PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Politikk
  3. Ordførar Sissel Knutsen Hegdal(2)

Ordførar Sissel Knutsen Hegdal

Kort fortalt

  • Sissel Knutsen Hegdal har vore ordførar i Stavanger sidan 2023.

Information in other languages

Bilde fra bystyret.

Sissel Knutsen Hegdal representerer Høgre. Ho er fødd og oppvaksen i Harstad, og er yngst av tre søsken. Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Tromsø, med fordjuping i EU/EØS-rett.

I januar 1992 flytta ho til Stavanger, der ho byrja å jobba som advokatfullmektig. Ho er gift og har tre barn. Som mor engasjerte ho seg aktivt i barnehagen til barna, og seinare som klassekontakt på barneskulen. Ho var FAU-leiar i seks år ved Madlavoll skule, og det vart inngangsbilletten til lokalpolitikken.

Sissel stod første gong på lista til Stavanger Høgre i 2003. Ho var leiar av Kommunaltstyret for kultur og idrett i perioden 2007-2015, og av Kommunalstyret for oppvekst i perioden 2015-2019. Frå 2020-2023 var ho gruppeleiar for Høgres bystyregruppe.

Sissel har hatt ei rekkje ulike styreverv, mellom anna i Lyse, Stavangerregionen Havn IKS, Forus Næringspark AS, IVAR IKS, Museum Stavanger AS mm. Ho er særleg oppteken av oppvekstvilkår for barn og unge, arbeidsinkludering og kvinnehelse. Ho var også initiativtakar til at Stavanger er ein av 112 europeiske byar som er ein del av EU-prosjektet Mission Cities og som skal bli klimanøytrale innan 2030.

Pressekontakt

Politisk rådgjevar og pressekontakt Karine Næss Frafjord, mob. 90515353 

 

 

 

Slik kontaktar du ordføraren og rådgivarane hennar

E-post og annan post blir behandla i samsvar med lov om offentlegheit i forvaltninga. Du må rekne med at innhaldet i meldinga di eller brevet ditt kan bli offentleg tilgjengeleg.

E-post:
postmottak.ordforer@stavanger.kommune.no

Ragnhild Reilstad Leganger

administrasjonskonsulent

Mobil:
984 89 057
E-post:
ragnhild.r.leganger@stavanger.kommune.no

Thomas Bore Olsen

kommunikasjonsrådgiver

Mobil:
922 34 829
Telefon:
51 50 75 15
E-post:
tbo@stavanger.kommune.no