Innbyggjarar
Finnøy har om lag 3200 innbyggjarar (per 3. kvartal 2019).
Geografi
Finnøy er eit øyrike ytst i Ryfylke. Landarealet er rundt 104 km2. Det bur folk på 16 av øyane i kommunedelen. Over halvparten av innbyggjarane bur på øya Finnøy. Her ligg også tettstaden Judaberg, som husar kommunedelens innbyggjarrtorg i det gamle rådhuset.
Arbeid
Landbruket har ei særstilling på Finnøy. Primærnæringane sysselset nesten 20 prosent av dei yrkesaktive. Finnøy er kjent for tomatar, og står for rundt 30 prosent av den norske tomatproduksjonen. Samtidig er havbruk viktig, og øygruppa har fleire anlegg for oppdrett av matfisk, og med eit lakseslakteri på Helgøy.