- Støy kan verke negativt inn på helsa, skape mistrivsel og opplevast som ei plage. I Stavanger er vegtrafikk den største støykjelda.
- Støy langs hovudvegar kan gi plagsam støy. Har du problem med trafikkstøy kan du sende e-post til Statens vegvesen.
Støy
Kort fortalt
Information in other languages
Ta kontakt dersom du er plaga av støy
- Har du problem med trafikkstøy, send e-post til Statens vegvesen.
- Har du problem med støy langs kommunale vegar kan du sende e-post til vegavdelinga i kommunen.
- Dersom du har problem med støy frå ventilasjonsanlegg, anleggsarbeid, byggjearbeid, konsertar, uteliv, festivalar og liknande kan du kontakte Miljøretta helsevern på e-post mhv@rogbr.no.
- Du finn òg mykje nyttig informasjon om støy på nettsidene til miljøretta helsevern.
Heilagdagsfred
Lov om heilagdagsfred fortel mellom anna kva som er tillate av støy på heilagdagar. Lovteksten seier følgjande: "På heilagdagar frå klokka 00 til klokka 24 og dessutan påske-, pinse- og julaftan etter klokka 16 skal det haldast heilagdagsfred som ingen nokon stad må forstyrre med utilbørleg larm.
Ved kyrkje eller gudstenestestad er det medan heilagdagsfreden varer ikkje tillate å forstyrre gudstenesta med unødig larm eller arbeid eller anna forstyrrande verksemd."
Strategisk støykartlegging 2017
I 2017 vart det gjennomført kartlegging av støy frå dei største støykjeldene i Stavanger: vegtrafikkstøy, jernbane-, fly- og hamnestøy. Resultatet av kartlegginga er presentert i rapporten Strategisk støykartlegging i Stavanger kommune 2017 (PDF, 1,3 MB).
Handlingsplan mot støy 2018-2023
Les og last ned handlingsplan mot støy (PDF 0,9 mb)