- Oppvarming av bygningar gir ofte forureining og utslepp av klimagassar.
- 1. januar 2020 vart det forbode å fyre med olje i bygg.
Oppvarming og straumforbruk
Kort fortald
Information in other languages
Du kan få støtte til miljøvenlege energiløysingar
Det statlege selskapet Enova gir både rettleiing og støtte for å finne gode energiløysingar til bustader. Der kan du få råd om energitiltak for huset ditt og lese meir om støtteordningar.
Solstraum og straumstyring
Med solcellepanel kan noko av straumen bli produsert direkte på bygget der han skal bli brukt.
Lyse kan vurdere om bustaden din eignar seg for solcellepanel, og hjelpe med å installere anlegg.
Innanfor Trehusbyen i Stavanger er det særskilde reglar for endringar av fasadane. Det gjeld òg for tak. Sjekk med Byantikvaren kva som gjeld for huset ditt.
Forbod mot oljefyring i 2020
Les meir på Forbod mot å fyre med olje frå 1. januar 2020.
Klimagassutslepp frå oppvarming
I bustader, kontorbygg, skular, sjukehus og andre bygningar trengst mykje energi, både til oppvarming og kjøling, og for at lyset og alle dei elektriske apparata skal verke.
Rundt åtte prosent av klimagassutsleppa i Stavanger kjem frå energi i bygningar, såkalla stasjonær energi.
Mange bruker elektrisk straum til oppvarming. Sjølv om denne har mindre utslepp enn fossil brensel, er det ein god idé å bruke minst mogleg energi. Det krev jo både råstoff og energi å produsere straumen, kablar og alt som trengst for å få han fram til oss. Og viss han heller kan bli brukt til å erstatte fossil energi, til dømes i bilar, gir det større klima- og miljøgevinst.