PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Klima- og miljøprisen til Stavanger kommune

Klima- og miljøprisen til Stavanger kommune

KORT FORTALT

  • Stavanger kommune deler kvart år ut ein klima- og miljøpris på kr 50 000,- 
  • Prisen blir gitt til personar, organisasjonar eller bedrifter som bidreg til å ta vare på natur og miljø og/eller redusere klimagassutslepp i lokalmiljøet
  • Nominer kandidatar i nominasjonsskjemaet lenger ned på sida
  • Nominasjonsfrist: 1. juli 2021

 

Information in other languages

Kva er klima og miljøprisen?

Stavanger kommune deler kvart år ut ein pris på kr 50 000,- for å støtte lokalt klima- og miljøvenleg arbeid. 

Korleis kan du bidra?

Det er innbyggjarane som foreslår kandidatar. Årets nominasjonsfrist er 1. juli. Etter at fristen har gått ut, vil kommunedelsutvala nominere ein av dei foreslåtte kandidatane frå kvar kommunedel. Kandidatane som blir valde ut, blir sende til ein nøytral jury som avgjer kven som vinn årets pris.

Kven kan vinne prisen?

Prisen skal påskjønne dei som har gjort ein spesielt stor innsats for omgjevnadene sine gjennom å verne og/eller forbetre natur og miljø i nærområdet sitt. Tiltak som har ein overføringsverdi, og er eit resultat av godt internt eller eksternt samarbeid, blir prioriterte.

Dette kan vere organisasjonar, bedrifter eller personar som har gjort, eller gjer ein innsats for klima og miljø, og bidreg til at Stavanger kommune når klima- og miljømåla fram mot 2030.

I grunngjevinga bør ein forklare korleis den nominerte har forbetra det fysiske miljøet og/eller redusert klimagassutslepp.

Kreative tiltak som verkar positivt for lokalmiljøet blir vektlagt.

 

Tidlegare vinnarar

2020: L. Rødne og søner AS

Lars Rødne m/klimaprisen
Lars Andre Rødne viser frem beviset på at L Rødne og sønner AS vant klima- og miljøprisen 2020

I 2020 vann Rødne og søner prisen for arbeidet med å kutte utsleppa til havs. Det vart òg planta eit tre på Judaberg på Finnøy, som er kommunedelen der Rødne held til.  

- Rødne har teke ei leiarrolle i arbeidet med å kutte utsleppa i ein bransje som står for 1/3 av dei totale klimagassutsleppa til kommunen, seier leiar for juryen og varaordførar Dagny Sunnanå Hausken. 

Kontaktinformasjon

Bildet viser Jane Nilsen Aalhus

Jane Nilsen Aalhus

miljøvernsjef

Mobil:
958 86 436
Telefon:
51 50 89 34
E-post:
jane.nilsen.aalhus@stavanger.kommune.no

Tone Ankarstrand

rådgiver

Mobil:
477 80 983
Telefon:
51 91 24 29
E-post:
tone.ankarstrand@stavanger.kommune.no