Bygging/ombygging av landbruksvegar er regulert av "Forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksformål". Forskrifta skal sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på ein måte som gir gode landbruksfaglege løysingar. Det skal samtidig leggjast vekt på omsynet til miljøet, naturmiljø, landskap, kulturminne og friluftsliv.
Forskrifta omfattar nybygging og ombygging av landbruksvegar, der landbruksverksemd er hovedføremålet. Om føremålet med vegen ikkje er landbruk eller skogbruk, må det søkjast om løyve/dispensasjon til bygging av veg etter regelverket i plan- og bygningslova og evt. veglova.
Ved planlegging av bygging av landbruksveg bruker du handboka Normaler for bygging av landbruksvegar.
Søknad om bygging av landbruksveg sender du med dette skjemaet.
I tillegg til søknaden må du leggje ved eit kart som viser vegtraseen.
Saksgang
Kommunen behandlar søknaden. Kulturavdelinga i Fylkeskommunen er høyringinstans i saker relaterte til kulturminne. Om vegen kan komme i konflikt med verdfullt naturmangfald, må saka sendast på høyring til Statsforvaltaren. I nokre tilfelle er òg Statens vegvesen høyringspart.
Har du spørsmål og eller ønskjer du meir informasjon kan du kontakte landbruks- og havbrukskontoret, eller lese spørsmål og svar på Landbruksdirektoratets sider.