PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Politikk
  3. For politikarar
  4. Stavangers spelereglar for politisk debatt

Spelereglar for politisk debatt i Stavanger

Kort fortalt

  • Stavanger kommune har vedtatt eigne spelereglar for politiske debatten i dei folkevalde i kommunen. 
  • Reglane skal bidra positivt til den politiske debatten. 

Information in other languages

Spelereglar for god politisk debatt

Eit godt debattklima er berebjelken i demokratiet.

Frisk debatt skapar engasjement og driv fram gode løysingar. Derfor må vi sørger for at alle som har noko å seia, tør å seia det. Demokratiet skal vera for alle.

Som folkevalde er vi førebilete i samfunnsdebatten. Måten vi snakkar til kvarandre på har noko å seia for korleis ytringsklimaet i samfunnet utviklar seg. Og den kollegiale tonen oss imellom betyr mykje for kor attraktivt det er å vera politikar.

Spelereglane skal bidra til ein konstruktiv, engasjerande og sakleg politisk debatt. Dei skal hjelpa oss å finna gode politiske løysingar, opplysa og engasjera innbyggarane, og gjera det meir attraktivt å driva med politikk.

Samtidig skal vi alltid vareta ytringsfridommen. Då er det heilt nødvendig å sikra takhøgde i debattane.

Som folkevalde i Stavanger kommune skal vi legge vinn på å

  1. Debattera sakleg og halda oss til saka… men det er lov å bruka humor.
  2. Respektera andre og deira meiningar… men det er lov med frisk meiningsutveksling
  3. Ikkje tillegga andre meiningar… men det er lov å visa konsekvensar av politikk
  4. Ta den plassen vi treng… ikkje meir
  5. Ta ordet når vi har noko å tilføra… ikkje oftare
  6. Være høfleg og hyggjeleg med andre… ikkje berre når vi er på veljarjakt

Vi er folkevalde heile døgnet. Spelereglane er gode å følga både i formelle politiske strukturar og i tradisjonelle og sosiale medium.

Kontaktinformasjon