PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Om Stavanger kommune
  3. Bydeler i Stavanger
  4. Hillevåg bydel
  5. Nærmiljøtilskudd for Hillevåg

Nærmiljøtilskudd for Hillevåg

Kort fortalt

  • Nærmiljøtilskotet støttar aktivitetar i nabolaget ditt, til dømes nabolagstreff, ein nabolagshage, festival, grønsakskasse eller andre aktivitetar.
  • Fristane i 2024 er 1. februar, 1. mai, 1. september og 1. november.
  • Søknadsskjema finn du her.

Information in other languages

Kva kan du søkja støtte til?

Du/de kan søkja om tilskot frå dei heilt små til større tiltak, som til dømes mat til nabolagstreff, nabolagshagar, festivalar, mikrobibliotek, open familiedag, hobbygrupper eller andre aktivitetar.

Vi ønskjer å støtta tiltak som:

  • Er med på å byggja tilhøyrsel til Hillevåg og skaper attraktive, opne og inkluderande aktivitetar eller møteplassar som gir opplevingar og auka livskvalitet.
  • Byggjer opp det lokale engasjementet blant bebuar- og velforeiningar, frivillige lag og organisasjonar, eldsjeler og andre aktørar i Hillevåg.
  • Styrkar dugnadsinnsats, kjensla av å høyra til, gleda i eige nærmiljø, samhald og lokalt engasjement i kommunedelen.
  • Tiltak som blir gjennomførte raskt og skaper aktivitet i Hillevåg. 
  • Tiltak som er særleg retta mot sårbare grupper, fellesskap og grøne innslag er ekstra positivt. 

Kor mykje pengar kan ein søkja om?

Mindre beløp på kr 3000, 5000 og 10 000 er lettare å få ja på. Søknader om 25 000 kroner eller meir bør grunngivast grundig og treffa formålet med tilskotet svært godt. Alle tildelingar kan bli mindre enn det blir søkte om. Det blir ikkje gitt støtte til drift eller lønn. Det blir ikkje gitt støtte som blir lagd av som sparing til eit større tiltak. Støtte har ikkje tilbakeverkande kraft for tiltak som allereie har funne stad ved utbetalingstidspunkt.

På dette kartet kan du zooma deg inn og sjå kven vi har gitt støtte til tidlegare:



Kven kan søkja?

Innbyggjarar, bebuar- og velforeiningar, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre som ønskjer å bidra til eit betre nærmiljø på Hillevåg kan søkja om tilskot.

Er du ein enkeltperson med ein god idé til ein nabolagsaktivitet? Eller ei gruppe som allereie arrangerer gatefestar eller jamleg samlar de på leikeplassen til nabolaget? Kva med å oppretta ei velforeining!

Ei velforeining består av naboar som ønskjer å skapa eit godt nabolag. Saman kan de til dømes arrangera ulike aktivitetar som påskeeggjakt, utekino, eller oppretta nabolagshagar. Aktivitetane kan dykk som velforeining søkja tilskot til.

Slik opprettar du velforeining

 

Slik søkjer du

Midlane blir lyste ut fleire gonger i året som eit ledd i områdesatsinga på Hillevåg. Søknadsfristane i 2024 er 1. februar, 1. mai, 1. september og 1. november. Søknadsskjema finn du her!

Dersom det er fysiske tiltak, må det komma frami søknaden at grunneigar støttar tiltaket.

Søknadene blir behandla 1–2 veker etter fristen. Vi sender ut svar så snart som mogleg i etterkant av behandling, seinast 5 veker etter søknadsfristen.

Kontaktinformasjon

nina tunge kvamme

Nina Tunge-Kvamme

Leder av Hillevåg frivilligsentral

Telefon:
51 50 88 58
E-post:
nina.tunge-kvamme@stavanger.kommune.no