- Før du grev i offentleg veg må du ha løyve.
- Du må sende inn ei gravemelding for å sikre at straumkablar, telekablar, vass- og avløpsleidningar ikkje blir øydelagde.
Skal du grave i offentleg areal?
Kort fortalt
Information in other languages
Søk løyve før du grev
Du sender søknaden din i nettportalen RoSyweb. Der sender du òg ferdigmelding når arbeidet er utført.
Kvar blir det grave i Stavanger kommune?
Sjå kartet som viser kvar det blir grave i kommunen og kven som utfører arbeidet.
Kor lang er behandlingstida for søknaden?
Saksbehandlingstida er fem vyrkedagar.
Kommunens gravereglement
Gjer deg kjend med reglane som gjeld for graving i eller nær kommunale areal.
Skal du grave innanfor eller i nærleiken av eit kulturminne i Stavanger?
Søknad om inngrep i Stavanger mellomalderby, andre automatisk freda kulturminne, freda kulturminne eller kulturmiljø, under dette Utstein kulturmiljø, Trehusbyen i Stavanger, eller KULA-området på Rennesøy blir sendt til Rogaland fylkeskommune på e-post firmapost@rogfk.no.
Sjølv om tiltaket du planlegg ikkje er i konflikt med eit kjent automatisk freda kulturminne pliktar du ifølgje kulturminnelova § 9 å undersøkje om tiltaket kan verke inn på slike kulturminne. Dette gjer du ved å sende planen for tiltaket til Rogaland fylkeskommune på e-post firmapost@rogfk.no.
For meir informasjon eller spørsmål ta kontakt med Rogaland fylkeskommune:
Rogaland fylkeskommune, seksjon for kulturarv
Postadresse: Pb. 130 sentrum, 4001 Stavanger
Eller besøksadresse: Fylkeshuset, Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4010 Stavanger
Telefon: 51 51 66 00, e-post: firmapost@rogfk.no
For meir informasjon om kulturminne i kommunen sjå her.
Hugs å skaffe kabelkart
Kabelkart for graving må du hente hos kabel og leidningseigarar, som til dømes Lyse og vass- og avløpsavdelinga til kommunen.
Graving i andre areal
Dersom du skal grave i riks- og fylkesveg eller gang- og sykkelveg langs riksveg må du innhentast løyve frå Statens vegvesen. Du kan ringje dei på telefon 02030.
Hugs å sende inn ferdigmelding
Straks gravearbeidet er ferdig skal du skrive ferdigmelding på nettportalen RoSyweb.
Kontaktinformasjon
Jostein Vårlid
Ingeniør/gateforvalter
Vei og Trafikk
- Mobil:
- 948 43 997
- Telefon:
- 51 72 02 43
- E-post:
- jostein.varlid@stavanger.kommune.no
Linda Gangstø
Gateforvalter
Vei og trafikk
- Mobil:
- 924 81 722
- E-post:
- linda.gangsto@stavanger.kommune.no