PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Samfunnsutvikling
  3. Planer
  4. Temaplaner
  5. Temaplan for klima og miljø i landbruket

Temaplan for klima og miljø i landbruket

Oppdatert: 08.05.2024 13:17:24

Temaplan for klima og miljø i landbruket  beskriv tiltak som landbruket og kommunen skal gjere for å redusere landbruket sitt klima – og miljøavtrykk, redusere matsvinn og knytte matprodusentar og forbrukarar tettare saman.

Planen vart vedteken av Stavanger kommunestyre 31. mai 2021.

Planen vart vedteken av Stavanger kommunestyre 31. mai 2021.

1. Planbearbeiding

2. Endelig behandling

31.05.2021 - 31.05.2021

Planen vart vedteken av Stavanger kommunestyre 31. mai 2021.

3. Vedtatt

31.05.2021 - 31.12.2030

Alt om planen

Kvifor ein temaplan om landbruk i Stavanger?

Stavanger er ein stor landbrukskommune, med eit aktivt jordbruk, mange husdyr og veksthus fulle av tomater ute på øyane. 

Kva inneheld planen?

Første del av planen beskriv landbruket i kommunen, og moglegheitene hos aktørane i landbruket til å bidra til å løyse klima- og naturkrisa vi står i.

I nokre tilfelle vil landbruket skade naturen, som når sprøytemiddel og næringsstoff går tapt frå åker og eng og havnar i overgjødsla innsjøar. I andre tilfelle tek landbruket vare på vakre og sjeldne landskap, som når sauen beitar kystlyngheia på Rennesøy.

Planen peikar mellom anna på dei store klimagassutsleppa vi får ved dyrking og nedbygging av myr, og ved forbrenning av fossilgass til oppvarming av veksthusa. Ettersom kommunen vår både har eit stort overskot av husdyrgjødsel og mange veksthus å varme opp, er det avgjerande å få realisert eitt eller fleire biogassanlegg i kommunen.

Jordhelse er òg ein viktig del av planen. Vi må ta vare på jordlivet og jordstrukturen for å få gode avlingar, hindre avrenning til vassdrag, og redusere utslepp av lystgass og metan. Slik kan god agronomi gå hand i hand med tiltak for miljøet.

Andre del av planen er handlingsdelen , i tabellform. Her konkretiserer vi kven som har ansvar for å gjennomføre tiltaka, og peikar på korleis dei ulike tiltaka kan finansierast.

Tiltaka i planen skal:

 

Lenke til plan.