Stavanger kommune har i overkant av 46 000 dekar dyrka jord. NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) har berekna at det i kommunen er om lag 9 234 dekar dyrkbar jord. Her finn du noko som areal NIBIO har klassifisert som dyrkbar jord.
Nydyrking inkluderer fulldyrking og overflatedyrking av jord, og gjenoppdyrking av jord som har lege ubrukt i over 30 år. Nydyrking av areal til jordbruksforemål må godkjennast av kommunen. Grunnen til dette er at vi må sikre at nydyrkinga skjer på ein måte som tek omsyn til natur- og kulturlandskapet, og miljøverdiar som biologisk mangfald, kulturminne og landskapsbilete.
Det blir òg lagde vekt på å sikre driftsmessige gode løysingar og behovet for dyrka jord. Dersom arealet som du søkjer om å nydyrke er over 50 dekar, må det vurderast om tiltaket må konsekvensutreirs. Ved nydyrking mot vatn eller sjø blir det som regel sat krav til vegetasjonssone.
Stortinget har vedteke endring av jordlovas § 11 slik at det kan leggjast ned forbod mot nydyrking i myr. Endringa av nydyrkingsforskrifta er så langt ikkje vedteken, men det er venta at det skjer snart.
Når du skal søkje om nydyrking bruker du dette skjemaet. I tillegg til søknaden må du leggje ved eit kart som viser arealet du søkjar om å få dyrka.
Saksgang
Kommunen behandlar søknaden, men alle nydyrkingssaker må sendast på høyring til Kulturavdelingen i Fylkeskommunen. Viss det er registerte miljøverdiar eller biologisk mangfald av større interesse, må òg Statsforvaltaren få moglegheit til å uttale seg. Derfor må du rekne med meir enn månad før saka er ferdig behandla.
Har du spørsmål kan du kontakte ein av fagkonsulentane for landbruk eller kommunen sin landbrukssjef.