PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Sosialtjenester
  3. Sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp

Kort fortalt

  • Dersom du ikkje kan forsørga deg sjølv kan du ha krav på økonomisk stønad til livsopphald. 
  • Du får hjelp via Nav-kontoret ditt. 

Information in other languages

Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp skal sikra deg hjelp til livsopphald. Med dette siktar ein til pengar til mat, husleige, straum og anna som kan reknast som livsnødvendigheiter. I nokre tilfelle kan garanti eller kommunalt lån vera aktuelt. 

Økonomisk hjelp i ein nødssituasjon

Hjelp i ein nødssituasjon skal dekka heilt nødvendige utgifter for ein kort periode. Døme kan vera pengar til mat, hygieneartiklar og reiseutgifter.

Du kan også søka om støtte til rekningar som du må betala for å hindra at nødvendige tenester som straum eller liknande blir stengde.

Du bør kontakta det lokale Nav-kontoret ditt om du er i ein nødssituasjon.

Søk elektronisk

Du som er folkeregistrert eller har mellombels adresse i Stavanger (registrert på nav.no/dittnav) kan søka økonomisk sosialhjelp elektronisk på www.nav.no

Dersom du har søkt elektronisk, kan du følga behandlinga av di sak digitalt. Du kan sjå når NAV har fått søknaden din, når han er under behandling og når han er ferdigbehandla. Du vil også kunna sjå om saksbehandlar har bede om meir informasjon, informasjon om utbetalingar, og du vil finna vedtaksbrevet ditt. Denne løysinga er framleis under utvikling.   

Vegvisar om sosiale tenester i NAV

På denne lenka finn du Stavanger kommune dei rettleiande satsane sine for økonomisk stønads- sosialhjelp for 2023.

Søknadsskjema for sosialhjelp

Du kan også søka om økonomisk sosialhjelp på papirskjema som du finn her:

Økonomisk sosialhjelp

Klaga på vedtak om sosialhjelp

Du kan klaga på vedtak om sosialhjelp. Det finst ikkje eit eige skjema for å klaga, men det er viktig at du skriv kva i vedtaket du er ueinig i og kvifor.

Klaga skal sendast til Nav-kontoret som har behandla søknaden din. Frist for å senda inn klage er normalt tre veker etter at du har fått vedtaket. Nav-kontoret kan hjelpa deg med å skriva klaga.

Aktivitetstilskot til barn og unge

Ta kontakt med Nav-kontoret ditt dersom du ønskjer å søka aktivitetstilskot.

Stavanger kommune har fem Nav-kontor. 
Telefonnummer: 55 55 33 33

Nav-kontora, med unntak av NAV Rennesøy og Finnøy, er samlokalisert med dei fire helse- og velferdskontora i Stavanger og har felles publikumsmottak.

Kontaktinformasjon: