- Rett fyring gir mindre svevestøv, betre luftkvalitet og reduserer risiko for pipebrann.
- Når mange fyrer i vedomnar samstundes, aukar mengda svevestøv i lufta. Det bidreg til dårleg luftkvalitet, noko som igjen kan gi helseplager. Ved å fyre riktig, bidreg du til å redusere utsleppa av svevestøv frå vedfyring.
- Eit teikn på at veden brenn best mogleg, er at flammane er klare, delvis gjennomsiktige og har ein blåtone. Flammane skal ikkje fylle brennkammeret i omnen.
- Her får du gode tips til riktig fyring.
Slik fyrer du riktig
KORT FORTALD
Information in other languages
Her er gode tips for riktig fyring:
Bygg bålet riktig
- Plasser eit par tørre vedkubbar nedst.
- Bygg nokre etasjar med mindre kvist og opptenningsved.
- Legg to til tre opptenningsbrikettar øvst.
Tenn frå toppen
Opptenning frå toppen gir raskare oppvarming av brennkammeret. Då får ein hurtig god trekk i omnsrøyr og pipe, meir oksygen til flammane og høgare temperatur.
Sørg for nok luft
- La ventilane i vedomnen vere heilt opne og sett gjerne omnsdøra på gløtt dei første 15 minutta til det brenn godt.
- Ikkje steng spjeldet så mykje at flammen døyr ut.
- Syt for at det er nok friskluft i rommet, så eldstaden får “pusteluft”.
Når du legg på meir ved:
- Legg i nye kubbar når flammane byrjar å forsvinne og det meste av veden har blitt til glør.
- Unngå å fylle store mengder ved i omnen, følg bruksrettleiinga for omnen.
Hugs!
Fyr berre med reint trevirke. Ikkje brenn behandla eller impregnert materiale.
Kjelde: Rogaland brann og redning IKS