PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Sosialtjenester
  3. Bustøtte

Bustøtte

Kort fortalt

  • Bustøtte skal bidra til at personar som har låge inntekter og høge buutgifter kan dekka buutgiftene.

  • Det er to ulike bustøtteordningar: bustøtte frå Husbanken og kommunal bustøtte. 

  • Du må vera registrert i Folkeregisteret på adressa du søker bustøtte for. 

Information in other languages

Bustøtte frå Husbanken

  • Kommunen behandlar søknadar om bustøtte frå Husbanken, og  har all kontakt med deg som søkar. Det er likevel Husbanken som avgjer om du får bustøtte.
  • Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Husbanken betalar ut bustøtta den 20. i månaden etter. 
  • Du finn meir informasjon om bustøtte frå Husbanken på nettsida: husbanken.no.
  • Her kan du søka om bustøtte frå Husbanken. Dersom Husbanken innvilgar søknaden din om bustøtte, blir søknaden overført til neste månad. Du treng ikkje å søka på nytt. Dersom du får avslag fordi du har for høg inntekt ein eller to månadar, blir søknaden din også overført til neste månad automatisk. Du må likevel søka på nytt dersom du får avslag tre månadar på rad.
  • Meld frå om endringar på nettsidene til Husbanken. Du har plikt til å melda frå viss det er endringar i nokre av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt rette opplysningar i vedtaket du får. 

Kommunal bustøtte

  • Dersom du bur i eit kommunalt bufellesskap, hybelhus eller i ein privat omsorgsbustad som er tildelt av kommunen, kan du søka om kommunal bustøtte. 
  • Du kan ikkje få kommunal bustøtte dersom du får sosialhjelp, introduksjonsstønad eller kvalifiseringsstønad. Du kan likevel søka om Husbankens bustøtte (sjå øvst på sida).
  • Inntekta di og buutgiftene dine, og dessutan kva du får i bustøtte frå Husbanken, avgjer om du får kommunal bustøtte. Det er ikkje fast øvre inntektsgrense for kommunal bustøtte. Kor høg inntekt du kan ha varierer etter kor høg buutgift du har. Kommunen bereknar som hovudregel inntekta etter siste tilgjengelege likning.

Du må søka om bustøtte frå Husbanken før du søker om kommunal bustøtte. Søknadsfrist for kommunal bustøtte er 1. kvar månad med utbetaling ca. 20. same månad. Last ned søknadsskjema for kommunal bustøtte.

Du sender søknadsskjemaet til:
Stavanger kommune, Boligkontoret
Postboks 8001
4068 Stavanger

Opningstider - Boligkontoret

Boligkontoret er ope mandag-fredag, klokka 09.00-14.30.

Kontaktinformasjon

Boligkontoret

Besøksadresse:

Løkkeveien 51 4008 Stavanger

Postadresse:

Postboks 8001 4068 Stavanger

Telefon:
51 50 83 00
E-post:
boligkontoret@stavanger.kommune.no