UNaLab: Naturbaserte løysingar
I Stavanger skal vi tilpasse oss eit villare, våtare og varmare klima ved å lære av naturen sin eigen måte å takle problem på. Det kallast naturbaserte løysingar, og dei har mange fordelar. Så sant vi kan løyse utfordringar med naturbaserte løysingar, skal vi velje dei.
UNaLab: EU-prosjekt om naturbaserte løysingar
Stavanger kommune er med i EU-prosjektet UNaLab. Prosjektet forskar på korleis vi kan bruke naturbaserte løysingar i møtemed eit villare, varmare og våtare klima.
Vi skal sjå på korleis kommunar, innbyggjarar og næringslivet kan samarbeide om slike løysingar, og på kva kvalitetar dei kan tilføre området vi bruker dei i.
I prosjektet skal dei tre byane Eindhoven, Tamper og Genova byggje demonstrasjonsanlegg for naturbaserte løysingar. Dei fem følgebyene Cannes, Praha, Stavanger, Basaksheir og Castellón følgjer arbeidde i ledebyene. Vi skal utarbeide kvar vår visjon for klimatilpassing ved bruk av naturbaserte løysingar, og arbeide fram aktuelle prosjekt lokalt.
Saman med forskingsmiljø og næringsliv skal byane i UNALAB-prosjektet utvikle løysingar og metodar for bruk av Naturbaserte løysingar for byar over heile Europa. Prosjektet har fått 12,8 millionar EUR frå EUs forskingsprogram, Horisont 2020.
Stavangers rolle i UNaLab er å lære av tre byar som utviklar og byggjer demonstrasjonsanlegg for naturbaserte løysingar på lokale klimautfordringar. Ein del av læringa ligg i å jobbe tverrfagleg på nye måtar i kommunen, og saman med andre delar av samfunnet, for å finne gode løysingar for framtida.
Så langt har Stavanger kommune utarbeidd ein visjon for klimatilpassing ved bruk av naturbaserte løysingar. Neste steg er å teste ut nye metodar for å lage gode prosjekt med naturbaserte løysingar. I samband med dette ønskjer vi å sjå nærare på
- auka biologisk mangfald i sentrum
- løysingar for å handtere avrenning frå friområda våre ned mot busetnad
- løysingar som reduserer belastning på delar av avløpssystemet som allereie er overbelasta.
Undersøking: Bruk av parkar og friluftsområde under pandemien
Som ein del av UNALAB-prosjektet skal deltagerbyene undersøkje korleis innbyggjarane har brukt friluftsområde og om betydninga av grøntareal har endra seg under pandemien.
Dette blir kartlagt gjennom ei undersøking, som alle som bur i Stavanger kan gjennomføre på Unalabs nettside.
Resultata frå undersøkinga vil bli dokumenterte og vere med i utviklinga av parkane og grøntområda i framtida.
Kva er naturbaserte løysingar (NBL)
Naturen har i all tid løyst utfordringar utan hjelpa til menneske, medan vi ofte har valt tekniske løysingar når naturen har utfordra oss. Til dømes har vi trudd til no at vi tem regnvatnet viss vi leier det inn i røyra. No ser vi at dette ikkje held. Vi må jobbe på lag med naturen, ikkje mot han, skal vi lage løysingar for framtida.
Naturbaserte løysingar handlar om å lære av naturen sine eigne prosessar og så ta i bruk dei same prosessane for å løyse urbane utfordringar. Det gjer vi ved å verne, restaurere eller etablere ny natur, også i byen.
Fordelen med naturbaserte løysingar er at dei ikkje berre løyser eitt isolert problem, men samtidig tilfører omgivnadene noko meir, som er bra for menneske og natur. Til dømes:
Leiar vi regnvatnet inn i avløpsnettet, kan vi redusere vassproblem i eitt konkret område. Leiar vi det vekk i ein open bekk, kan vi
- leie vatnet vekk frå eit område der det skaper problem
- skape trivsel og naturopplevingar for små og store
- styrke det biologiske mangfaldet i området
- tilføre mindre regnvatn til avløpssystem og reinseanlegg, noko som gir mindre kostandar og betre reinsing.
Naturbaserte løysingar skal vere hovudregelen i arbeidet med klimatilpassing i Noreg. I reguleringsplanar må vi oppgi gode grunnar dersom vi ikkje vel NBL. Der det er krevjande å få til reine naturbaserte løysingar, er gjerne løysingar som kombinerer det naturlege og det tekniske aktuelle.
I Stavanger kommune er visjonen at vi, med løysingane til naturen, skal vere i stand til å takle dei utfordringane som måtte komme med klimaendringane. Det skal vi få til innan 2050.
Døme på naturbaserte løysingar i Stavanger
Nokre døme på korleis vi tek i bruk naturbaserte løysingar i Stavanger. Det er slike løysingar vi ønskjer meir av:
Våte marker vart dam i Emmaus
I Emmaus var delar av eit friområde prega av våte og fuktige jorder, som ikkje kunne brukast til noko.
I staden for å drenere ut vatnet og leie det til avløpsrøyra, etablerte kommunen i 2016 ein dam. Den tek imot regnvatn frå nærområdet er eit attraktivt element i friområdet og legg til rette for leik og opplevingar. Og på markene rundt er det no eng, tre og bærbusker.
Tusen tre på Storhaug
Som del av områdeløftet på Storhaug skal det plantast heile eitt tusen gatetre i bydelen. I ein folkerik bydel med mange vasstette flatar (til dømes asfalt og betongstein) og lite grønt, vil trea skape betre bumiljø og bidra til betre levekår. Men trea drikk òg mykje vatn og samlar fuglar og andre artar! Dei er ei naturbasert løysing som både bidreg til eit betre bumiljø, auka biologisk mangfald i byen, tek imot overvatn og kjølar og reinsar lufta.
I august 2019 spurde kommunen innbyggjarane på Storhaug om dei ville ha nye tre i hagane sine, og det ville dei:
Bekk for overvatn ved Mosvatnet
Ved Mosvannsparken etablerer kommunen en ny bekk for å leie overvatn frå bustadområdet ovanfor ned til Mosvatnet. Overvatnet skal ikkje lenger fylle opp avløpsrøyra, men reinsast i nye kummer og ein bekk, før det renn ut vatnet.
Som naturbasert løysing gir bekken ikkje berre avlasting av avløpssystemet, men ho legg grunnlag for auka biologisk mangfald og blir eit attraktivt element i Mosvannsparken. Ved Litla Stokkavatnet kjem òg ei slik løysing.
Vel naturbaserte løysingar på eigedommen din
Naturbaserte løysingar kan brukast i både stor og liten skala. På eigedommen din kan du velje løysingar som reduserer avrenning når det reknar, samtidig som det bidreg til å sikre grunnvasstand, og styrkjer det biologisket mangfaldet og berikar det gode bumiljøet.
- Det viktigaste er å erstatte tette flater som asfalt og tettlagt betongstein med opnare løysingar, som gjer at regna lettare forsvinn naturleg i grunnen der det fell.
- Grøne tak på hus eller garasje bidreg både til redusert avrenning til avløpsrøyra og til auka biologisk mangfald.
- Variert vegetasjon i hagen bidreg òg til biologisk mangfald og redusert avrenning.