PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Renere hamn

Reinere hamn Stavanger

Kort fortalt:

  • Stavanger kommune skal rydda opp forureina sjøbotn.  
  • Nokon stadar i Stavanger er hamnebotnen så forureina at det er skadeleg for helse og miljø.  
  • Det er ein stor og nødvendig jobb å rydda opp i gamle miljøsyndar.  
  • I Bangavågen er forureina sjøbotn dekt til. 
  • Planlegginga av mudring og tildekking i Galeivågen og ved Jadarholm på Hundvåg er i gang.  

  

Information in other languages

Under vann, brun livløs muddersjøbunn. En tilgrodd stol på bunnen.

Bunnen av Galeivågen februar 2023. Foto: Kristian Tollaksen

Kvifor rydda opp i forureina sjøbotn?  

Stavanger kommune har gjennom mange år tatt prøver av sjøbotnen i fleire delar av hamneområda i Stavanger. Nokre stadar har gamle miljøsynder etterlate seg ein sjøbotn som er svært forureina av tungmetall og giftstoff. Båttrafikk, bølger og straum gjer at forureininga spreier seg. 

Konklusjonen er at nokre hamneområde har ein tilstand som er uakseptabel for mennesker si helse og for dyre- og plantelivet i området.  

Det er altså ikkje utan grunn at Stavanger hamn er eit av dei 17 prioriterte områda i handlingsplanen til regjeringa for å rydda opp i forureina sjøbotn. 

Les meir på Miljødirektoratets nettsider:  

Kommunestyret i Stavanger har vedtatt eit mål om at det skal vera trygt å eta fisk og sjømat frå alle sjøområde i Stavanger innan 2030. Det kan berre skje om vi sluttar å tilføra sjøen miljøgifter og hindrar at gamle miljøgifter på sjøbotnen spreier seg.  

Hamneområde som treng reinare sjøbotn  

Stavanger kommune er i gang med eit svært omfattande og langvarig arbeid med å rydda opp i forureina sjøbotn i utvalde hamneområde.  

Områda er prioriterte ut frå tidlegare funn og tilrådingar frå Miljødirektoratet. 

Bangavågen 

Store delar av den forureina sjøbotnen i Bangavågen blei dekt til av tunnelmassar frå Ryfast-utbygginga i 2017.

Tildekkinga skal stansa spreiing av forureina sjøbotn frå Bangavågen og bidra til betre vasskvalitet i Byfjorden.  

Kvart femte år frå og med 2023 undersøker vi at tildekkinga er intakt, overvaker tilstanden til ålegras og registrerer korleis botnplantar og sjødyr igjen etablerer seg på sjøbotnen i Bangavågen.  

Også ved Klasaskjæret, mellom Sølyst og Engøy, er sjøbotn dekt til, ikkje som ein del av Reinere havn-prosjektet, men etter pålegg frå Statsforvaltaren. Her hadde verksemd ved tidlegare skipsverft forureina havbotnen.  

Galeivågen/Jadarholm

I og utanfor Galeivågen er sjøbotnen så sterkt forureina av miljøgifter, at kommunen skal i gang med mudring og tildekking. Etter planen startar arbeidet i 2025. 

Mindre område ved Jadarholm blei dekt til i 2018, der sjøbotnen var sterkt forureina etter industriverksemd på land. Dette skjedde i samband med utfylling i sjøen. 

Hillevågsvannet 

Undersøkingar og risikovurdering av miljøtilstanden i Hillevågsvannet og ved Strømvig blei gjord i 2019-2020. Sjøbotnen i Hillevågsvannet er sterkt forureina.  

Omfattande tiltak står for tur etter at arbeidet i Galeivågen og rundt Jadarholm er fullført, dersom nasjonale og lokale styresmakter løyver midlar til prosjektet. 

Eit mindre område med forureina sjøbotn utanfor Paradis/Hillevåg blei dekt til i 2018 i samband med utfylling i sjøen.

Våga, Stavanger sentrum

Det ligg enno ikkje føre konkrete planar for korleis kommunen skal rydda opp i den forureina sjøbotnen i Vågen. Eit slikt arbeid ligg eit stykke fram i tid. 

Miljøgifter på botnen av Vågen har blitt spreidde ut på djupare vatn – utanfor Kalhammeren – av skip som kvervlar opp forureininga.  

Byfjorden  

Eit mindre område ved Kalhammeren blei dekt til i 2018. 

Utanfor Siriskjer, i Lervig, Breivik og Ramsvik skjer det jamleg mindre arbeid med mudring og tildekking knytt til utbygging og utfylling. Dette vil vera med å bidra til reinare sjøbotn. 

Rapportar og politiske saker