PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Om Stavanger kommune
  3. Bydeler i Stavanger
  4. Hillevåg bydel
  5. Områdeløftet i Hillevåg

Områdeløftet i Hillevåg

Vi skal legga til rette for at Hillevåg utviklar seg vidare som ein god stad å leva, bu og arbeida.  Politikarane har vedtatt at områdeløftet skal halda fram, og på denne sida kan du lesa kva vi har tenkt å gjera i 2022 og 2023.

Nye innspel til utvikling av Hillevåg sentrum ​

Kva kan skje viss asfalten og bilvegane rundt Hillevåg torg blir fylt med andre ting? Kan bytemarknad, bibliotek og bynatur vera med på å skapa nytt liv? I samband med områdeløftet og den kommande områdeplanen for dei sentrale delane av Hillevåg, har to arkitektfirma laget nokre framtidsbilete for korleis området rundt Hillevåg torg kan utvikla seg om nokre år.​ Les meir her. 

Kvifor skal det satsast i sentrale Hillevåg?

Folk i Hillevåg har nærleik til sjøen, gode buss- og togsamband og er glade for at alle tenester er i gangavstand frå der dei bur. Samtidig fann forskarane i IRIS ut at innbyggarane opplever at dei ikkje alltid blir høyrde. Nokon slit med økonomien, andre veit ikkje kva som skjer og fleire synest det skulle vore lettare å møtast ute. Ein del tenker ikkje eingong på at dei bur i Hillevåg, og veit endå mindre om historia her. Planen seier noko om kvifor og kva satsingar som er sett i gang.

I den nye handlingsplanen for områdeløft Hillevåg for 2022-2023 er det særleg viktig å skapa møteplassar og inkludera alle.

Alle 9.-klassingar har også arbeidd med medborgarskap. Sjå denne flotte filmen.

Kvaleberg allaktivitetshus
Kvaleberg allaktivitetshus

Kva skjer? Dette arbeider vi med no:

  • Allaktivitetshus på Kvaleberg.
  • Moglegheitsstudiar for området rundt Hillevåg torg. Les meir her.
  • Skapa fleire fysiske møteplassar og grøne samband.
  • Moglegheitsstudiar for Hillevåg sentrum og Esso-tomta slik at folk kan få tilgang til sjøen

Dette har vi fått til

Hillevåg bydel

Hillevåg er ein langstrekt bydel. I områdeløftet konsentrerer vi oss om områda Bekkefaret, Saxamarka og Kvalaberg. 

Kva inneber områdeløftet?

Områdeløft Hillevåg har tre innsatsområde:

  • Gode bu- og nærmiljø
  • Medborgarskap
  • Barn og unge

Kor mykje pengar skal vi bruka?

Områdeløftet i Hillevåg er finansiert av kommunen. I 2022 og 2023 er det sett av 3 millionar kroner kvart år til arbeidet. I tillegg er det sett av 2 millionar til erfaringsutveksling med Kvernevik som no startar opp eit områdeløft. Vi skal også søka staten om finansiering.

Kontaktinformasjon

Kathrine Idsø

Prosjektleder for områdeløftet i Hillevåg

Mobil:
480 66 006
Telefon:
51 91 24 00
E-post:
kathrine.idso@stavanger.kommune.no