- Ein del stader i Stavanger kan jorda vere forureina av kjemiske stoff.
- Dersom du skal grave eller byggje må du undersøkje dette nærare.
- Viss grunnen er forureina må ein lage ein plan for å handtere forureininga.
Forureina grunn
KORT FORTALD
Information in other languages
Kva må ein gjere?
Den som skal byggje eller grave, har plikt til å vurdere om det kan vere forureina grunn i området. Ut frå staden sin historie og tidlegare aktivitet i området kan ein danne seg eit bilete.
Viss ein antek eller mistenkjer at grunnen er forureina, må ein undersøkje nærare. Ansvaret ligg på tiltakshavaren, som kan vere grunneigar, entreprenør eller utbyggjar.
Dersom det syner seg at grunnen er forureina, må tiltakshavaren lage ein plan for korleis forureininga skal bli handtert. Planen må sendast på e-post til Stavanger kommune ved avdeling for klima og miljø. Kommunen stiller krav og set vilkår som tiltakshavaren må følgje.
Kvar kan grunnen vere forureina?
Stavanger kommune har laga eit kart som viser kvar det er sannsynleg at det er forureining i grunnen. Kartet kallast «varsemdkart» fordi det viser kvar ein må vere varsam eller merksam viss ein planlegg å grave eller byggje.
Miljødirektoratet har òg samla informasjon frå kartlegging og registrering av forureiningssaker som styresmaktene kjenner til. Denne informasjonen finn du på nettstaden grunnforurensning.no
Rettleiing og regelverk
Oversikt over grunnforureining frå Miljødirektoratet
Forskrift om avgrensing av forureining, kapittel 2
Har du spørsmål, kontakt oss
Stig Magne Hordnes
rådgjevar, klima og miljø
Mobil: 932 38 596, telefon: 51 50 77 76
E-post: stig.magne.hordnes@stavanger.kommune.no
Aleksandra Nagi
rådgjevar, klima og miljø - renovasjon
Mobil: 957 78 743, telefon: 51 50 76 98,
Epost: aleksandra.jolanta.nagi@stavanger.kommune.no