Aktiv vinnar av årets Hurrapris
17. mai-komiteen har bestemt at Finnøy IL får årets Hurrapris.
Denne nyhetssaken er mer enn en måned gammel. Innholdet kan derfor være foreldet eller ikke oppdatert.
Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.
Dagleg leiar i Finnøy IL, Erik Flesjå Johansen, tok imot prisen. Her saman med leiar av 17. mai-komiteen, Ann Sesilie Tekfeldt og medlem Bjarne Kvadsheim.
Hurraprisen er ein årleg pris til enkeltpersonar, lag eller foreiningar som over tid har vist frivillig samfunnsinnsats. Prisbeløpet er på 15 000 kroner, og det er 17. mai-komiteen som deler han ut kvart år i forkant av feiringa.
– Vinnaren i år er ein organisasjon som aldri har hatt så mange aktive som no. Ein ekte breiddeorganisasjon som er ein bauta i lokalmiljøet. Me gratulerer Finnøy IL med prisen, seier medlem av 17. mai-komiteen, Bjarne Kvadsheim.
Fleiridrettslag
Fleiridrettslaget på Finnøy er ikkje berre eit idrettslag for øya Finnøy, men for barn og ungdomar på alle øyane i Finnøy kommunedel. Idrettslaget legg stor vekt på å vera ein breiddeklubb, og medlemstalet har passert 630 personar. Fotballen har alltid vore den største aktiviteten i klubben, medan turngruppa er ein solid aktivitet nummer to. Klatring, terrengsykkel, volleyball, innebandy og friidrett har vekst.
– Kombinasjonen lokalt næringsliv og dugnadsvilje er ein sikker vinnar på Finnøy, seier Kvadsheim.
Stolt
17. mai-komiteen delte ut prisen i forbindelse med presentasjonen av årets 17. mai-program. Det var en stolt daglig leiar i Finnøy IL, Erik Flesjå Johansen, som tok imot prisen.
– Det å bli sett av kommunen og anerkjent for den jobben me gjer er verd like mykje som pengane. Me er utruleg takksame for prisen, sa Flesjå Johansen, då han fekk prisen av komiteen.
Finnøy idrettslag innvigde eit flunkande nytt klubblokale for tre år sidan og er i dag stolt eigar av både klubbhus, to fotballbanar, og brukar av den kommunale fotball- og friidrettsbanen på Finnøy skule.
Bente Grønnum
- Sekretær for 17. mai-utvalget
- Sekretær for Stavanger formannskap
- Sekretær for Kommunalutvalget
- Mobil:
- 977 91 604
- Telefon:
- 51 50 75 91
- E-post:
- bente.gronnum@stavanger.kommune.no