PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Radon i Stavanger

Radon i Stavanger

Kort fortald

  • Kommunen måler radonnivået i skular, barnehagar, sjukeheimar og andre føremålsbygg kvart femte år.
  • For å måle radon i privatbustader, kan ein kontakte ein leverandør som er medlem i Norsk Radonforening.

Information in other languages

Radon. Illustrasjon: Statens strålevern.

Kva er radon?

Radon er ein radioaktiv gass som kan gi helseproblem når han finst i for høge konsentrasjonar i inneluft. 

For meir informasjon om radon i inneluft, sjå  informasjonssidene til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik om radon.  

Korleis bestiller eg radonmåling?

Du finn oversikt over firma som tilbyr radonmåling på nettsida til Norsk Radonforening. Du må sjølv ta kontakt og bestille måling.

Radonmåling i offentlege bygg i Stavanger

Offentlege bygg og utleigebustader er pålagde å utføre målingar. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik tilrår at det blir utført tiltak når radonnivået i opphaldsrom overstig 100 Bq/m3.

Stavanger kommune måler radonnivået i skular, barnehagar, sjukeheimar og andre føremålsbygg rutinemessig kvart femte år. 

Bygga som blir målte består av rundt 40 skular, 75 barnehagar, 17 sjukeheimar, 8 bydelshus og 10 idrettshallar. Alle bygga er utstyrte med ventilasjonsanlegg som sørgjer for god utskifting av luft.

Radonmålingar skal generelt helst gjerast i den tida ein lufter mindre og når oppvarming skaper undertrykk under huset, altså mellom oktober og mars. Ingen delar av Stavanger er rekna som problematiske radonområde.

Kvar kan eg få hjelp? 

Avdeling Miljøretta helsevern kan gi råd og rettleiing om kva radon er og kva tiltak som kan gjennomførast viss det blir målt høge radonkonsentrasjonar i bustaden. Huseigar har sjølv ansvar for å måle og setje i verk tiltak dersom måleresultata viser at det er for mykje radon i bygget.

Kontaktinformasjon

Miljørettet helsevern

Postadresse:

Pb. 8801 4068 Stavanger

Telefon:
51 50 22 00
E-post:
mhv@rogbr.no