Over fire millionar til det frie feltet i 2021
I 2021 skal Stavanger kommune dele ut over fire millionar til det frie feltet. Tilskotsordningane til kunst og kultur er fornya, og det er nå lansert to nye ordningar.
Denne nyheitssaka er meir enn ein månad gammal. Innhaldet kan derfor vera forelda eller ikkje oppdatert.
Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.
I 2021 skal Stavanger kommune dele ut over fire millionar til det frie feltet.
Tilskotsordningane til kunst og kultur er fornya, og det er nå lansert to nye ordningar for det frie feltet:
- Tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak
- Rask respons - tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak for søknader inntil kr 15 000
Tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak har første søknadsfrist 20. april, og det er tilgjengeleg kr 600 000 i denne søknadsrunden. Totalt skal Stavanger kommune dele ut to millionar frå denne ordninga i 2021.
Rask respons gjelder for tilskot inntil kr 15 000, og denne ordninga har ikkje søknadsfrist. Innan tre veker vil søkarar få svar.
Les meir om tilskotsordningane her og korleis du søker: Kulturtilskudd | Stavanger kommune
Før sommaren blir det også lyst ut ei ny stipendordning for kunstnarar og kulturarbeidarar på totalt kr 1 850 000. Medlemsorganisasjonar og nettverk for kunstnarar vil få invitasjon til å gi innspel til den nye ordninga, som blir behandla i utval for kultur, idrett og samfunnsdialog 5. mai.
Tilskotsordningane for det frie feltet saman med stipendordninga utgjer litt over fire millionar.
– Eit prioritert satsingsområde i kulturplanen er «å leve av kunst og kultur». Fornyinga av ordningane og ny stipendordning er ein viktig del av dette arbeidet, seier konstituert kultursjef Kristina Ehrenberg-Rasmussen.
Tilskotsordningane innan kunst og kultur er viktig både for dei som skal skape kunst og kultur, men også for innbyggarane. Det er eit mål i kulturplanen at innbyggarane i Stavanger skal kunne delta i, oppleve og skape kunst og kultur som inkluderer og engasjerer.
– Vi har lagt vekt på at ordningane må treffe dei behova som er i felta, og vi har mottatt mange gode innspel i dette arbeidet, seier Ehrenberg-Rasmussen.
Kontakt:
Kristina Ehrenberg-Rasmussen, konstituert kultursjef
Tlf: 926 32 538