PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Nyheter
  3. Kafé på innbyggjartorget

Vil du etablera og driva kafé på innbyggjartorget på Judaberg?

Kommunen søkjer nå etter lokale bedrifter som ønskjer å etablera og driva kaféen på innbyggjartorget i Finnøy kommunedel.

Denne nyheitssaka er meir enn ein månad gammal. Innhaldet kan derfor vera forelda eller ikkje oppdatert.

Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.

Innbyggjartorg

Etter sommaren opnar Stavanger kommune dørene til eit nytt innbyggjartorg på Judaberg i Finnøy kommunedel. Innbyggjartorget er ein arena for å møtast, byggja fellesskap og samarbeida om det som skjer lokalt. Her er det hyggjelege sosiale soner og café, arbeidsfellesskap, fleksible møterom, kreative rom, frivilligsentral og innbyggjarservice.

Etablera kafé

Kommunen søkjer nå etter lokale bedrifter som ønskjer å etablera og driva kaféen på innbyggjartorget. Kaféen er tilrettelagt for enkel tillaging og sal av mat og drikke på staden. Den som driv kaféen må ha tilgang til eit godkjent produksjonskjøkken utanom lokala på innbyggjartorget.

Saman med innbyggjarane

På innbyggjartorget skal tilbod og aktivitetar utviklast og driftast saman med innbyggjarane og lokale aktørar. Me ønskjer at kaféen skal vera ein del av samdrifta på torget.

Dialogmøte og kontaktinformasjon

Me inviterer til individuelle dialogmøte med interesserte bedrifter i forkant av anbudskonkuransen. Interesse for deltakelse i anbudskonkuranse og eventuell deltakelse på dialogmøte sendast på epost til innbyggjartorgkoordinator Rita Lindås innan 4. juni kl. 15.00, til: rlindas@stavanger.kommune.no.  

Me ønskjer oppstart av cafédrifta i slutten av august.