PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Solenergi

Solenergi

KORT FORTALD

Solenergi er ei viktig brikke i energiforsyninga i framtida. Stavanger kommune vil vere med å bidra til ei ansvarleg utbygging av solpotensialet i kommunen.

Gjennom prosjektet Solsats jobbar Stavanger kommune saman med Naturvernforbundet i Rogaland og Rogaland fylkeskommune for å gi riktig, relevant og nødvendig informasjon til innbyggjarar som ønskjer å installere solenergianlegg.

Information in other languages

Kva er solenergi?

Solenergi er energi produsert i solcellepanel og solfangarar. I desse blir strålingsenergi omdanna til høvesvis elektrisitet og varme. 

Kvifor solenergi?

Solenergi blir ei viktig brikke i energiforsyninga i framtida, og gir både einskildpersonar og føretak moglegheita til å bidra i det grøne skiftet.

Å produsere straum sjølv bidreg til å avlaste nettet og redusere effekttoppar, og det gir gratis straum eller varme i fleire år etter at anlegget er betalt ned. Driftskostnadane er låge og vedlikehaldsbehovet minimalt, og anlegget kan tilpassast både eksisterande og nye bygg. Ved straumproduksjon kan overskotsstraumen leverast tilbake til nettet via ein plusskundeavtale.

Økonomisk støtte

Enova gir økonomisk støtte til privatpersonar ved etablering av solceller og solfangarar. Innovasjon Noreg gir økonomisk støtte til solcelle- og solfangaranlegg til gardsbruk i aktiv drift.

Framgangsmåte ved installasjon av solceller

  1. Undersøk om det er verneomsyn som legg føringar for endringar der du bur. Solceller kan monterast dei fleste stader i Stavanger kommune utan søknad. Det er likevel eigne avgrensingar innanfor trehusbyen, i alle verneområde og i einskapleg utbygde område. I slike område skal alle byggjearbeid som berører utsjånaden i bygningar, under dette tak, blir byggjemeld. Les meir om solceller i trehusbyen her. 

    Søknadar om å installere solanlegg i trehusbyen kan bli innvilga, men då på takflater som vender bort frå offentleg gate og som er lite synlege frå nabogater. Frittståande element i hagane kan tillatast. Det same gjeld anlegg på nybygg som ikkje inngår som éin i ei einskapleg rekkje av eldre busetnad, og dessutan på uthus, garasjar og andre småbygningar. 
  2. Undersøk kor mykje straum du bruker. Eit solanlegg har mest effekt frå mars til oktober, så det er lurt å ta utgangspunkt i forbruk av straum desse månadene ved dimensjonering av anlegg.
  3. Undersøk kor store areal du har. Kva himmelretning og vinkel har taket? Er det skugge? Alt dette speler inn på kor mykje energi anlegget kan produsere. Du kan enkelt sjekke potensialet på eige tak på nettsidene til leverandørar.
  4. Hent inn tilbod frå fleire leverandørar. Seriøse leverandørar vil hjelpe deg gjennom heile prosessen, mellom anna med dimensjonering av anlegg og innmelding av anlegget som plusskundeanlegg til Lyse. Dokumentasjon frå leverandør og Lyse dannar grunnlaget som trengst for å heve tilskot frå Enova.
  5. Landbrukskundar kan søkje midlar frå Innovasjon Noreg til fornybar energi i landbruket. Merk at denne støtta må søkjast om på førehand, og blir berre gitt til gardsbruk i aktiv drift.
  6. Undersøk kva for ein straumleverandør som passar for deg. Prisen som blir gjeven for overskotsstraum kan variere, så sjekk vilkåra hos fleire leverandørar. Ved endring av straumleverandør vil anlegget automatisk meldast inn som eit plusskundeanlegg.
  7. Hugs å søkje om enovatilskudd. Utbetaling er rettleiksbasert, og skjer etter at anlegget er installert og dokumentert. Installeringa må vere utført av eit registrert firma, og dokumentasjon av kostnader skal vere i samsvar med norske lover og forskrifter.

Framgangsmåte ved installasjon av solfangarar

Solfangarar passar for husstandar eller gardsbruk som bruker mykje varmt vatn og/eller koplar systemet til eit vassborent varmesystem.

  1. Undersøk om det er verneomsyn som legg føringar for endringar der du bur. Solfangarar kan monterast dei fleste stader i Stavanger kommune utan søknad. Det er likevel eigne avgrensingane innanfor trehusbyen, i alle verneområde og i einskapleg utbygde område. I slike område skal alle byggjearbeid som berører utsjånaden i bygningar, under dette tak, blir byggjemeld.

    Søknader om å installere solanlegg i trehusbyen kan bli innvilga, men då på takflater som vender bort frå offentleg gate og som er lite synlege frå nabogater. Frittståande element i hagane kan tillatast. Det same gjeld anlegg på nybygg som ikkje inngår som éin i ei einskapleg rekkje av eldre busetnad, og dessutan på uthus, garasjar og andre småbygningar. 
  2. Undersøk varmebehovet og kva varmeløysing du kan kople solfangarane til. Å plassere solfangaranlegget på ein sørvendt takflate gir best effekt. 
  3. Kontakt gjerne fleire leverandørar. Seriøse leverandørar vil hjelpe deg med alle steg vidare, inkludere alle element i bestillinga, hjelpe til med dimensjonering av anlegg, og dei gir dokumentasjonen som trengst for å heve tilskot frå Enova eller Innovasjon Noreg.
  4. Landbrukskundar kan søkje midlar frå Innovasjon Noreg til fornybar energi i landbruket. Merk at denne støtta må forhåndssøkes, og blir gitt til gardsbruk i aktiv drift.
  5. Hugs å søkje om enovatilskudd. Utbetaling er rettleiksbasert, og skjer etter at anlegget er installert og dokumentert. Installasjonen må vere utført av eit registrert firma, og dokumentasjon av kostnader skal vere i samsvar med norske lover og forskrifter.


Vurderer du solenergi, men har noko du lurer på? Ta kontakt med prosjektleiar i Solsats, eller klima- og miljøavdelinga.

Kontaktinformasjon

Sissel Norheim

Naturvernforbundet
prosjektleder i Solsats

E-post:
sissel.norheim@naturvernforbundet.no
Bildet viser Jane Nilsen Aalhus

Jane Nilsen Aalhus

miljøvernsjef

Mobil:
958 86 436
Telefon:
51 50 89 34
E-post:
jane.nilsen.aalhus@stavanger.kommune.no