PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Nyheter
  3. Vannassen åpner

Vannassen opnar att før tida

Etter eit år med anleggsarbeid og rehabilitering av demningar, i god tid før planen, er friområdet Vannassen straks klar for opning. Då stiller ordføraren og spesielt inviterte småfolk.

ny trusti ved vann er stengt med skilt og anleggsgjerde

Det meste av byggjegjerda i Vannassen er allereie teke ned. Passasjer som har vore stengd er opna igjen, og turstiar sette i stand.

Berre området rundt dei nye demningane – eller dammane, som det heiter på fagspråket – er enno sperra av. Der går dei siste arbeida føre seg, mellom anna med å få ny belysning langs stien.

I planane skulle anleggsarbeidene vara til nyttår og vel så det, men det har gått i likaste laget, og den nye sluttdatoen er spikra:

Ordførar Tormod opnar anlegget

Torsdag 14. november klokka 12 må alt vere ferdig, for då opnar ordførar Tormod Losnedal turstien oppå sjølve damanlegget, som no ligg rundt ein meter høgare i terrenget enn dei gamle demningane.

Dei første som slepper utpå stien og brua over eit nytt bekkeløp ut av Vannassen, er spesielt inviterte Vannassen-venner frå dei næraste barnehagane.

– Dei små har jammen venta tolmodig, og no gler vi oss til å vise dei både brua, der det faktisk går an å leike Bukke Bruse og trollet, ein liten mini-vassassen, eit par nye gapahukar, akebakkar for vinteren som blir rullebakkar om sommaren, og nye turstiar som har vorte til det siste året, seier prosjektleiar Mari Wigestrand.

Alle andre som har høve er også velkomne til opninga.

Betre for fuglar og hundar

Ein ny eigen holme for fuglane i Vannassen vart det også plass til i prosjektet, som likevel ser ut til å ende innanfor også budsjettet, ikkje berre tidsplanen, med god margin.

Hundeluftingsområdet i Vannassen, som har vore riggplass for anleggsarbeidet, er også på veg til å bli sett tilbake i god stand, og vil bli opna for dei firbeinte om i november. Også der kjem det ny gapahuk, for hundeeigarar i regn og blåst.

Hovudentreprenør i arbeidet med å rehabilitere Vannassen har vore Stangeland Maskin  AS.