Tilskots- og erstatningsordningar i jordbruket
Information in other languages
Produksjonstilskot
Produksjonstilskot er ei fellesnemning for ei rekkje tilskotsordningar som føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søkje om.
Finn meir informasjon, og les meir om korleis du søkjer på søknad om produksjonstilskot
Tilskot til regionale miljøtiltak
Tilskot til regionale miljøprogram er heimla i Forskrift om tilskot til regionale miljøtiltak i jordbruket, Rogaland
Alle landbruksføretak som har rett til å få produksjonstilskot, kan søkje regionalt miljøtilskot.
Tilskotsordninga er etablert for å halde oppe kulturlandskapet og forhindre forureining frå landbruket. Tiltaka og satsar blir bestemde ut frå kva Statsforvaltaren i Rogaland ser på som dei største miljøutfordringane i fylket. Satsane blir justerte årleg.
- Vilkår og rettleiing finst hos Statsforvaltaren i Rogaland og hos Landbruksdirektoratet.
- Tilskot til regionale miljøtiltak kan søkjast elektronisk via altinn
Søknadsfrist er 15. oktober.
Søknaden blir behandla av kommunen. Statsforvaltaren er klageinstans.
Tilskot til tiltak i UKL-område, Rennesøy
Stavanger kommune kunngjer tilskotsmidlar til tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket på Rennesøy.
Jfr. Forskrift om tilskot til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Søknadsfrist er 18. mai 2020
Meir informasjon og søknadsskjema på denne nettsida
Skal du søkje om samtykke til inngrep i kulturlanskap, må du bruke dette søknadsskjemaet
Tilskot til drenering
Tilskot til drenering er fastsett i Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord.
Formålet med forskrifta er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord ved å gi tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka jordbruksproduksjon, og dessutan å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.
Eigar av, eller føretak som leiger, tidlegare grøfta jordbruksareal kan søkje tilskot til drenering. Søknad blir send elektronisk via Altinn.
Søknadene blir fortløpande behandla.
Hos Statsforvaltaren i Agder finst meir informasjon, og skjema for dreneringsplan.
Informasjon om tilskot til drenering finst òg hos Landbruksdirektoratet.
Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)
Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) er heimla i Forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket
Ordninga skal motivere aktive bønder til å ta vare på det biologiske mangfaldet, kulturlandskapet og hindre forureining.
Søknadsfrist 6. april og 15. august.
Det kan søkjast om tilskot til:
- Utvalt kulturlandskap (UKL) på Rennesøy
- Skjøtselstiltak for biologisk mangfald og kulturlandskap
- fangdammer/renseparkar
- oppsamling og resirkulering av gjødselvatn i veksthus
- hydrotekniske tiltak og erosjonssikring
- opne lukka bekker
- tak på gjødselslager
- andre tiltak mot forureining
- fjerning av piggtråd – ny i 2021
- restaurering av verneverdige bygningar
- turstiar
- planlegging av tiltak m.m.
Kommunen har fått tildelt midlar for 2021.