Vi sløkkjer lysene og markerer Earth Hour 2022
Laurdag 26. mars blir markert tradisjonen tru Earth Hour over heile verda. Stavanger kommune oppmodar innbyggjarane til å sløkkje alle elektriske lys mellom klokka 20:30 og 21:30.
Information in other languages
Over heile verda blir Earth Hour markert laurdag 26. mars. I Stavanger vil parken rundt Breiavatnet bli mørklagd. Det same skjer med Vålandstårnet, Valbergtårnet, vasstårnet på Buøy og kunstbelysninga på Bybrua.
Heile verda er med
Klokka halv ni om kvelden den 26. mars blir lys sløkt i land etter land, etter som Earth Hour rullar over jorda gjennom tidssonene. Meir enn 190 land og millionar av menneske verda over deltek og sløkkjer lyset for å vise at vi menneske står saman mot klimaendringane.
Earth Hour har spreidd seg frå ei enkelt markering i Sydney i 2007 til ei global rørsle for natur og miljø. Målet er å sikre merksemd om vår tids store utfordringar og at det hastar å løyse dei. Earth Hour har vorte markert i Stavanger sidan 2009.
- Earth Hour skal minne oss om samanhengen mellom klimautfordringane og vårt eige forbruk. Stavanger kommune arbeider for å redusere vårt eige klimafotavtrykk, og vi ser på Earth Hour som ein god måte å vise engasjementet vårt på, seier klima- og miljøvernsjefen til kommunen Jane Nilsen Aalhus.
Saman kan vi forme framtida
Saman kan vi forme framtida er tittelen på årets kampanje. Den offisielle Earth Hour videoen deler stemmene til mange engasjerte menneske rundt omkring i verda. WWF skriv på nettsida si:
"Forholdet vårt til naturen er i ubalanse. I aukande grad lid vi av konsekvensane som følgje av det øydelagde forholdet menneske har til naturen: Pandemi, naturkatastrofar og klimakrisa, for å nemne noko. Det er tydelegare enn nokon gong at det vi gjer mot planeten, gjer vi mot oss sjølv. For å verne planeten og vår felles framtid må vi gjere noko no!"
Earth Hour 2022 er ei unik moglegheit å vere ei klar og tydeleg stemme for naturen, saman med millionar av menneske over heile verda!
Alle kan bli med!
Stavanger kommune håpar at fleire er klar for ein ekstra klimainnsats laurdag. Alle med tilgang til ein lysbrytar har sjansen til å bidra.
- Slå av lys, TV, nettbrett og PC og gå ut og kikk etter stjernene. Eller tenn stearinlys og len deg tilbake i godstolen, oppmodar Aalhus.
Gå inn på www.wwf.no/engasjer_deg/earthhour/ for å lese meir om kva som skjer.