Varsle om feil på vegar
Varsle om feil på kommunale vegar, torg, friområde, vatn og avløp med meir.
Rogaland fylkeskommune har ansvaret for fylkesvegane i Stavanger. Statens vegvesen har ansvaret for Riks- og stamvegane.
Feiing og reingjering
Kommunen feiar og reingjer om lag 590 km med vegar, sykkelstiar og fortau kvar vår. På eit normalår samlar vi opp rundt 800 tonn strøsand, som vi fraktar til godkjent mottak.
Klipping av vegetasjon langs vegane
Kommunen har ansvar for å klippa vegetasjon som veks langs kommunale vegar, mens Statens vegvesen har ansvaret langs fylkesvegar, riksvegar og europavegar.
Det hender det at kommunen må minnast på at vegetasjonen langs vegar og fortau må klippast. Du kan melda frå om dette på meldingstenesta VOF. Takk for at du seier frå! Gjeld det vegetasjon på privat eigedom, må du melda frå til grunneigaren.
Ansvaret til huseigarane
Huseigarar har ansvar for reinhald, strøing og feiing av fortau. Dei har også ansvar for å halda slukar og ristar ved fortauet frie for lauv og anna avfall. Les meir i politivedtektene for Stavanger, kapittel IV.