32 kulturaktørar fekk stipend
Stavanger kommune har styrkt og fornya stipendordninga. Sjekk kven som fekk stipend i år!
Denne nyhetssaken er mer enn en måned gammel. Innholdet kan derfor være foreldet eller ikke oppdatert.
Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.
Randi Tytingvåg fikk stipend fra Stavanger kommune i 2022. Foto: Johannes W. Berg.
Stavanger kommune deler årleg ut kulturstipend til profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar som ønskjer å perfeksjonera eller vidareutvikla seg, leggja til rette for fagleg fordjuping og ny kunstnarisk produksjon. Stipenda skal vera til inspirasjon og gle for kunstnarar og kulturarbeidarar, og ein stimulans for kulturlivet i byen. Totalt vart det delt ut 1 850 000 kroner i utval for kultur, idrett og innbyggjardialog 1. juni.
– Mange gode kandidatar leverte søknad. For Stavanger kommune har det vore ekstra viktig å støtta kulturlivet no etter pandemien. Dette er ei ordning som viser seg å treffa godt, og som stimulerer til utvikling, breidd og kvalitet i den kunstnariske og kulturelle produksjonen i byen, seier utvalsleiar Bjarne Kvadsheim (Sp).
Arbeidsstipendet skal gå til kunstnarar og kulturarbeidarar som kan visa til særleg høge faglege og kunstnariske kvalifikasjonar. Det kom inn 61 søkjarar til arbeidsstipend, og søkjarane var jamt over høgt kvalifiserte.
Diversestipend skal vera eit bidrag til den kunstnariske verksemda til den enkelte søkjaren. Det kom inn 82 søkjarar på dei 27 stipenda, kvart pålydande kr 50 000. Søkjarane var høgt kvalifiserte.
Stipenda er fordelte på ulike ulike kunst- og kulturområde, for å understreka kvalitet og breidd i kulturfeltet.
– Takk til alle som søkte og gratulerer til alle stipendmottakarar. De gjer kulturbyen Stavanger rikare, seier Kvadsheim.
Blant 61 søkjarar fekk følgjande fem arbeidsstipend på 100 000 kroner:
- Terje Torkildsen, litteratur
- Randi Tytingvåg, musikk
- Iver Findlay, tverrfaglig
- Cecilie Kverneland, scenekunst
- Hans Edward Hammonds, visuell kunst
Blant 82 søkjarar fekk følgjande 27 diversestipend på 50 000 kroner:
- Marie Skretting, tverrestetiske kunstartar/kulturarbeid
- Erik Sele, litteratur
- Henrik Nor-Hansen, litteratur
- Pål Asle Pettersen. musikk
- Frida Feline Nilsen, musikk
- Thore *Warland, musikk
- *Eduardo *Henrique Scaramuzza Tubaldini, musikk
- Espen Eidem, musikk
- Jakob Feldbæk Gusevik Wredstrøm, musikk
- John *Derek Bishop, musikk
- Morten Johan Joh, musikk
- Ann Kristin Sørvåg, musikk
- Fredrik Hana, film
- Marianne Therese Stenerud, scenekunst
- Viljar Kristian Moe, scenekunst
- Marie Kallevig Straume, scenekunst
- Marit Sandsmark, scenekunst
- Ananda Serné, visuell kunst
- Anette Gelein, visuell kunst
- Margrethe Aanestad, visuell kunst
- Camilla Løken Hill, visuell kunst
- Pia Myrvold, visuell kunst
- Espen Birkedal, visuell kunst
- Geir Egil Bergjord, visuell kunst
- Else Leirvik, visuell kunst
- Sandra Vaka Olsen, visuell kunst
- Siri Borge, visuell kunst
Les heile saksinnstillinga til arbeidsstipend og *diversestipend her under politiske saker: Politiske møte - Møter - Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog (01.06.2022) (360online.com)
Bjarne Kvadsheim
Leder av utvalg for kultur, idrett og samfunnsdialog. Se alle verv.
- Mobil:
- 958 98 067
- E-post:
- bjarne.kvadsheim@stavanger.kommune.no
Kristina Ehrenberg-Rasmussen
kultursjef
- Mobil:
- 926 32 538
- E-post:
- kristina.ehrenberg-rasmussen@stavanger.kommune.no
Maren Skoie
rådgiver
Visuell kunst, Stavanger kommunes kunstsamling, kunst i offentlige rom
- Mobil:
- 402 03 354
- Telefon:
- 51 50 71 66
- E-post:
- maren.skoie@stavanger.kommune.no