- Det er ikkje lenger piggdekkgebyr i Stavanger.
- Piggdekkgebyret som vart innført som eit luftkvalitettiltak for å redusera piggdekkbruken er avslutta.
- Sist vinter køyrde 91 prosent i Stavangerregionen med piggfrie dekk.
Piggdekkgebyret er oppheva
Kort fortald
Information in other languages
Gebyr på piggdekk er oppheva
I kommunestyret 25. september 2023 vart piggdekkgebyret i Stavanger oppheva. Frå 2017 har dei som har køyrt med piggdekk betalt eit gebyr. Vinteren 2022/23 var siste sesong med piggdekkgebyr.
Piggdekkgebyret vart innført som eit luftkvalitettiltak for å redusera piggdekkbruken, og gebyrordninga var heimla i ei lokal forskrift. For å oppheva denne forskrifta måtte ho på høyring før Stavanger kommune søkte om å få den oppheva. Vegdirektoratet godkjende søknaden før opphevinga vart endeleg vedteke 25. september.
Talet på piggdekk halverte
Statens vegvesen har gjennomført piggdekkteljingar i byområdet Stavanger/Sandnes kvart år sidan 2001. I løpet av denne perioden har andelen piggfrie vinterdekk auka frå 68 til 91 prosent.
– Piggdekkgebyr har vore eit veldig effektivt verkemiddel for å redusera piggdekkbruken og såleis redusera mengda svevestøv i lufta. Etter at gebyret vart innført i 2017, er piggdekkbruken meir enn halvert i Stavanger, fortel Jane Nilsen Aalhus, miljøvernsjef i Stavanger kommune.
Les meir om førre teljing av piggdekk i byområdet Stavanger/Sandnes her.
Kor stort var gebyret?
Piggdekkgebyret var på:
- 1400 kroner for heile vintersesongen, frå og med 1. november og fram til måndag éi veke etter påske
- 450 kroner for ein kalendermånad
- 35 kroner for eit døgn. Dette kjøpte ein frå 1. november, og det gjeld i 24 timar frå betalingstidspunktet
- Storleiken på gebyret er fastsett av sentrale styresmakter. Det var det same også i Bergen, Oslo og Trondheim.
Kva gjekk pengane til?
Inntektene frå gebyret gjekk inn i eit klima- og miljøfond, og vart brukte til tiltak for reinare og friskare byluft:
- 6,3 millionar kroner har vorte gitt i støtte til rundt 1300 bustadeigarar som skifta ut gamle vedomnar med nye, reintbrennande eldstader.
- Gebyrpengar går også til ekstra reinhald på kommunale vegar med mykje trafikk om vinteren, for å avgrensa svevestøv i lufta. 200 000 – 400 000 kroner per vintersesong.
- Det er kjøpt inn 50 fleire bysyklar og 100 bysykkel-ladestasjonar, som gjer det lettare for folk i Stavanger å komma seg raskt og greitt på kryss og tvers i kommunen utan bil.
- 3 millionar kroner frå piggdekkgebyret har gått til støtte til mange burettslag og sameige i Stavanger som legg til rette for lading av el-bilar.
- 1 millionar kroner av gebyrpengane finansierer støtteordning til mellom anna bedrifter og barnefamiliar som vil bruka el-lastesyklar i staden for bil til transport i Stavanger.
- I 2021 gjekk omtrent 250 000 kroner gjekk til eit samarbeidsprosjekt med Naturvernforbundet for at fleire skal ta i bruk solenergi.
- I 2022 vart det løyvd pengar frå fondet til ei støtteordning for installering av varmepumper i private bustader.