PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Talende web har to lesemoduser:
Pek og lytt
Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.
Marker og lytt
Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest
Galeivågen, sett fra Hundvåg. (Foto: Martin Knutsson)
Slik blir det reinare hamn i og rundt Galeivågen
Både sjøbotnen i Galeivågen og området rundt Jadarholm skal ryddast slik at forureina massar ikkje spreier seg og er til skade for menneske og livet i sjøen.
Metoden er å mudra og dekka til dei laga av sjøbotnen (sedimenta) som er forureina. Å mudra sjøbotnen vil seia å ta bort sedimenta frå sjøbotnen og plassera dei i ei naturleg søkking ein annan stad på sjøbotnen. På fagspråket seier vi å deponera massane i eit sjødeponi.
Aktuelle område for sjødeponi kan vera ytst i Galeivågen eller ved Steinsøy og Midtgrunnen.
Dei forureina massane i sjødeponiet blir først dekt til med eit finare tildekkingslag, som skal hindra at forureininga lek ut. Deretter blir det lagt på eit lag med grovare massar, som skal hindra at bølger og propellar kvervlar opp tildekkinga på sjøbotnen.
Utanfor Jadarholm blir truleg den forureina sjøbotnen dekt til utan at det blir først mudra.
Mudringa og tildekkinga på sjøbotnen kan i seg sjølv føra til at forureina partiklar spreier seg i sjøen. Derfor skal arbeidet gå føre seg under kontrollerte forhold og overvakast nøye. Det må også bli godkjent av Statsforvaltaren før vi kan gå i gang.
Kvifor mudring og tildekking?
Når vi mudrar i Galeivågen, og ikkje berre dekker til den forureina sjøbotnen der, bevarer vi seglingsdjupna for båtane.
Der vi deponerer dei forureina massane og dekker dei til, får vi også dekt til forureina sjøbotn som allereie finst i dei aktuelle søkkingane på sjøbotnen.
Kommunen har vurdert – og gått bort frå – andre løysingar, som deponering på land eller å støypa forureina masse inn i kaier.
Når skjer arbeidet?
Arbeidet med å rydda opp i forureina sjøbotn i Galeivågen og ved Jadarholm startar etter planen i 2025. Så sant det er mogleg, unngår vi arbeid i gyteperioden for torsk, som er mellom januar og mai.
Etter at arbeidet er prosjektert, veit vi noko om kor lenge det vil vara. Erfaringar frå tilsvarande prosjekt andre stadar, tilseier at det vil fleire månadar, kanskje over eit par år.
Konsekvensar for båtar og brygger
Mudringa skjer ved at forureina massar på sjøbotnen blir sogne eller gravne varsamt opp frå ein lekter. For å komma til der vi må mudra, må båtar flyttast mellombels mens arbeidet går føre seg. Kommunen jobbar med å finna ei løysing med midlertidig plassering av båtar, og vil ha god dialog med båtforeininga undervegs. Også nabolaget rundt Galeivågen, både bebuarar og næringsverksemd, vil bli halde orientert.
Kommunen vil få analysert og vurdert tryggleiken for bryggene før arbeidet går i gang, slik at faren for skade på brygger blir så liten som mogleg.
Parallelt med arbeidet med reinare hamn, arbeider kommunen for å få fjerna brygger og båtar som ligg ulovleg ved offentlege friområde. Dette kan angå brygger og båtar i Galeivågen, og eigarar av desse vil få beskjed om å fjerna dei før arbeidet med mudring og tildekking startar.
Varsel og info til naboar, båteigarar og andre:
(Ingen nabovarslar sende førebels)
Forarbeid før mudring
Mykje må gjerast før opprydding av forureina sjøbotn i Galeivågen og ved Jadarholm kan starta:
Undersøkingar og kartlegging av forureininga på sjøbotnen. (Gjennomført sidan 2014)
Opprydding av søppel på sjøbotnen, som bildekk, vrak og anna (våren 2023,)
Undersøkingar for å vurdera stabiliteten i konstruksjonar på sjøbotnen, som kaier, brygger og sjøhus.
Kartlegging av mogleg hamnespy, då det tidlegare er rapportert om observasjonar. Ved funn av hamnespy krevst eigen tiltaksplan for å minimera risiko for spreiing.
Risikovurdering av gass i sedimenta, for å vurdera om massane er eigna til å legga i eit sjødeponi.
Sette grensar for kor stort område rundt Jadarholm som enten skal tildekkast eller mudrast.
Plan og undersøkingar fór kvar på sjøbotnen massane skal plasserast.
Kostnads- og usikkerheitsanalyse.
Detaljprosjektering av arbeidet.
Informasjon til – og dialog med – naboar, båteigarar og andre..
Plan for mellombels plassering til båtar i Galeivågen mens arbeidet går føre seg.
Søknad til Statsforvaltaren i Rogaland og hamnestyresmaktene.