettinga på 1800-talet. Eit bustadhus i laft vart bygd på slutten av 1700- eller i byrjinga av 1800-talet. Mellom 1825-1850 vart ei driftsbygning i naturstein bygd vegg i vegg med eit bustadhus. Denne type bygg var nokså vanlege i eldre tider men få bevarte eksemplar står att.

Areala på platået består av innmark, skog og kystlynghei. I lauvskogen i skråningane nedanfor platået er det registrert fleire trua og raudlista planteartar.

Det går ei rundløype frå parkeringa på Helland til platåa Kitlingen og Varabrekk. Turstien går via eit lyngheiområde og ned til Flekkstadmyra der jordbruksvegen fører turinteresserte tilbake til utgangspunktet på Helland.

d) Helland

Gardane på Helland ligg vest for Vikevåg i Rennesøy kommune og har god utsikt mot Dale, Mastrafjorden og Mosterøy. Det er to automatisk freda fornminne innanfor UKL-området, ein rundhaug og ein langhaug. Fleire bygningar som t.d. våningshus, driftsbygning, stabbur og naustmiljø, - står at etter busettinga på 1800-talet. Eit bustadhus i laft vart bygd på slutten av 1700- eller i byrjinga av 1800-talet. Mellom 1825-1850 vart ei driftsbygning i naturstein bygd vegg i vegg med eit bustadhus. Denne type bygg var nokså vanlege i eldre tider men få bevarte eksemplar står att.

Areala på platået består av innmark, skog og kystlynghei. I lauvskogen i skråningane nedanfor platået er det registrert fleire trua og raudlista planteartar.

Det går ei rundløype frå parkeringa på Helland til platåa Kitlingen og Varabrekk. Turstien går via eit lyngheiområde og ned til Flekkstadmyra der jordbruksvegen fører turinteresserte tilbake til utgangspunktet på Helland.  

2.2 Førsvoll - Austbøheia

Førsvoll og Austbøheia ligg på eit platå og dekker eit areal på 1580 dekar. Områda grenser til bustadområdet Eltarvåg i nord, Austbøstemmen i vest og til gardane på Østhusvik i aust. Området er utsatt for kalde vindar frå nord. Lokalklimaet i dette området er kjøligare enn elles i Rennesøy kommune. Bergartene gneis og granitt som dominerer i området forvitrar seint og gir eit næringsfattig jordsmonn. Området er svært kupert. Utanom myrområda i søkkane er det sparsamt med lausmassar i bergskråningane. Her består jordsmonnet ofte av lynghumus og torv rett på berget.

Området rundt Austbøstemmen og Førsvoll med tilhøyrande våtmarker er ein viktig tilhaldsstad for fleire fugleartar. Ein aukande bestand av villmink i området utgjer ein stor trussel for hekkande fugl.

Rennesøy kommune er eigar av Austbøstemmen (demningen). Vasskrafta vart fyst nytta av Rennesøy E-verk til straumproduksjon. Når kraftverket vart avvikla, blei stemmen nytta som kjelde til drikkevatn på Rennesøy. Dette heldt på fram til kommunen vart kopla saman med IVAR. IVAR IKS står framleis for reguleringa av vasstanden i stemmen. Nye krav til sikkerheit gjer at vasstanden i stemmen må senkast med 1,2 – 2 meter. Dette vil i ein overgangsperiode skjemme kulturlandskapet kring Austbøstemmen.

a) Førsvoll

Dei to gardane på Førsvoll ligg i eit kupert kulturlandskap, - godt synlege frå hovudvegen mellom Vikevåg og Østhusvik. Den største av gardane er omgitt av fem vatn. I tillegg er det vide myrer i nord og sør med bekkar og vatn. Våtmarkene rundt Førsvollvatnet utgjer Førsvollvatna naturreservat (les meir her).

Førsvoll har spor etter menneskeleg aktivitet frå folkevandringstid, jernalder, vikingtid og framover. På Førsvoll er det òg ei særs stor samling med verdifulle steinbygningar. Den utvendig restaurerte steinløa vart oppført i 1841 og er den eldste bygningen på hovudgarden. Fjøs og stall vart bygd vegg i vegg med løa i 1885. Eit sauehus på garden er bygd i tørrmur. Elles finn ein murar etter bustadhus, torvhus og tre kvernhus. Rundt om på garden er det piggsteingardar, steingardar og støttemurar.

Det var ikkje tilstrekkeleg drift på Førsvollgardane og manglande oppfølging av avtalen om skjøtsel førte til at Rennesøy kommune sa opp skjøtselsavtalen for Førsvoll i 2012. Dei kulturhistoriske verdiane på hovudgarden og kringliggjande områdar kan trass i den vedtekne reguleringsplanen, vanskeleg bli ivaretekne om ikkje drifta på garden betrar seg.

b) Austbøheia

Austbøheia ligg på eit kupert platå avgrensa av Førsvollgardane i sør, Austbøstemmen i vest og bygge-feltet Eltarvåg i nord. Ein massiv steingard på om lag 1100 meter utgjer eigedomsgrensa mot utmarksområda til gardane på Hanasand og Østhusvik i aust. Røsslyng er dominerande naturtype på Austbøheia (743 daa). Einer var i ferd med å dekke heile området. Etter gjerding og målretta skjøtsel med beiting av villsau dei siste 6 åra, er røsslyngen på god veg tilbake. Under ryddinga av einer kom det fram ruinar av to torvhus som hadde vore skjult i tiår.

2.3 Hodne-Dale-Sel

Hodne-Dale-Sel dekkjer eit areal på 5050 dekar. Området ligg sørvest på Rennesøy og er det største samanhengande området innanfor Utvalde kulturlandskap på Rennesøy. Garden Hodne ligg i høgda lengst i sør. Gardane på Dale ligg inneklemt mellom brattskrenten frå platået og kyststripa ned til Mastrafjorden. På platået ovanfor gardane på Dale, og med god utsikt over Nord-Jæren ligg garden Sel. Mellom gardane Sel og Hodne ligg eit stort og småkupert platåområde dominert av kystlynghei. I eldre tid vart dette kystlyngheieområdet jamleg brent for å kunne nytta utmarka som beite for dyra. Dei fleste gardane kring desse heiaområda hadde rett til å ta ut torv til brensel på «Heia».

Området er etter busetnad gjennom generasjonar, rik på automatisk freda og nyare tids kulturminnar. Her finn ein mellom anna gravhaugar, gravrøyser, rydningsrøyser, bygdeborg, hustufter, gardfar, åkerreiner, innhegningar ved gardsanlegg, steingardar og piggsteingardar. Dalestemmen og Bjergastemmen vart mellom anna bygd for å gje gardane på Dale vasskraft til maling av korn. Restar av dei 13 kvernhusa er framleis å finne langs med Dalebekken. Det første vasskraftverket i Rennesøy vart bygd på Dale i 1930-åra. Gardar utan kystlinje hadde frå gamalt av, naustrett ved sjøen.

Det er fleire spor etter gamle ferdselsvegar med utgangspunkt frå Dale og som gjekk over til austsida av Rennesøy (Bjerga og Østhusvik). Hovudvegen frå Vikevåg til Østhusvik vart opphavleg bygd som ein ride- og kyrkjeveg. Turstiane i dette heieområdet er dei mest nytta i heile Rennesøy kommune.

Vegetasjonen platået består i hovudsak av kystlynghei. Vegetasjonen i den sør og sørvestvendte brattskrenten frå platået og ned til kyststripa ved Mastrafjorden er heilt unik. Her har varierande berggrunn og jordsmonn, varierande lokalt mikroklima og aktivt landbruk gitt stor variasjon i vekstforholda innanfor korte avstandar. Dette har ført til stor biodiversitet med opp mot 480 registrerte planteartar. Av desse er mange raudlista planteartar. Fem av desse planteartane har Rennesøy som einaste veksestad i Noreg. Truslar: sitkagran, bjørk, eføy og for mange turgåarar.

c) Dale og Sel

Dei tre Dale-gardane ligg like søraust for Vikevåg. Gardane har sine driftssenter på den smale kyststripa langs Mastrafjorden. Frå kyststripa går det ein stupbratt skrent som flatar ut i det kuperte terrenget på platået. Platået er dominert av kystlynghei, medan dei sørvest- og sørvendte brattskrentane har eit særs høgt biologisk mangfald med særs sjeldne planter.

Gardane har ein lang kulturhistorie som visast godt att i kulturlandskapet. Her kan ein t.d. finna piggsteingardar, demningar, kvernhus, husmannsplass, kve, gamle ferdselsvegar, potetkjellarar og naust.

Ei kulturløype buktar seg opp til Dalestemmen frå gardsanlegget ved sjøen. Dalestemmen på platået vart bygd for å gje vasskraft til fleire kvernhus. Ein flaum feia alle kvernhusa på sjøen slik at det berre er nokre ruinar som står att.

Vikafjellet rett over Vikevåg er eit av dei to mest besøkte utkikkspunkta på Rennesøy.

Garden Sel ligg på platået over brattskrentane ned mot Dale og like øst for Vikevåg på Rennesøy. Den gamle ferdselsvegen mellom garden på Sel og gardane på Bjerga er framleis synleg i terrenget. Vegen som vart bygd som ein rideveg og var særleg nytta av gardane på Bjerga, - som hadde båtrett og kvernhus på Dale.

Vegtraséen frå Dale opp Kleiva var frå gamalt av, einaste farbare veg til Sel. Den gamle ferdselsvegen frå Sel og vidare til gardane på Bjerga er framleis synleg i terrenget. Vegen som vart bygd som ein rideveg og var særleg nytta av gardane på Bjerga, - som hadde båtrett og kvernhus på Dale..

d) Hodne

Garden Hodne er garden på Rennesøy med plassering lengst mot sør. Gardshusa ligg i høgda med god utsikt både mot øyane i Finnøy kommune, - og over sjøen til fjella på fastlandet i Ryfylke. Rett ovanfor gardshusa ligg Rennesøyhodnet, som med sine 234 moh er det høgaste punktet i Rennesøy kommune. På Hodnetoppen ligg det mellom anne ei bygdeborg frå folkevandringstida.

«Statens veterinære forsøksgard for sau ble etablert 1. juli 1942. Forsøksgården lå på Hodne på Rennesøy. Sauen var viktig for landbruket og husdyrbruket, som mat, for landskapspleien, for husflid og industri, for tradisjon og bygdekultur. Forsøksgården ble oppretta etter krav fra bonde-organisasjonene pga. sykdomsproblem i småfe-holdet. Rogaland var sauefylket, og regionen hadde fra før av fagpersoner og pådrivere i bekjempelse av sykdom og tap. Aktiviteten ved den lille forsøksenheten har vært stor siden starten, og har kommet småfeet og småfeholdere til gode, gitt kunnskap til veterinærene og bidratt stort til en svært god at helsetilstand hos småfe i Norge.»  

e) Heia

Heia ligg på platået mellom Hodne og Daleheia. Hodnetoppen ligg i sør og gardane på Skjørvestad i nord. Frå gamalt av var gardane oppdelt slik at alle skulle ha nokolunde like arealressursar. Eigedomane var langstrakte slik at alle gardane fekk rett til båtplass i strandlinja, innmark i låglandet, tilgang på ved i skråningane og torvrettar på platået (til brensel). Kystlyngheia som dominerer på Heia har mange grunneigarar og nyttast i dag som utmarksbeite. Av kulturminnar på Heia er det tydlege spor etter torvskjering, piggsteingardar og steingardar.

2.4 Verdiar i dei utvalde områda

a) Aktivt landbruk

Aktive bønder har ein frivillig skjøtselsavtale med staten. På ein av dei 14 inngåtte skjøtselsavtalane har tre grunneigarar eit samarbeid om skjøtsel av det største samanhengande området med kystlynghei på Rennesøy (kystlyngheia mellom Hodne og Sel).

Totalt 9034 daa er innanfor UKL-områda. Areal innanfor UKL utan støtte kjem i tillegg.

Statistikk på areal

Statistikk over jordbruksareal

* Sidan 2009: ein grunneigar er ute, utskifting på fire gardar og 2 nye grunneigar med avtale har kome til.

b) Særprega bevart kulturlandskap

Kystlyngheiane er den eldste attståande typen av kulturmark som dominerte langs kysten på Vestlandet og som i hovudsak var ein konsekvens av busetnad. Den var òg ein føresetnad for fiskebonden sitt levevis langs med kysten. Kystlyngheiane og dei tradisjonelle typane av kulturmark er i ferd med å forsvinne i Noreg og i resten av Europa. Hovudårsakene til denne utviklinga er:

  1. Den tradisjonelle bruken av kystlynghei (brenning, slått og beiting) var i ferd med å opphøyra.
  2. Attgroing ved at areala ikkje blir nytta som beite.
  3. Intensivering av jordbruk ved gjødsling.
  4. Arealbruksendring og tekniske inngrep (utbygging mv...)

Områda på platået med intakt kystlynghei saman med mange spor etter menneska som levde på Rennesøy er kulturhistorisk svært verdifull. Innanfor dei utvalde områda er det i tillegg til kystlynghei, fleire andre tradisjonelle kulturmarkstyper som hadde direkte tilknyting til lyngheiane. Dette er eit kulturlandskap som er lite prega av dei siste tiårs sterkt mekaniserte landbruk. Terrengoverflata, landskapsbiletet, vegetasjon og natur- og kulturverdiane har vore lite utsett for irreversible påverknadar.

c) Kulturhistorie og kulturminnar

Innanfor UKL-områda på Hodne-Dale-Sel aleine, er det registrert heile 43 lokalitetar med fornminne, mellom anna 9 gardsanlegg, 60 gravhaugar og 113 rydningsrøyser. Den store samlinga av verdifulle bygningar frå fleire tidsperiodar konsentrert på Førsvoll, blir nemnt spesielt. Steingardar og piggstein-gardar kulturminnar av nyare tid som er godt synlege i kulturlandskapet. Dei mange nausta og naust-miljøet langs kyststripene vitnar om ein forhistorie der landbruk og fiske var hovudnæringsvegane på gardane. Spor etter gamle ferdselsvegar viser klart igjen i fleire av dei utvalde områda.

d) Verdifullt biologisk mangfald

Ut frå biologisk mangfald er desse områda eit av dei viktigaste kulturlandskapsområda i Noreg. I skråningane på Dale er floraen helt unik med totalt over 450 registrerte planteartar og med ei rekkje regionalt, og nasjonalt sjeldne artar. Av dei fem plantane som har Rennesøy som einaste veksestad i Noreg er dvergmarikåpa å finne både på Dale og på Bø. Det er eit stort mangfald av lav, mosar, sopp og beitesopp i skråningane nedanfor Knott på Bø. Områda har også eit representativt mangfald av ulike tradisjonelle kulturmarkstyper. Ein naturtype som er akutt trua er kamgraseng, fem andre er sterkt trua. Det er òg stor artsrikdom i faunaen. Områda er t.d. hekkeplass for sårbare raudlista og trua fugleartar.

e) Friluftsliv

Rennesøy kommune sitt mangeårige samarbeid med grunneigarar har ført til eit nettverk av merka turstiar i områda. Stavanger kommune vidareførar dette samarbeidt. Det er tilrettelagt parkerings- og informasjonsskilt ved innfallsportane til turstiane. Områda blir hyppig nytta til rekreasjon av både innbyggjarar i kommunen og folk frå tettbygde område på Nord-Jæren. Det er i tillegg ein aukande friluftsinteresse for desse områda. Frå toppunkta er det utsikt over heile Rennesøy, Boknafjorden og fastlandet langs kystlina i Boknafjorden. Registreringar viser ein klar auke i tal turgåarar til Hodnetoppen dei siste åra. Nye turskilt er og ført opp.

f) Formidlingsverdi og informasjon ut

  • Skilting og informasjon rundt om i kommunen, skal komme meir
  • Rennesøy si kulturhistorie (Rennesøy historielag)
  • Brosjyre utgitt )
  • Nettside

g) Næringsutvikling

Røsslyngen beitelag

Røsslyngen beitelag ble skipa av dei tre bøndene Guttorm Gudmestad, Ove Heggland og Knut G. Gangenes i 2005. Det vart ekstra kraft i deira satsing på næringsutvikling når området på Hodne vart vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Dette er eit særmerkt kystlyngheiområde på  1300 dekar som dei med støtte av SMIL-midlar i 2005 fekk gjerda inn og. Dei brende og rydda lyng og kratt, før dei slapp villsau og Angus Storfe ut på beita. Angussen er eit nøysamt og godt beitedyr som kan produsere høg kjøtkvalitet på utmarksbeiter. Dette gjer at produksjonen i dei utvalde områda ofte ligg tett opp til økologisk drift.

I ein periode produserte dei også iskrem basert på mjølk frå storfeet som beiter i lyngheiene på Rennesøy. Dette måtte avsluttast underkorona pandemien. Ved sidan av sal av produkt i deira eige gardsutsal har dei ei god kundekrins både lokalt og i Rogaland elles. Røsslyngen beitelag er òg med i Rymat, produsentnettverket for lokalmat i Ryfylke.

Hanasand Gård og Kjøkken

Ekteparet Monica og Stig Jakob Hanasand har sau, driv eit gartneri på Hanasand og har gardsutsal på «Hanasand Gård & Kjøkken». Her sel dei heimeproduserte produkt basert i hovudsak på lokale råvarer frå eigen gard, naturen og lokale bønder. Gamle tradisjonar innan mat haldast i hevd samstundes som dei følger med på nye mattrendar. Ekteparet vitjar ofte matmesser både i inn- og utland, - for å marknads-føre eigne varer og for å hente inspirasjon til nye produkt.  De er opptatt av gardsdrifta med sau og gartneri men vil òg legge meir til rette for å ta imot besøkande som mellom anna vil sjå, smake lokal mat og oppleve kulturlandskapet på Rennesøy.  

Sjøberg ferie

Familiebedriften Sjøberg Ferie har sidan oppstarten på Østhusvik i 2000, teke imot besøkjande til mellom anna overnatting, servering av lokalmat og naturopplevingar. Dei er kjend for å av å nytte lokale råvarer og vela dei beste produkta frå Ryfylke på deira kjøkken. Dei er fast mottakar av råvarer frå mellom anna Røsslyngen beitelag. Denne reiselivsbedrifta ligg i sjøkanten på Østhusvik og med kort avstand til turstiane i Utvalde kulturlandskap. l til I 2015 inngjekk dei ei meir formell avtale med styret i Utvalde kulturlandskap på Rennesøy om at dei òg skulle fremja satsinga og informera meir aktivt om Utvalde kulturlandskap ovanfor deira gjester.

h) Kontinuitet og tidsdjupne

Kulturlandskapet på Rennesøy er forma av samanhengande busetnad og aktiv bruk av arealressursar til livnæring gjennom minst 10 000 år. Dagens aktive og moderne bønder innanfor dei utvalde områda, har på Rennesøy vidareført den historiske landbruksarven med moderne reiskap. , deira føregjengarar gjennom mange hundrår hadde, om å nytta arealressursane ???

Intakt kulturlandskap som var i ferd med å gro igjen eller gå tapt pga. intensivering i landbruket.

Heilskap: Beitedyr i kystlyngheia binder dei tre utvalde områda på Rennesøy saman.

Oppsummering og utveljing

2.5 Verdiar i dei utvalde områda

 

Hodne-Dale-Sel

Førsvoll-Austbøheia

Helland-Bø

Biologiske verdiar

På Dale, - over 480 planteartar i skråningane, og fleire trua og raudlista artar. 5 plantar med Rennesøy som einaste veksestad i landet. Kystlynghei på platået.

Kystlynghei på platået, Austbøheia. Natur-reservat i samband med våtmark ved Førsvoll.

Kystlynghei på platået. Dvergmari-kåpe registrert på innmarksbeite ved sjøen. Fleire nasjonalt sjeldne artar av beitesopp rundt Knott.

Kulturmarks-typar

Mosaikk med innmark, kystlynghei, lauvskog tørrbakker, fuktmyr.

Urørt stort myr-område, våtmark og kystlynghei.

Kystlynghei, innmark, steinur med sjeldan beitemarksopp.

Kultur-historiske verdiar

Automatisk freda kulturminne, lang historie på ferdsel, historisk knutepunkt mellom bygder. Historia om Dalevegen er godt bevart og dokumentert.

Automatisk freda og nyare tids kultur-minne. Utstrakt og unik nytte av stein til fundament, tørrmurar og til gjerde. Vatn som energikjelde for fleire kvernhus ved ein bekk.

Restaurert kai som tidlegare var stoppe-stad for dampferjer.

Naustmiljø på Helland. Gravhaugar på sentrale utkikks-punkt langs kystelinja.

Heilskapleg kultur-landskap

Gamalt og nytt om kvarandre. Dalestemmen er eit midtpunkt for skog, gjødsla beite, grashei og kystlynghei. Stemmen har sin historiske verdi som energikjelde.

På Førsvoll har tida stått «stille», på godt og vondt.

Stor variasjon frå strandsone med innmark, kratt- og lauvtreskog i skråning til kystlynghei og grashei på platået.

Kontinuitet og tidsdjupne

Steingardane er bevis på fortida sitt landbruk. Bygdeborga frå folke-vandringstida på Hodne-toppen gir vidt utsyn over Nord-Jæren og Ryfylke. Piggsteingardar

Piggsteingardar og mange flotte tørr-murar i stein viser til ein epoke som noverande eigarar ikkje er i stand til å fylgja opp

Steingardane er bevis på fortidas landbruk. Det er nokre pigg-steingardar i området samanlikna med andre stader.

Representa-tivitet og særpreg

Det mest nytta tur-området i Rennesøy kommune ligg i kort avstand frå bustad-områda på Vikevåg og i Østhusvik.

«Fjellgarden» på Rennesøy med flott kulturlandskap er lett synleg frå vegen. Austbøstemmen, - største vasspegel i kommunen

Flott og variert turområde med god utsikt ut over det kuperte platået og mot Klosterøya.

Formidlings-verdi

Det ligg myke kunnskap og historie i kulturlandskapet, - ukjent for det moderne samfunnet. Relevant som tema for folk i alle aldrar i og utanom kommunen.

3. Utfordringar

a)    Biologisk mangfald

  • Kontroll på sitkagran, bjørk og einer.
  • Halde ugras nede (einstape, tistel, høymole, lyssiv, knappsiv mv…).
  • Oppretthalde gjødslingsfrie kantsoner mot område med verdfullt biologisk mangfald.
  • Tilpassa og målretta riktig beitetrykk med sau og ev. storfe.
  • Ivaretaking av eit heilskapleg kulturlandskap med minst mogleg inngrep kombinert med behov for meir gjødsla produksjonsareal.

b)    Rett skjøtsel av kystlynghei

  • Tilpassa beitetrykk.
  • Beiting og/eller brenning for å sikre fornying av lyngplantar.
  • Samarbeid på tvers av eigedomar.
  • Godt gjerdehald.

c)     Kulturminne

  • Automatisk freda kulturminne: synleggjering utan å forringe kvalitetane.
  • Nyare tids kulturminne
  • Vedlikehald av steingardar, piggsteingardar og andre særprega kulturminnar i stein som til dømes demningar, geiler og støttemurar i stein.
  • Restaurering/vedlikehald av bygningsmasse (jordkjellarar, torvhus, eldhus, kvernhus …)
  • Kartfeste gamle ferdselsvegar, vegfar og gamle stadnamn…

d)    Friluftsliv

  • Den største utfordringa er vedlikehald/utbetring av turstiar grunna aukande tal turgåarar.
  • Manglande kapasitet på parkeringar ved turstiane.
  • Vidare fornying av skilting og informasjonstavler i området (skilt som toler dyr og være).
  • Turgåarar sin respekt for krav til bandtvang for hund (stor utfordring).
  • Avtalar i jakttida (ikkje jakt på søndagar).

e)    Aktuelle utfordringar/moglegheiter

  • Fagleg kapasitet for god oppfylging av skjøtselsavtalane og UKL-områda.
  • Samarbeid med andre aktørar med eigedom innanfor UKL-områda
  • Samarbeid med aktørar som har interesser i områda
    • Rennesøy og Finnøy turlag, Stavanger Turistforening, og Ryfylke friluftsråd
    • Rennesøy historielag
    • Skulane, speidarar (lavvo i Daleskogen).
  • Vilje til å satse på å ta vare på verdiane i kulturlandskapet

f)     Reiseliv

  • Manglande samordning og felles innsats mellom reiselivsaktørar på Rennesøy
  • Felles brosjyre «Dei grøne øyane»
  • Brosjyre: Rennesøy Utvalgte kulturlandskap i jordbruket
  • Reiselivsprosjekt Utstein kloster, Utstein Kloster Hotell, Sjøberg ferie, Fjordbris Hotell, Fjøløy fort, Hanasand Gård og Kjøkken, Museum på Meieriet…………
  • Ny ansatt næringsutviklar for landbruk i Stavanger kommune skal hjelpe med næringsutvikling basert på UKL-område Rennesøy

4. Visjonar og mål

Det heilt unike med utmarksområda i dei utvalde områda på Rennesøy målt opp mot resten av Rennesøy, Jæren og heile Europa, er eit kulturlandskap som i liten grad er prega av dei siste tiår med sterkt mekanisert landbruk. Terrengoverflata, landskapsbiletet, vegetasjonen og natur- og kulturverdiane har i liten grad vært utsett for irreversible påverknadar.

Det tradisjonelle kulturlandskapet med tilhøyrande landskapsmessige-, kulturhistoriske-, og natur- verdiar blir endra og mange verdiar går tapt eller blir redusert.

Dei utvalde områda er tilrettelagt for rekreasjon og opplevingar av både landskap og kulturhistorie. Dei etablerte turstiane i områda har så stor belastning, at vedlikehaldsarbeidet av desse må prioriterast høgt. I tillegg bør arbeidet med å oppdatere informasjonsskilt ved ulike typiske kulturlandskapselement og langs turstiane vidareførast. Dette for å formidle noko av tidlegare tider si drift og kulturhistorie.

Visjonar

  • Vi vil jobba for eit aktivt landbruk som leverer etterspurde produkt av høg kvalitet.
  • Vi vil ha beitedyr i kulturlandskapet.
  • Kulturlandskapet i dei utvalde områda skal framover vere i enda betre stand målt opp mot dagens kvalitetar.

Mål

  • Hovudmålet med forvaltningsplanen er å ta vare på kvalitetane i dette særprega og verdfulle kulturlandskapet og samstundes oppretthalde og vidareutvikle bruken av områda for vidare god drift for den einskilde grunneigar.

5. Restaurering, skjøtsel og tilrettelegging

5.1 Landbruk

a)    Hindre attgroing

Dei utvalde kulturlandskapsområda er eit resultat av menneskeleg påverknad gjennom eit par tusen år. Torvskjering, brenning og hausting av fôr var viktige faktorar for å halde kulturlandskapet ope. Beiting og tettleiken av beitedyr har likevel vore den viktigaste faktoren til det opne og varierte heialandskapet dominert av kystlynghei.

Når beiteintensiteten blir redusert eller aukar, får samansetninga av vegetasjonen over tid, ei stegvis endring. Veldig sterkt beitetrykk hindrar all forynging av tre, buskar og delvis lyng. Dette kan på sikt gi eit meir grasdominert heiaområde. Beitetolerante artar som bl.a. finnskjegg vil ekspandere. Ved liten beiting skjer ein motsett prosess med ei stegvis attgroing av heiaområda, - mot eit gras og skoglandskap. Påverknader med t.d. tekniske inngrep (oppdyrking) eller oppgjødsling vil òg drastisk endre samansetnaden av vegetasjonen.

Trass i skjøtselstiltak og aktivt bruk av områda som beite, er det ein kontinuerleg utfordring å sikre at bjørk, einer og sitkagran ikkje tar overhand i kulturlandskapet. Skjøtselstiltaka har likevel redusert attgroing av kulturminne, steingardar, gravhaugar, hustufter m.m.

I område utan tilstrekkeleg med beitedyr, er attgroing med busker/kratt den største utfordringa. Hovudtiltaket for desse områda er å halde fram med å rydde og legge til rette for auka beitetrykk.

I deler av områda kan sambeiting (storfe og sau) vere effektivt dersom sjukdom ikkje er til hinder for sambeiting.

Kulturminne kan ryddast skånsamt for vegetasjon om ikkje beitedyra held dette ope.

b)    Hindre uheldige inngrep i kulturlandskapet

Det er eit mål å ta vare på heilskapen og dei estetiske kvalitetane i dette særprega landskapet. Einskilde tiltak vil kunne påverke verdiane i dei utvalde områda på ein uheldig måte.

Inngrep i dette kulturlandskapet skal fremje dei eksisterande kvalitetane som gjer dette kulturlandskapet så unikt.

Oppdyrking av nye areal vil påverke landskapsbildet og fullstendig endre samansetnaden av vegetasjon og dei tradisjonelle kulturmarkstypane. Dette strir mot hovudmålsetjinga for området og bør difor normalt ikkje skje.

Opent vasspegel er viktig for å oppretthalde landskapsbilete og vegetasjonsutforming og bør ikkje endrast ved grøfting eller andre inngrep.

Unngå nye kraftliner innanfor områda.

c)    Gjødsling

Gjødsling vil påverke og redusere samansetnaden av artar og vegetasjonen sterkt. Mangfaldet av dei tradisjonelle kulturmarkstypane og flora som gjer eit område unikt, kan forsvinne. Gjødsling vil føre til at lynghei og blomstereng går over til grasdominerte område i løpet av kort tid. Gjødsling bør difor skje på minst mogleg areal.

Innanfor gjeldande avtalar får innmark med særskilt verdi og som ikkje skal gjødslast ein kompensasjon for redusert avling.

d)    Vegar i områda

Etablering av nye vegar/vegtraséar eller vedlikehald av eksisterande vegar i området vil kunne ha negativ effekt på dette opne og sårbare landskapet, men det kan vurderast ved ev. nye behov framover.

Vedlikehald av eksisterande vegar må utførast slik at omsyn til landskapet sine spesielle kvalitetar blir ivaretekne.

e)     Landbruksbygningar

Dei gamle bygningane og andre kulturminne som blir nytta i samband med tradisjonell bruk av områda er viktige kulturhistoriske element som bør takast vare på. Vidare restaurering av eksisterande kulturminne er ynskjeleg og naudsynt. Vedlikehald av eksisterande bygningar bør utførast i tråd med tradisjonell byggeskikk og vere tilpassa landskapet. På Førsvoll er forfall av den verdfulle bygningsmassen særs uheldig.

Bygningstiltak skal ta omsyn til utforminga av eksisterande bygg og bør så langt som råd plasserast med tanke på å passe inn i eksisterande terreng, landskap, vegetasjon og miljøverdiar.

Oppføring av nybygg skal ta omsyn til plassering, storleik, form, takform, proporsjonar, farge- og materialbruk og andre detaljar. Desse skal så langt det er mogleg tilpassast eldre/eksisterande bygg i val av materiale, form og farge.

Nye driftsbygningar skal fortrinnsvis plasserast som ein integrert del av eksisterande tun.

f)    Skogplanting

Innplanting av barskog i deler av områda skjedde på 50-60 og -70 talet. Dette har endra både det særprega landskapsbiletet og vegetasjonssamansetjinga. Etablering av nye plantefelt er uheldig i dette sjeldne heialandskapet og er ikkje i samsvar med målsetjinga for området. Det er også ynskjeleg å redusere eksisterande planteskog.

Eksisterande planta skog bør ein ta ut når det er hogstmogent.

Etablering av nye plantefelt i dette sjeldne heialandskapet er klart uheldig og bør ikkje utførast.

g)    Motorferdsel

Det er eit generelt forbod mot motorisert ferdsel i utmark. Motorferdsel bør avgrensast til eit minimum.

I dei utvalde områda er det lov til å nytte motorkøyretøy i samband med vanleg næringsdrift og naudsynt skjøtsel. Grunneigarar sin ferdsel med motorkøyretøy bør leggjast til periodar der det skjer minst skade på vegetasjon og jordsmonn (tørre periodar eller når det er frost).

h)     Mindre inngrep i samband med jordbruksdrift

En bør generelt ikkje foreta inngrep av stort omfang i kulturlandskapet, som t.d.:

  • kanalisere og lukke elver og bekkar.
  • lukking av opne grøfter.
  • fjerning av steingardar, gamle rydningsrøyser eller andre kulturminne av stor verdi.
  • planering av jordbruksareal.
  • fjerning av ferdselsårer, nye og gamle.
  • sprøyting av kantvegetasjon, med mindre dette er eit ledd i skjøtselen av kulturlandskapet.

Dette er ikkje til hinder for tiltak som skal hindre avrenning, erosjon mv….

Det er fleire lover og forskrifter som regulerer fysiske inngrep i landskapet. Desse vil sjølvsagt framleis gjelde, og dei vil vere utgangspunkt for handsaming av eventuelle nye tiltak innanfor dei utvalde kulturlandskapsområda.

For å sikre at alle sider som omhandlar landskaps- og miljøtiltak blir grundig belyst, skal alle nye fysiske tiltak i dei utvalde områda sendast via kommunen til Fylkesmannen i Rogaland for høyring. Alle tiltak som gjeld nyare og eldre tids kulturminne skal i tillegg sendast på høyring til Rogaland Fylkeskommune.

i)    Stimulere til auka næringsutvikling.

Dei 22 nasjonalt utvalde områda har ein heilt særskilt høg status og er prioriterte område for ekstra tilskot til tiltak etter gjeldande skjøtselsavtalar. Auka næringsutvikling er ein av dei langsiktige målsetjingane med satsinga.

Jobbe vidare med å marknadsføre kjøt og andre produkt frå desse områda som eigen merkevare.

5.2 Samfunnsnytte av områda

a)    Friluftsliv og turstiar

Etablering av nye turstiar og vedlikehald av dei eksisterande turstiane bør ikkje ha negativ effekt på dette opne og sårbare landskapet. Det viktigaste elementet som skal ivareta turstiane sin funksjon er at folk kan gå tørrskodd gjennom kulturlandskapet. Ein må samstundes jobbe for å oppretthalde dei utvalde områda sitt naturlege særpreg.

Dei utvalde områda er tilrettelagt for rekreasjon og opplevingar av både landskap og kulturhistorie. Dei etablerte turstiane i områda har så stor belastning at vedlikehaldsarbeidet på desse må prioriterast høgt. I tillegg bør arbeidet med å oppdatere informasjonsskilt ved ulike typiske kulturlandskapselement og langs turstiane vidareførast.

Vedlikehald av eksisterande og etablering av nye turstiar må utførast slik at omsyn til landskapet sine spesielle kvalitetar vert ivaretekne.

Såframt grunneigarar er positive, kan frivillige organisasjonar og andre frivillige gjere ein innsats for å fremje verdiane i dei utvalde områda (vedlikehalde og skilte eksisterande turstiar, andre skjøtselstiltak).

Det bør etablerast eit enno tettare samarbeid med reiselivsaktørar i kommunen.

b)    Undervisning

Områda er godt eigna til undervisning i naturbruk. Dette skuldast den levande historia som ligg framme i dagen i kulturlandskapet. Områda har òg stort undervisningspotensiale i lokalhistorie, tradisjonell utmarksbruk, kulturminne, økologi, studiar av planter og dyreliv.

c)     Informasjon

  • Vidare skilting.
  • Arbeide vidare med å gjere områda til eit utstillingsvindauge for villsaudrift?
  • Utforma ein informasjonsbrosjyre om villsau og villsaudrift (villsausafari)?
  • Oppdatere gjeldande brosjyre, med tekst på engelsk og tysk.

d)    Miljøovervaking og forsking

Det er samla mykje kunnskap om tradisjonell skjøtsel og bruk av områda, vegetasjonstypar, attgroing, flota og fauna, - og kulturminne.

  • I 2019 : evaluering av satsinga på UKL på Rennesøy.

6. Lovverk-status og tiltak

De tre delområda Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvoll er i kommuneplan for Rennesøy 2005-2011 avsett som LNF-område. Våtmarksområda rundt Førsvoll er naturreservat.

6.1 Kommuneplan for Rennesøy kommune – status arealplanen gjeld fortsatt fram til ny plan er vedtatt i Stavanger kommune

Landbruket har ei avgjerande betyding for forvaltninga av kulturlandskapet, for vidareføring av rike kulturtradisjonar og vil framleis vere ein svært viktig næring i kommunedelen. Ved sidan av rein matproduksjon opprettheld landbruket det varierte kulturlandskapet som kommunen er kjent for. Kommunen ynskjer at landbruket får gode driftsvilkår gjennom langsiktig sikring av dei viktigaste jordbruksareala og å leggja til rette for gardbrukarar kan få fleire bein å stå på.

Dei tre UKL-områda har status som omsynssonar for landskap innanfor område for landbruk, natur og friluftsliv i kommuneplan for Rennesøy kommune 2019-2030. Kommunen sine målsetjingar for arealbruk i mellom anna desse UKL-områda er å styrke og auke tilgjenget. Areala skal drivast etter skjøtselsplanar og grunneigaravtalar godkjend av kommunen. Turstiar kan opparbeidast i terreng. Naturverdiane skal ikkje reduserast.

Av nemnde tiltak skal det mellom anna:

  • Sikre gode og langsiktige avtalar med grunneigarar om parkering og anna tilrettelegging.
  • Vedlikehald av områda med klarte definerte ansvarsforhold frå offentleg og privat hald.
  • God skilting til friluftsområde og turstiar.
  • God merking av traséane til turstiane.
  • Informasjon: brosjyrar i reiselivsanlegga, internett, lokalavis.
  • Sikre at bandtvang for hund blir oppretthaldt i heile Rennesøy kommunedel.

6.2 Kommuneplanens samfunnsdel 2020-2034, Stavanger kommune

Stavanger skal ta vare på naturen og sikre naturmangfaldet og kulturlandskapet:

Derfor vil vi vere pådrivar for berekraftig drift av landbruksareala og eit sterkt jordvern

6.2 Stavanger kommune sin næringsstrategi 2021-2030

Satsingsområde Landbruk og havbruk – Landbruk: «Rogaland er matfylket med ca. 30% av matproduksjonen i Norge. Jordsmonn og klima gir regionen noen av Norges mest produktive landbruksområder. Lysforhold, klima og tilgang på naturgass gir Ryfylkeøyene konkurransefortrinn for gartnerdrift i veksthus. Det er potensial til å øke verdiskapingen, styrke verdikjeder, øke ressursutnyttelsen og utvikle og foredle produkter basert på gode og kortreiste råvarer.

Satsingsområde Opplevelser, reiseliv og kultur: «Stavangerregionen er Norges mest internasjonale og utadrettede storbyområde. Kort vei fra storbyen til veldrevne kulturlandskap og storslagen natur på øyer og i fjorder, gjør det enkelt å kombinere byliv og kulturopplevelser med naturopplevelser og aktiv ferie.

Matbyen Stavanger byr på kulinariske opplevelser i verdensklasse, basert på kortreiste råvarer, fra jord og fjord til bord.»

6.3 Relevante regionale planar

Regionalplan for landbruk i Rogaland ser på kulturlandskapet som ein stor beiteressurs. Kulturlandskapet er òg kulturberar, rekreasjonsområde, reisemål og leveområde for verdfull flora og fauna. Rogaland har mål om å ta vare på og vidareutvikle kulturlandskapsverdiane, opparbeide heilskapleg kunnskap om skjøtsel av viktige og verdfulle kulturlandskapselement, opne kulturlandskapet for friluftsinteresserte og innlemme kulturlandskapet i reiselivssatsinga.

6.4 Anna lovverk

  • Naturmangfaldlova
  • Forskrift om produksjonstilskot
  • Forskrift om regionalt miljøprogram
  • Forskrift om utvalde kulturlandskap og verdensarvområda.
  • Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav
  • Forskrift om gjødslingsplan

7. Kostandsoverslag og finansiering

7.1 Kostander

Oversikt over kostnader tilknyttet kulturlandskap

7.2 Finansiering

 

 

Grunneigar

Stavanger Kommune

Statsforvaltaren

UKL - midlar

Bundne til skjøtselsavtalar og arealbasert etter verdiar på biologisk mangfald

Årleg søknad

rapportering

Vurderer søknaden og rapportering

klageinstans

Til overordna planlegging på tvers av eigedomar, formidling, næringsutvikling, skilt, mm…

Søknad med plan og kostnad

Vurderer og gir uttale til søknaden

klageinstans

SMIL-midlar

Til eingongstiltak for å ivareta kulturlandskap og hindre ureining

Søknad med plan og kostnad

Fattar vedtak

Klageinstans

RMP-midlar

For vedlikehald av regionalt utvalde verdiar i kulturlandskapet

Søker sjølv via Internett

Vurderer og fattar vedtak

Klageinstans

AK-tilskot

Generelt tilskot for mellom anna ulemper kulturlandskaps-element har for drift.

Søker sjølv via Internett

Vurderer og fattar vedtak

Klageinstans

UTM-midlar

Næringsutviklingsmidlar

Søker sjølv via Internett

 

Fattar vedtak og ev. utbetaling etter avtale

Kommunale midlar

Kommunen bør bidra med midlar på tiltak i UKL-områda som kjem samfunnet til nytte

Ein eller fleire grunneigarar søker sjølv til kommunen.

Forberede saka til kommunal avgjersle.

 

Kultur-minnefond

Nasjonalt tilskot for å ivareta særs viktige kulturminnar

Søknad direkte via Kulturminnefondet sin søknadsportal

Stiftelsen UNI

Støtte for å forebygge skade og ivareta særs viktige kulturminnar

Søknad direkte til Stiftelsen UNI

Miljødirektoratet

Tilskot til tiltak for trua naturtypar

Søknad direkte til miljødirektoratet

7.3 Behov for midlar gjennom utvalde kulturlandskap i jordbruket

Skjøtselsavtalene er arealbasert

Tiltak

UKL

SMIL

Sum

2023

2024

2025

2026

2023

2024

2025

2026

Planlegging

80 000

25 000

25 000

90 000

40 000

50 000

50 000

75 000

435 000

Kulturminner

 

75 000

 

60 000

10 000 

 

15 000 

25 000 

185 000

Biologisk mangfold

385 000

450 000

500 000

450 000

90 000

115 000

125 000

125 000

2 240 000

Skjøtsel landskap

15 000 

20 000 

20 000 

20 000 

 

 

 

 

75 000

Andre nærings-retta tiltak

80 000

25 000

40 000

25 000

210 000

210 000

200 000

220 000

1 010 000

Forsøk

 

 

 

 

 

 

 

 

0

Formidling

45 000

20 000

40 000

30 000

25 000

10 000 

30 000

 

200 000

Sum

605 000

615 000

625 000

675 000

375 000

385 000

420 000

445 000

4 145 000

 

Budsjett for kulturlandskap mellom 2023 og 2026

7.4 Kriterium og utmålingsreglar

Hovudmålet er å ta vare på kvalitetane i dette særprega og verdfulle kulturlandskapet, og samstundes oppretthalde og vidareutvikle bruken av områda for vidare god drift for den einskilde grunneigar.

Det er i avtalane sett ein sats per dekar etter markslag som

  1. skal kompensere for avlingstap ved redusert/ingen gjødsling på innmark
  2. verdi på det biologiske mangfaldet

8. Skjøtselsplanar

Det er utarbeida 15 skjøtselsplanar i samband med skjøtselsavtalar for dei utvalde områda. Dei fleste planane er nyleg oppdatert. I område Helland-Knot-Bø vart det gjennomført NiN-kartlegging i 2022. Det blir aktuell å oppdatere skjøtselsplanane i dette område etter at kartleggingane er lagt inn i Naturbase.

Navn

Adresse

Postnr.

Poststed

År oppdatert

Guttorm Gudmestad

Hodneveien 145

4150

Rennesøy

2022

Olav Bø

Bøveien 31

4150

Rennesøy

2018

Gabriel Grødem

Hellandsveien 251

4150

Rennesøy

2018

Thomas Bø (Kari Helen Bø)

Hellandsveien 136

4150

Rennesøy

2018

Gaute Dahle

Mølleveien 14

4150

Rennesøy

2022

Eimund Garpestad

Selsveien 84

4150

Rennesøy

Under oppdatering 2023

Kristin Surnevik

Daleveien 259

4150

Rennesøy

2022

Ove Heggland

Hodneveien 80

4150

Rennesøy

2022

Tjærand Frafjord

Hellandsveien 105

4150

Rennesøy

2022

Arild Risa

Sørbøveien 608

4150

Rennesøy

2018

Tommy Bø
Ove Harald Bø

Bøveien 8
Sørbøveien 780

4150

Rennesøy

2018

Eirik Voll

Galtaveien 61

4150

Rennesøy

2018

Christoffer Østebø

Talgjevegen 253

4163

Talgje

2015 under oppdatering 2023

Haakon Vidar Austbø
Ole Austbø (Morten Ringdal)

Dalåkerveien 57A
Dalåkerveien 56

4150

Rennesøy

2020, bør oppdaterast pga. endring i drifta

Ola Gudmestad

Østhusmarka 41

4150

Rennesøy

2022

Arealsoversikt knyttet til kulturlandskap

Siden 2009 en grunneier ute (Førsvoll), utskifting på fire garder, Røsslyngen er oppløyst

9. Fagleg grunnlag

9.1 Eksisterande kartlegging

  • 1996 Dagestad - rapport
  • 2008 Samlerapport for prosjekt for å kvalitetssikre kulturminnar i Rennesøy kommune
  • 2013 Ecofact - rapport
  • Fleire rapportar

9.2 Dokumentasjon/fagkunnskap

  • Naturbase: Oppdaterast når siste registreringar er lagt inn
  • Askeladden
  • Temakart Rogaland
  • Kulturminneplan Rennesøy kommune

10. Vedlegg, litteratur og litteraturkjelder

  • Naturlig spredning av utenlandske treslag, NISK 19/99, Per Holm Nygaard, Oddvar Skre og Roald Brean
  • Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert verksemd i Rogaland - NIBIO RAPPORT VOL.: 2, NR.: 75, 2016 med vedlegg, Heidi Knutsen
  • Forvaltningsplan for utvalgt kulturlandskap på Rennesøy, Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvoll, 2009
  • Forvaltningsplan for utvalgt kulturlandskap på Rennesøy, Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvoll, 2018
  • Verdier i- og forslag til forvaltning av kulturlandskapsområdet Hodne-Helland-Bø, Knut Henrik Dagestad.
  • Samlerapport for prosjekt for å kvalitetssikre kulturminner i Rennesøy kommune, Silje Lillevik, 2008
  • Utvalgte kulturlandskap i jordbruket, Tilråding til Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet, 2008
  • SLF Rapport 20 Utvalgte landskap, 2008
  • Kommuneplan for Rennesøy kommune 2019-2030, arealdel.
  • Kommuneplanens samfunnsdel 2020-2034, Stavanger kommune

 

Kontaktinformasjon

Silke Ullrich

Silke Dorothee Ullrich

Rådgiver

Telefon:
51 91 28 44
E-post:
silke.ullrich@stavanger.kommune.no