- Paradis-planen legg til rette for eit klimanøytralt sentrumsområde med m.a. 500 bustader, ca. 85.000 kvadratmeter næring og tre nye parkar.
- Endeleg planforslag skal opp i utval for by- og samfunnsutvikling 24. august, og deretter i kommunestyret 25. september.
Paradis-planen
KORT FORTALT
Information in other languages
No skal planen sluttbehandlast
Endeleg planforslag skal opp i utval for by- og samfunnsutvikling 24. august, og deretter i kommunestyret 25. september.
Her er plandokumenta
Her kan du lasta ned plandokumenta som skal til sluttbehandling
Illustrasjonar til nedlasting (laget av 3RW arkitektar)
Kva handlar Paradis-planen om?
Området nord og vest for Hillevågsvatnet, der det tidlegare var godsterminal, skal utviklast som ein del av sentrum.
Paradis-planen legg til rette for eit nytt sentrumsnært gå- og sykkelvennleg byområde med både bustader, arbeidsplassar og grøntområde. Det nye som skal byggast er godt tilpassa trehusbusetnaden på Storhaug og Våland, og koplar Stavanger sentrum tettare saman med dei bynære områda med nye og forbetra gang- og sykkelsamband.
Planen har eit høgt ambisjonsnivå innanfor tema som klima og miljø, bumiljø og stadstilpassing, og visjonen «eit klimanøytralt Paradis – tett på kvardagen, tett på fjorden og tett på historia» vil vera ei viktig leiestjerne i den vidare utviklinga av området.
Planen skal:
- legga grunnlag for eit klimanøytralt Paradis med klimasmarte plangrep og redusert forbruk av ressursar
- bygga opp under Stavanger sentrum som eit sterkt og attraktivt regionssenter
- sikre føreseielege rammer for realisering av eit stort utbyggingspotensial med bustader og næring sentralt i byen og tett på høgverdig kollektivtilbod
- legga til rette for gode, bilfrie nabolag
- bevara og tilføra grøne verdiar for naturmangfald og rekreasjon, med betre tilgang til sjøen
- knyta saman bydelar og tilføra nye gang- og sykkelsamband
- sikre alle tilgang til bil gjennom delebilkonsept
- bevara og bygga vidare på kulturmiljø og sikre ein stadstilpassa busetnad
Les meir om dette i saksframlegget.
Kva er justert sidan sist?
Hovudgrepa i planforslaget står fast, men etter førstegongsbehandlinga er det gjort nokre justeringar for å vareta ulike aktørar og interessegrupper:
- Utnytting for næringsbygg er justert og auka i enkelte felt, utan å auka byggehøgder.
- Eksisterande busetnad i Paradisvegen er teke i betraktning med lågare bygg, inntrekt busetnad og tre.
- Delebil er framleis hovudkonsept for bil, men det er moglegheit for noko privatbilparkering for bustader i første byggetrinn, i tillegg til delebilordning.
- Forbetra sykkelsamband frå den sykkelprioriterte gata «Sporgata» til Lagårdsveien.
- Lagårdsparken blir etablert på bakkenivå i staden for skrånande lokk.
- Planen krev ikkje fjerning av båtplassar. Mogleg flytting kan sjåast i samband med temaplan for småbåtar.
- Føresegner er forenkla og rekkefølgekrav er justert og kvalitetssikra for å auka gjennomføringsevna til planen.
- Tilrettelegging for badeland i Paradis er ikkje lenger aktuelt, og Lagård gravlund er teken ut av planen.
Prosessen fram til no
- Arbeidet med Paradis-planen starta hausten 2020, og i oktober 2020 fekk politikarane ei orientering.
- Utkastet til planprogram var på høyring våren 2021, og vart vedteke 30. september 2021.
-
Hausten 2021 hadde vi m.a. framtidsverkstad om bu- og arbeidsmarknaden i framtida og om korleis vi kan redusera klimaavtrykket.
-
Ein sosiokulturell stadsanalyse kartla kva ideal og interesser som har hatt innverknad på utviklinga av Paradis, korleis ulike aktørar opplever Paradis i dag, og kva forventningar dei har til Paradis i framtida.
-
Våren 2022: Parallelloppdrag der tre team laga framtidsbilete for planområdet.
- Planforslaget var til førstegongsbehandling i utval for by- og samfunnsutvikling (UBs) 6. oktober 2022. Her kan du lesa saka.
-
Hovudhøyring vinteren 2022–2023, der det kom inn 52 merknader. I tillegg kom det 21 innspel gjennom eit skjema på nettsida. Det kom 9 innvendingar frå statlege styresmakter. Her finn du alle merknadene.
-
Våren 2023 var det ei avgrensa høyring om ei endring av utbyggingsvolum for næringsdelen (KB2, KB3 og KB4). Les høyringsnotatet her.
- Planen skal sluttbehandlast i utval for by- og samfunnsutvikling 24. august, og deretter i kommunestyret 25. september.
Kontaktinformasjon
Ingrid Eileraas
Prosjektleder, områdereguleringen i Paradis
Avdeling for byutvikling
- Mobil:
- 467 86 833
- Telefon:
- 51 50 70 91
- E-post:
- paradisplanen@stavanger.kommune.no
Ida Andreassen
Prosjektleder Våland sør
Avdeling for byutvikling
- Mobil:
- 951 19 736
- Telefon:
- 51 91 25 72
- E-post:
- ida.andreassen@stavanger.kommune.no